Utskriftsvennlig versjon Del på Facebook

På Klimacamp i klimapark


Eit stykke nedanfor Galhøpiggen sto lavvo-leiren, og nysnøen låg som eit melisdryss over fjella. Temperaturen låg på nokre få plussgrader, og ein reinsdyrflokk beita fredeleg langs vegen. Dette var scenen for eit prosjekt arrangert av Natur og Ungdom og Ungdommens fylkesting i Oppland i midten av august. Saman med ei grupppe unge polakkar drog dei på Klimacamp for å kjempe for ein meir klimavennleg politikk.



Sjå og synleggjere konsekvensane av klimaendringane

Irja Frydenlund
Irja Frydenlund frå Natur og Ungdom
-Gjennom klimacampen skal vi kartleggje korleis ungdom arbeider med klimapolitikk i ulike land, fortel leiar i Nasjonalparkriket Natur og Ungdom, Irja Frydenlund (18). -Vi skal lære om klimaendringar og sjølv få ta del i klimaforskinga her i klimaparken, mellom anna ved å ta målinger av temperaturen i permafrosten.


Arkeolog Espen Finstad fortel at breane i Jotunheimen er i ferd med å trekkje seg tilbake. For eit par år sidan smelta bokstaveleg tala ein 3400 år gammal sko ut av isen, og det er også gjort mange andre oppsiktsvekkjande funn. Dette vart utgangspunktet for Klimapark 2469, der eit av måla er å synleggjere konsekvensane av klimaendringane. Når parken blir åpna, er tanken at dei besøkjande skal delta i forskinga som vert gjort her.

 

Påverke politikarane
Men deltakarane i prosjektet skal ikkje berre lære. Dei skal også drive aktivt påverknadsarbeid. Ungdommane skal fungere som ei referansegruppe til Klimapark 2469, og gi innspel til korleis parken best kan utviklast i forhold til det ungdom treng og liker.  Irja fortel at ungdommane i prosjektet har eit godt samarbeid med Oppland Fylkeskommune og leiinga av klimaparken, som også er aktive støttespelarar i gjennomføringa av klimacampen.


Ei av initiativtakarane til prosjektet, Greta Juul i Oppland fylkeksommune, seier at det er viktig for fylkeskommunen å ta ungdom med når dei skal ta avgjerdsler i tilknytning til klima og miljø. -Det er dei som er framtida, og det er difor viktig å lytte til kva dei meiner.


Dei valde å knytte tematikken omkring klimaendringar til eit Demokratiprosjekt, fordi ungdommane sjølv meiner at dei har mykje å bidra med i forhold til denne tematikken. Dei meiner at voksne har vanskar med å innsjå alvoret og å handle, og at dei kan spele ei viktig rolle ved å påverke politikarane.

 

Klimacamp i JotunheimenKlimacampen vart lagt til samme tid som åpninga av Breheimen nasjonalpark, der mange politikarar både på lokalt, regional og nasjonalt nivå deltok. På den måten fekk dei til å organisere eit møte med miljøverrnminister Erik Solheim som ein del av programmet for campen. Klimacampen vart lagt til samme tid som åpninga av Breheimen nasjonalpark, der mange politikarar både på lokalt, regional og nasjonalt nivå deltok. På den måten fekk dei til å organisere eit møte med miljøverrnminister Erik Solheim som ein del av programmet for campen. Ein av aktivitetane på campen var å førebu og å halde klimapolitisk appell med ministeren på tilhøyrarbenken.

 

Irja er spent på korleis Solheim kjem til å reagere, men meiner uansett at prosjekt som dette er viktige. -For at ungdom skal kunne få gjennomslag for meiningane sine, må vi ha kunnskap om demokratiske spelereglar og prosessar. Det får vi gjennom prosjekt som dette.

Bakgrunnsinformasjon:

 

Demokratiprosjekt
Dette prosjektet fekk støtte som eit Demokratiprosjekt, som har til målsetjing å styrke ungdoms deltaking i demokratiske prosessar.


Kva er Klimapark 2469?
Ein arena for formidling, forsking og verdiskaping knytta til klimaendringar, kulturminner og høgfjellsnatur. Parken skal opprettast i området ved Juvasshytta og Galdhøpiggen (som er 2469 meter høg, jf navnet på parken!). Mange arkeologiske funn har blitt gjort i dette området, fordi breisen har trukke seg tilbake. Barn og unge er hovudmålgruppe for parken.





Les også om
Opplandsungdom til Polen for å diskutere klima
På Klimacamp i klimapark
Ungdommer stiller miljøkrav i internasjonalt samarbeid


Aktiv Ungdom 20 år

Den Europeiske Ungdomsportalen
Eurodesk-logo

Følg Aktiv Ungdom på #aktivungdom




RSS Hold deg oppdatert
med RSS