Reisebrev frå Ungarn
Siste oppdatering frå Audun i austre Ungarn, som no ærleg tala ikkje lenger er i austre Ungarn. Siste nytt inkluderar reising i hytt og pine, eit par tjuveri og nye romkameratar.
Kall meg gjerne naiv, men når eg møter ein kar ein til to gongar i veka på ungdomsklubben der eg jobbar, so forventar eg ærleg tala ikkje at han skal stikke av med mobilen min berre for å selje han på næraste pub. Eg vart overraska, for å seie det slik. Spørst berre om han vart like overraska neste gong han kom til inngongsdøra til ungdomsklubben der han fann eit bilete av seg sjølv med fullt namn, og underteksten " tjuv!". Ingen på senteret har i alle høve sett han kome inn sidan.
Den neste triste hendinga eg gjerne vil fortelje om var då eg gløymde att lommeboka mi i ein pirattaxi i utkants-Slovakia ein sein laurdagskveld. Ja.. eg fekk vel i grunnen sagt alt i den fyrste setninga. Lite meir å fortelje om den saka. Utruleg nok vart lommeboka returnert få dagar seinare, takka vere det faktum at eg er for sløv til å flytte lappar med adresser på ut av lommeboka og inn i til dømes ei adressebok. Rett nok var nærare sytten tusen forint borte vekk, men eg fekk i det minste attende coop-medlemskortet mitt.
Biltur
Påskedagane tilbragte eg i Kroatia saman med andre voluntørar og ei høgst malplassert mor. Etter lengre tids planlegging kom vi fram til at det billigaste alternativet ville vere å leige ein minibuss. Kvifor ei av dei andre voluntørane absolutt ville ha med seg mor si på opplevinga skjøna aldri vi andre, og etter kvart ikkje ho heller.

Ei kroatisk parkeringsbot

Ein snodig plass
Bading

Bading
Siste samling

Vinsmaking
Elles nytta vi ein del tid på å vitje andre voluntørar sine prosjekt, og vi skjøna fort at det kunne vere svært stor forskjell på to prosjekt. Medan somme tilbragte fire timar dagleg i ein barnehage, der dei tok oppvasken og leika med born, hadde andre prosjekt der dei jobba sju til åtte timar dagleg på sjukehus eller eldresenter, med meir eller mindre alt det innebar.

Plitvicka Jezera

Vårblomar
Etter Pécs reiste eg attende til Debrecen, der ein overfolka bustad venta meg. Som eg tidlegare har nemnt er vi fem personar på to soverom, pluss bad og kjøkken. Det var før. Den siste månaden vakna nærare åtte hundre kakkerlakkar frå vinterdvalen og fann ut at dei óg ville flytte inn. Dei bur rett nok meir på og i veggane, enn på golvet der vi bur, men dei stinkar, og ikkje ein av dei har fram til no betalt ein einaste forint i husleige.
---
Dette var siste nyhetsbrev frå meg, ettersom prosjektet mitt enda fjortande april med ein stor kake- og brusfest på ungdomsklubben min. Siste månaden levde eg på sparepengar og andre voluntørar sin godvilje, der eg flaksa frå sofa til sofa mellom forskjellige voluntørbustadar rundt omkring i landet.
Alt i alt har eg hatt eit fantastisk år i Ungarn, og har ikkje angra eit sekund på at eg reiste ut som EVS-voluntør. ( Eg skal innrømme at eg var i tvil om kva eg dreiv på med under innflyging til Ferihegy fyrste dagen, men kjensla slapp meg same stunda eg sette fot på ungarsk jord. )
Før eg reiste til Ungarn kunne mine kunnskapar om landet listast slik:
1. Ungarn ligg i aust-Europa ein stad.
2. Hovudstaden er ein by som heiter Budapest.
3. Språket er utruleg vanskeleg.
Eg kan no korrigere meg sjølv, og fortelje at:
1. Ungarn ligg i Sentral-Europa, i alle høve om du talar med ein ungarar. Aust-Europa er Romania, Ukraina, og andre land som høyrer heime i ein heilt anna kategori enn Magyarország.
2. Hovudstaden er to byar, Buda og Pest, der sistnemnde er hovudstad. Ein ungarar som reiser til Budapest seier han skal til Pest, ikkje Buda eller Budapest.
3. Språket er utruleg vanskeleg.
Om nokon lurer på noko meir, anten om evs, ungarn eller kakkerlakkar er det berre å sende meg ein straumpost på kong_audun alfakrøll c2i.net
Heilt til sist kan eg nemne at alt tyder på at eg er biten av voluntør-basillen, for eg reiser vidare austover i august. Då skal eg jobbe som engelsklærar i Ningxia-provinsen i Kina, eitt år.
Takk for meg!
- Audun, ikkje lenger i austre Ungarn
Les også om
Ungdomsinitiativ fikk internasjonal pris
Reis og lær!



