Finn partnar til utveksling, Nederland, 25. - 29. mai 2009
Kurset Catch rettar seg mot dei som jobbar med utsett ungdom i byar og bynære område. Her kan du møte partnerar og lære meir om korleis ein planlegg og gjennomfører ei ungdomsutveksling. Søknadsfrist 3. mai 2009.
Om du til dømes er knytta til utekontakten eller barnevernet, kan dette kurset vere ei god innføring i korleis ein kan nytte seg av Aktiv ungdom-prosjekt i arbeidet med ungdommane.
I løpet av kurset har deltakarane
- møtt 39 mogelege partnerar for utveksling frå heile Europa
- utforska mogelegheita for å planleggje eit prosjekt med nokre av desse
- utveksla informasjon og erfaring mellom organisasjonane
- fått tid til å gå i gang og planleggje eit framtidig prosjekt
- lært om ulike sider av eit Aktiv ungdom-prosjekt (til dømes korleis leggje opp programmet, interkulturell læring, deltaking og oppfølgjing)
- opplevd kor viktig eit godt parnerskap er
- fått innsikt i korleis ein kan bruke ikke-formell læring og Youthpass i prosjekta
- lært om heile Aktiv ungdom-programmet, ikkje berre gruppeutveksling
Uformelt, men profesjonelt og godt førebudd
Tone Kingell er knytta til fosterheimstenesta i Østfold og deltok på Catch i 2008. Ho skriv i sin rapport: "Meget bra kurs/seminar i hyggelige omgivelser, med utrolig energiske, dyktige og ikke minst hyggelige ledere. Et uformelt, men profesjonelt, godt forberedt kurs. Et godt miljø for læring og for å møte eventuelle utvekslingspartnere fra mange land." Organisasjonen hennar har søkt om støtte til ei utveksling med Irland og Latvia til sommaren, og begge partnerane møtte ho på kurset.
Kvar finn kurset stad?
Det nederlandske nasjonale kontoret for Aktiv ungdom er vertskap for seminaret, som finn stad i De Glind, nær Amersfoort: www.ymcadeglind.nl.
Deltakarane vert innkvarterte i dobbeltrom.
Kostnadar
Reise og opphald blir dekka mot ein eigenandel på 1000 kroner. Deltakaren/organisasjonen legg sjølv ut for reisa og får refundert pengane etter kurset.
Meir informasjon
Les meir om kurset i De Glind:
|
| Info om Catch09 |
Er det noke du framleis lurer på, kan du ta kontakt med Stine Øfsdahl, telefon 46 61 51 15.
Last ned søknadsskjema:
|
| Søknadsskjema Catch09 |
Skriv "Catch" i emnefeltet og send søknaden med e-post til: Stine Øfsdahl innan 3. mai 2009.
Les også om
Hvorfor delta på Aktiv Ungdom-kurs
Kurs: One 2 One, om individuell oppfølging av ungdom, Litauen 1. - 6. juni
Dra på kurs!
Kurs: Get in net Spain. Spania, 6. - 12. juli
Kontaktseminar: CMS Outdoors, Langvassheimen 4. – 8. juni
Kurs: COACH 2 COACH: Coaching for Youth Participation. Romania, 17.-23. juni
Kurs: SOHO. For personer involvert i EVS-prosjekter. Ungarn, 5.-9. sptember
Kurs: Get in net Greece. Hellas, 9.-14. oktober
Kurs: Love Me Gender - Gender Equality Seminar. Belgia, 19.-23. juni 2012
Kurs: TICTAC. Multilateralt kurs for kvalitetsutvikling i opplæring og nettverksprosjekter. Spania, 18.-24. september
Kurs: ”Partnership in Action”. Romania, 17-22 juni
Kurs: Appetiser. En introduksjon til europeisk ungdomsarbeid. Hellas, 18.-22. november
Kurs: UNIQUE R.I.D.E. Personlig og profesjonell utvikling for kurspiloter. Latvia, 21.-28. oktober
Kurs: The TopsyTurvy - læring snudd på hodet. Nederland, 9.-15. juli



