Partnersøk
OTLAS er en søkemotor for de som ønsker å finne prosjektpartner(e) til et Aktiv Ungdom-prosjekt.
Her kan du søke etter og/eller registrere din egen organisasjon og hva slags prosjektpartner(e) dere ønsker å komme i kontakt med. Dersom du ikke finner en interessant partner på Otlas, kan du også forsøke på disse nettsidene:
Youth Networks, Youth for Europe eller Euro-Med Youth Platform (denne er for samarbeid med landene rundt middelhavet).
Denne siden med partnerannonser vil ikke lenger oppdateres, men det er fortsatt mulig å kontakte de som allerede er publisert nedenfor.
Annonsene slettes etter 6 måneder.
ROMANIA
Eit vertsprosjekt i Romania søkjer volontør frå august 2011 -juli 2012. Arbeidsoppgåver for volontøren er å arbeide med barn på barnesenter, der ein får moglegheit til å vere med å utvikle sosiopedagogiske planar for barna. I tillegg får volontøren tilbod om å vere med på ulike prosjekt for tenåringar for å promotere deltaking i europeiske utvekslingsprogram, setje fokus på frivillig arbeid og fremme interkulturell læring. Ta kontakt snarast.
|
| Les meir her |
Publisert 19.01. 2011
POLEN
Nisko er ein by i Polen med cirka 20 000 innbyggarar. Her bur gruppa "Open your mind", som består av ti gutar og ti jenter mellom 14-15 år. Dei er interessert i kunst, literatur, drama og teater. No vil dei besøke andre ungdomsgrupper i Europa som deler dei same interessene, og søkjer derfor ein partnerorganisasjon til ei bilateral gruppeutveksling. Temaet for utvekslinga kan vere: litteratur, drama og teater. Utvekslinga må føregå i juni 2011 eller september 2011.
|
| Ta kontakt her |
Publisert 10.01 2010
FRANKRIKE
Ein ungdomsklubb frå Meung sur Loire i Frankrike, vil gjerne vere sendarorganisasjon i ei gruppeutveksling sommaren 2011 eller sommaren 2012.
Tema: biologisk mangfold eller miljøvern.
Språk: fransk eller engelsk
Alder: 13-17 år
ITALIA
"A ruota libera Onlus" jobbar med utdanning og inkludering av ungdommar med ulike funksjonsnedsettingar. No vil ei gruppe frivillige som jobbar i organisasjonen, lage ei multilateral gruppeutveksling som inkluderar aktivitetar som dei har jobba med i organisasjonen. Dette er blant anna; sykkelreparasjon, eselriding, jobbe i kjøkkenhagar, og lage ost og pizza.
Tema for utvekslinga; utandørsaktivitetar.
Tid for utvekslinga; 5 - 17. september 2011
Alder: 16-26 år
|
| Les meir her |
POLEN
Ei gruppe studentar frå ein kunstnarskule i Polen, ønskjer partnerorganisasjon til ei bilateral gruppeutveksling i juni 2011 eller september 2011. Alder på deltakarane er 15-17 år. Tema for utvekslinga kan vere: tradisjonsmat, oldtidskunst og kultur, kle eller folkemusikk.
|
| Her finn du meir informasjon |
POLEN
Ei gruppe kreative elevar frå ein journalistklubb på Junior High School No. 1 i Leczna, ønskjer å delta på ei bilateral gruppeutveksling iløpet av skuleåra 2010/ 2011 eller 2011/2012. Gruppa består av 5 jenter og 5 gutar frå 13-16 år, som likar å skrive artiklar, rapportar, anmeldelsar, intervju og spørjeundersøkingar. Dei er også ansvarlege for å gje ut skuleavisa 'Puls Jedynki'. Tema for utvekslinga skal vere journalistikk.
|
| Ta kontakt her |
FRANKRIKE
Eit ungdomssenter i Oustreham ønskjer å kome i kontakt med partnerorganisasjonar til ei bilateral eller trilateral gruppeutveksling. Organisasjonen har allereie vore vertskap for eit multilateralt gruppeprosjekt i juli 2010, og ønskjer no å vere senderorganisasjon.
Tema for utvekslinga: Kunst, kultur eller miljøvern
Alder: 13 - 17 år
|
| Meir informasjon om prosjektet på fransk |
TYRKIA
Ein ungdomsklubb frå Izmit/kocaeli i Tyrkia, som er spesielt interessert i reise og turisme, ønskjer å finne ein partnerorganisasjon til gruppeutveksling. Medlemmane i klubben er gutar og jenter mellom 15-18 år.
Hugs at dersom Tyrkia skal vere partner i gruppeutveksling, må ein også ha med ein partnerorganisasjon frå eit EU-land.
TSJEKKIA
”Rullestolstudentane” er ei gruppe fysisk handikappa studentar mellom 15 – 30 år frå Trutnov i Tsjekkia. Dei ønskjer å kome i kontakt med andre grupper frå spesialskular, for å lage ei gruppeutveksling. Språk: Engelsk
|
| Her er kontaktinformasjon |



