Partnerannonser
Her finner du mulige samarbeidspartnere til å gjennomføre et Aktiv Ungdom-prosjekt
Dersom du ikke finner en interessant partner under, kan du også forsøke på disse nettsidene:
Youth Networks, Youth for Europe eller Euro-Med Youth Platform (denne er for samarbeid med landene rundt middelhavet).
Du kan også sende inn ditt eget partnersøk, som vi formidler til de nasjonale kontorene i de landene dere ønsker å finne partnere:
Annonsene slettes etter 6 måneder.
FRANKRIKE
Er du interessert i hip-hop og samtidsdans? Adsyka Productions inviterer dansarar med erfaring frå hip-hop og samtidsdans mellom 18-25 år til å delta på en multilateral gruppeutveksling i Cergy i Frankrike. Gruppeutvekslinga er planlagt å vere 2-delt; med workshops, innføring i historie og verdiar i april/mai og deltaking på "100 contests" festival i juni.
TYSKLAND
"Berliner Jugend Fabrik" inviterer EVS organisasjonar til etablering av partnersamarbeid i Berlin i mai 2011 gjennom delprogram 4.3. Partnersamarbeidet skal diskutere korleis EVS programmet fungerer idag i dei og korleis ein kan skape partnersamarbeid i framtida.
POLEN
Eit trenings- og utdanningssenter i Szczawnica vil vere sendarorganisasjon i ei bilateral gruppeutveksling. Senteret har fokus på utdanning, rehabilitering og utdanning av ungdom med færre muligheter. Ungdommane som vil delta i gruppeutvekslinga er 8 gutar og 10 jenter. Dei er interesserte i pop og teknomusikk, sport, foto og har lyst å møte nye mennesker og nye kulturar. Temaet for utvekslinga kan vere kultur, historie, økologi, sport, teater, diskriminering og framandfrykt. Språk: engelsk, tysk og russisk
POLEN
Ein vidaregåande yrkesskule i Polen, ønskjer å vere vert- eller sendarorganisasjon i ei bilateral gruppeutveksling. Dei søkjer ungdom mellom 16-21 år som kan tenkje seg å fokusere på historie og tradisjonar frå sin region gjennom ikkje-formell læring. Temaet skal vere "i spora til forfedrene våre".
Tal på deltakarane: 10 (5 gutar og 5 jenter).
Tid for utvekslinga: juni 2011.
POLEN
Ei uformell gruppe som kallar seg "The Besciaki" ønskjer å vere vertskap for ei bilateral utveksling. Gruppa består av seks gutar og seks jenter frå 15-18 år. Dei er interessert i sport, musikk, spel og teater. Ungdommane kjem frå byen Krasnik i Polen, og ønskjer at utvekslinga skal føregå i mai eller juni 2011.
POLEN
Ein ungdomsskule i Dzierzoniow i Polen ønskjer å komme i kontakt med liknande organisasjonar for å lage ei bilateral utveksling. I denne utvekslinga ønskjer dei å fokusere på historie, kultur, tradisjon, språk, miljøvern og/eller integrering av personar med funksjonsnedsettingar.
Deltakarar: 6 jenter og 6 gutar mellom 13-16 år.
Språk: Engelsk og/eller tysk.
Tid for utvekslinga: mai eller juni
POLEN
"St.Maksymilian Maria Kolbe Middle School" har 30 elevar som gjerne vil delta på ei gruppeutveksling våren 2011 eller hausten 2011. Skulen ligg i Blonie 27km vest for Warsawa i Polen og elevane er frå 13-16 år gamle. Tema for utvekslinga kan vere: "forståinga av kunst", "gjennom Europa med kamera" eller "fellesskap i Europa på tvers av landegrenser". Språket for utvekslinga er engelsk.
ROMANIA
CEMO frå Romania har fått støtte til eit Aktiv Ungdom prosjekt under delprogram 4.5, men søkjer fleire samarbeidorganisasjonar frå andre land til prosjektet. Organisasjonen jobbar for aktivt medborgarskap og fokuserer på utdanning for ungdom og livslang læring. Gjennom delprogram 4.5 har dei utvikla eit seminar "E-volve and get involved" der målet er å utvikle mediakompentanse blandt ungdom for større ungdomsdeltaking. Er dette interessant delta på for din organisasjon?
SPANIA
"S.J.K. Somos jóvenes kapaces" frå byen Sevilla, består av unge rullestolbrukarar som ønskjer å vere vertskap for ei trilateral gruppeutveksling. Temaet er kunst og kultur.
SPANIA
CMCCB er ei gruppe på 6 ungdommar mellom 13-17 år. Dei ønskjer å vere vertskap for ei bilateral gruppeutveksling. Temaet skal vere kunst og kultur.
SPANIA
Ei uformell gruppe studentar frå bydelen San Juan de Aznalfarache i Sevilla, ønskjer å vere vertskap for ei bilateral gruppeutveksling. Medlemmane i gruppa er 4 jenter og fire gutar frå 17-25 år. Dei er interessert i forskjellige aktivitetar for eksempel sport, teater og kulturelle aktivitetar. Og dei vil at temaet for utvekslinga skal vere kunst og kultur.
BELGIA
BRAVVO ASBL vart etablert i 2004 og jobbar for å samordne Brussel sin førebyggingspolitikk, betre sikkerheten i urbane strøk og kjempe mot sosial eksludering. No vil dei engasjere seg på internasjonalt nivå og søkjer partnar til ei bilateral gruppeutveksling. Målgruppa er sosialt marginalisert ungdom som bur i svært tettbygde strøk. Gruppa bør vere samansett av jenter og gutar med forskjellig etnisk bakgrunn fra 14 - 18 år. Tema for utvekslinga er europeisk medborgarskap og ideen er at ein under utvekslinga skal utvikle ei guidebok for ungdom. BRAVVO ASBL ønskjer først å vere sendarorganisasjon sommaren 2011, og deretter invitere partnerorganisasjonen på gjenbesøk i Brussel sommaren 2012.
POLEN
"ECHO" er ein polsk organisasjon for barn med hørselsproblem, som ønskjer deltakarar til seminaret " Partnership/ Communication in the future". Målgruppa for seminaret er representantar for frivillige organisasjonar, ungdomsleiarar, skular, dei som jobbar med eller har lyst å jobbe med døve ungdommar, i tillegg til ungdom med nedsett hørsel. Målet med dette møtet er at deltakarane skal komme med idear til forskjellige Aktiv Ungdom prosjekt og danne eit grunnlag for vidare samarbeid. Seminaret kjem til å føregå på engelsk og teiknspråk, og er planlagt 18. - 23. januar 2011 i Warsawa i Polen.
ER DU INTERESSERT I UNGDOMSINFORMASJON?
GE SOCIAL er ein organisasjon som vil ha kontakt med offentlege institusjonar, frivillige organisasjonar eller interesseorganisasjonar som jobbar med ungdomsprogram for å utvikle eit felles prosjekt.
PORTUGAL
Ein offentleg skule i Porto i Nord - Portugal er interessert i å kome i kontakt med andre skular eller liknande organisasjonar for å lage eit Aktiv Ungdom-prosjekt. Elevane på skulen er frå 13 - 16 år. Skulen har ein "Europeisk klubb", og har organisert fleire europeiske prosjekt tidlegare.
Publisert 16.07 2010
SPANIA
"Ungdomskontoret for mobilitet" i Vitoria-Gasteiz, er interessert i å lage ei multilateral gruppeutveksling, der temaet er minoritetar. Dei søkjer grupper av ungdommar mellom 18-25 år. Gruppeutvekslinga skal føregå i Spania.
SPANIA
Byrådet i Marinaleda vil vere vertskap for ei bilateral gruppeutveksling. Dei søkjer ei gruppe med 10 ungdommar mellom 15-17 til å delta på dette. Temaet for utvekslinga er utdanning gjennom idrett og friluftsliv.
SPANIA
ADSUR er ein organisasjon som jobbar for å fremme samfunnsdeltaking for alle og utvikling av sosioøkonomiske forhold i Sierra Sur. Dette gjer dei ved å gje informasjon og råd til grunderverksemder, lærer opp grupper som er innvolvert i utvikling av nærmiljløet og organiserer aktivitetar for ungdom som fremmer sport og helse. No vil dei vere vertskap for ei multilateral gruppeutveksing, og dei søker grupper på 20 ungdommar mellom 18-25 år.
SPANIA
Gruppa "Reto por Europa" ønskjer å vere vertskap for ei gruppeutveksling i Spania.
Temaet skal vere kunst og kultur. Grupper som vil delta på utvekslinga, må bestå av 5 ungdommar mellom 18 - 25år. Gruppeutvekslinga skal føregå i Bellavista og Sevilla i Andalucia i Spania.
Publisert 14.07 2010
FRANKRIKE
Er du interessert i film, lyd og data? Gruppa "Culture et Cinema" frå Marseille i Frankrike, hadde ein norsk partnerorganisasjon som dessverre måtte trekke seg frå ei bilateral gruppeutveksling. Difor søkjer dei no ny norsk partnar til gruppeutveksling 23. oktober - 4. november 2010. Tema for utvekslinga kan vere historie knytta til oppfinning av kinoen, Buster Keaton, stumfilm og kortfilmar frå 1920.
Alder: 18 - 25 år
Publisert 14.06.2010
IRLAND
"Talk about youths" er eit prosjekt i Dublin i Irland, som ser etter partnarorganisasjon til ei gruppeutveksling. Gruppa har 13 medlemmar frå 13 - 16 år, og har delteke på fleire utvekslingar tidlegare. Nokre av aktivitetane i gruppa er dans, drama, foto, symjing, utandørsaktivitetar, seksualundervisning, medvit rundt rusproblem og mykje moro. Dei foreslår at tema for gruppeutvekslinga kan vere; "ungdomsdeltaking", "korleis sosiale problem påverkar unge menneske" eller "korleis fattigdom påverkar unge menneske og samfunnet dei lever i". Høyres dette interessant ut?
BELGIA
Dei to organisasjonane "Chicago" og "A Place to live" frå Brussel, har danna gruppa D`Broej. Denne gruppa består av 15 ungdommar mellom 13 - 16 år. Dei ønskjer å kome i kontakt med norske ungdommar for å bli kjend med andre kulturar, livssyn og øve seg i engslsk. D`Broej kan først tenkje seg å reise på gruppeutveksling til Noreg november eller mars og deretter invitere den norske gruppa til Brussel. Tema for utvekslinga kan vere kunst, kultur og sport.
Publisert 27.05.10
SPANIA
"Mancomunidad Intermunicipal De La Vera", er eit interkommunalt organ, ansvarleg blant anna for kultur og ungdom i regionen Extremadura i Spania. Dei vil gjerne vere vertskap for ei gruppeutveksling der temaet er utdanning gjennom sport og friluftsliv. Dei ønskjer 15 deltakarar mellom 16 - 25 år. Målet med utvekslinga er å få kjennskap til kulturar, tradisjonar og utendørsaktivitetar frå forskjellige land.
Publisert 19.05
SPANIA Seks gutar og fire jenter frå organisasjonen "Ascociacion Xorrecer" ønskjer å lage ei bilateral gruppeutveksling. Tema skal vere utdanning gjennom idrett og friluftsliv. Deltakarane må vere mellom 18 - 25 år.
Publisert 19.05
ITALIA
"Gettini di vitalba" i sør-Italia ønskjer å samle jenter og gutar mellom 15-20 år til ei gruppeutveksling i Italia. Temaet for utvekslinga er kunst og kultur, og sosial inkludering. Ungdommane som deltek skal gjennom ulike aktivitetar få oppdage sin eigen kultur, studere mytologisk historie, og vere med på å reprodusere oldtidsobjekt som leirvasar og handlaga stoff.
Antal deltakarar pr gruppe: 4-6 stykker + ein leiar dersom ungdommane er under 18 år.
Publisert 18.05
LITAUEN
Gruppa Nowa Faula (New Wave) frå Litauen søkjer partnerorganisasjon til gruppeutveksling. Gruppa består av jenter og gutar frå 15 -30 år som er interessert i sosialt arbeid, økologi, sport, musikk og reise.
Publisert 18.05
FRANKRIKE
ARMADA France søkjer grupper fra to land som kan delta på ei gruppeutveksling. Gruppeutvekslinga vil føregå i Marseille 10. - 17. oktober 2010. Gruppene skal bestå av ein leiar og 4 ungdommar som har erfaring/interesse i motedesign, som kan male, danse, stå modell, eller hjelpe til med musikk, lyd eller lys. Gruppene skal jobbe med å analysere miljøspørsmål, korleis vi tek vare på planeten vår og bærekraftig utvikling. Målet er å samle unge kreative sjeler til å jobbe og skape ein felles presentasjon som representerer ulike synspunkt på eit to dagars kulturarrangement i Marseille . Høyres dette kjekt ut?
Publisert 11.05.2010
SPANIA
"Instituto Andaluz de juventud" ønskjer å ha ei trilateral gruppeutveksling. Gruppa held til i Granada og er interessert i å utveksle songar og dansar som er typiske for Spania. Dette varierer frå flamenko- synging til guatari-dansesteg. Tema for utvekslinga skal vere kunst og kultur.
Publisert 19.04.2010
SPANIA
Bur de på ei øy? På Tenerife bur 15 ungdommar som er med i "Grupo de Jovenes de Isora". Dei ønskjer å komme i kontakt med andre grupper (gjerne frå øysamfunn) for utveksling sommaren eller hausten 2010. Dei er interessert i andre kulturar, andre livsformer og vil vite korleis det er å vere ung i andre europeiske land. Tema for utvekslinga er kunst og kultur. Antal deltakarar: 15.
Publisert 19.04.2010
ITALIA
I byen Palermo på Sicilia held organisasjonen "I Raggazzi del Centro tau - onlus" til. Dei jobbar for at ungdom frå problemområder i byen, mellom 12 - 30, skal få eit sosialt og kulturelt tilbod. Dei ønskjer å lage ei trilateral eller multilateral utveksling med kunst og kultur som tema. Utvekslinga skal føregå i tidsrommet juni - oktober. Og deltakarane skal være frå 16 - 30 år. Antal deltakarar: ca 10.
Publisert 16.04.2010
TSJEKKIA
Er de glade i å danse? Dansegruppa "Dancing group Sollanc" dansar både klassisk, latin, og hip hop. Gruppa består av jenter og gutar mellom 13 -25 år. Dei har lyst å lage ei gruppeutveksling med andre dansegrupper med 6-10 deltakarar. Tema skal vere "Dance for Europe" og dei ser for seg ei utveksling som varer i 7 - 10 dagar.
Publisert 16.04.10
POLEN
I Lublina er ei gruppe ungdommar svært interessert i å promotere den nasjonale historia i regionen dei bur. Dei besøkjer gamle kyrkjer, slott og historiske museum, og bur i nærleiken av historiske byar som Sandomiers City, Kazimiers Dolny city. Gruppa er interessert i å gjere ei gruppeutveksling i september 2010.
Publisert 16.04.2010
LATVIA
Organisasjonen "ARS" er ein klubb for unge og kreative menneske, som har eksistert i meir enn 20 år. Dei søkjer ungdom som er interessert i å skrive dikt, lage musikk, teikne og designe til ei multilateral utveksling om kunst og kultur. Dei kan tenkje seg å vere vertsorganisasjon i gruppeutvekslinga og ønskjer deltakarar mellom 16-25 år.
Publisert 16.04.2010
ITALIA
Tre kommunar på Sardinia har gått saman for å lage ei gruppeutveksling for ungdom i alderen 13 - 25 år. Dei er interessert i å både vere vertsorganisasjon og sendarorganisasjon. Forslag til tema for utvekslinga er kunst, kultur, tradisjonar eller sosial velferd. Målet for utvekslinga er å auke ungdomsdeltakinga i desse kommunane, skape bevissthet rundt ulike sosiale verklegheiter og lære frå kvarandre.
LATVIA
Organisasjonen "Homoecos" er ein miljøvernorganisasjon, som har mål å utvikle miljøvennlege livsstilar og aktivitetar som verken skadar menneske eller miljø. Dei søkjer samarbeidspartnar til ei gruppeutveksling, med tema som miljøvern, natur, bærekraftig livsstil, alternative energikjelder, alternativ transport, og miljøutdanning. Alder på deltakarar i utvekslinga er ungdom frå 16 -22 år. Høyrast dette interessant ut?
TSJEKKIA "Young game keepers" består av gutar og jenter frå 15-22 år som er interessert i miljøvern. Dei søkjer liknande grupper til gruppeutveksling i Tsjekkia frå september 2010.
Antal deltakarar: 10-15
Tema: økologi, miljøvern
Publisert 14.04 2010
FINLAND
4H Haapavesi frå området Nord-Osthrobotnia i Finland, søkjer vertsorganisasjon for gruppeuveksling hausten 2010. Gruppa består av 25-30 deltakarar mellom 14-17, mesteparten av dei er jenter. Dei ønskjer å jobbe med tema som miljøvern, utdanning gjennom sport og utandørsaktivitetar eller kunst og kultur.
Publisert 14.04.2010
IRLAND
Limerick Youth Service tilbyr utdanning og ferdighetsbasert læring til ungdommar i Limerick i Irland. Dei søkjer partner i ei gruppeutveksling, som skal føregå i september/Oktober. Krav til gruppa er at den skal ha mellom 8-12 deltakarar, og bestå av jenter og gutar mellom 18 - 25 år. Temaet for utvekslinga er "Beyond boarders"
Publisert 14.04.2010
BELGIA
"De Lochtink" er ein møteplass for ungdommar mellom 16-26 år. Her blir det organisert konsertar, forskjellige arrangement og workshops av ungdommar og for ungdommar. No vil ungdomssenteret organisere ei gruppeutveksling i august 2010, saman med ein liknande organisasjon. Dei tenkjer seg at den 7-10 dagar lange utvekslinga skal innehalde blant anna; by-rebus for å oppdage andre subkulturar, workshop om fritidsaktivitetar, diskusjon om moderne kommunikasjonsmiddel (t.d facebook) og besøk til andre fritidsklubbar. Målet er å auke kompetansen på ungdomssenteret og bli kjent med andre kulturar. Språk: engelsk, fransk og tysk.
Publisert 15.03.2010
LATVIA
Futbola Centrs LLU søkjer grupper på 6-10 personar mellom 14-18 år til å delta i ei multilateral gruppeutveksling sommaren 2010. Tema for utvekslinga kan vere fotball, sunn livsstil, og korleis vi brukar fritida vår.
Publisert 12.03.2010
LATVIA
"Latvian foster family society" vart etablert i 1994, og er ein organisasjon som gjev finansiell og moralsk støtte til fosterfamiliar, i tillegg til å arrangere sosiale aktivitetar for barn og unge i desse familiane. No ønskjer dei å kome i kontakt med liknande organisasjonar i andre land for å samarbeide om ei gruppeutveksling. Tema for utvekslinga kan vere naturopplevingar, foto, filmskaping, kulturell forståing, sport, musikk og tradisjonar. Målgruppa er ungdom med færre muligheter mellom 13-30 år.
Publisert 12.03.2010
BELGIA
Er du interessert i miljøvern? Organisasjonen "Coala" i Belgia ønskjer å arrangere ei multilateral utveksling i Belgia, 1.-10 september 2010. Gjennom debattar, eskursjonar, spel og andre aktivitetar, skal deltakarane få lære meir om miljø og kva som kan gjerast for å unngå at jordkloden blir svekka av våre handlingar.
Alder: 17-22 år
Antal: 5 frå kvar gruppe
Språk: Engelsk
Publisert 12.03.10
ITALIA
Organisasjonen "Pro Loco Appolsa" planlegger å gjennomføre ei gruppeutveksling i september 2010. Dei ønskjer å vere vertskap for ei gruppe ungdommar mellom 16-25 år, og jobbe med tema som: media og kommunikasjon, sosial inkludering, lokale tradisjonar eller bærekraftig utvikling. Antal deltakarar er 25 stykker.
Publisert 12.03.10
TYRKIA
Ei ungdommsgruppe i Tyrkia søkjer ungdomsgruppe til ei trilateral utveksling saman med ei gruppe i Sverige. Deltakarane bør vere mellom 16 - 20 år og utvekslinga skal føregå i Tyrkia i juli. Dei er sjølve 15 ungdommar (8 jenter og 7 gutar) i alderen 16-20 år, og dei vil at hovudtema for utvekslinga skal vere migrasjon.
Publisert 10.03.10
TYRKIA
Kva: Gruppeutveksling med Karaman Youth Center
Kor: Tyrkia eller Noreg
For kven: 13-19 år, ungdomsklubb/senter
Tidspunkt: Ikkje fastsett
Frist: Ikkje fastsett
MERK: Det er mogeleg å søkja om støtte til ei planleggingshelg i delprogrammet 4.3. Dette kan ein nytta til å verta kjend med ein eventuell ny partnar.
ROMANIA
Kva: Gruppeutveksling med ”Butterflies” frå Romania
Kor: Dei vil gjerne reisa ut
For kven: Grupper som er interesserte i vera vertskap i 12-14 dagar (alder 13-25)
Tidspunkt: Ikkje fastsett
Frist: Ikkje fastsett
MERK: Det er mogeleg å søkja om støtte til ei planleggingshelg i delprogrammet 4.3. Dette kan ein nytta til å verta kjend med ein eventuell partnar.
|