Kontaktseminar: CMS Outdoors, Langvassheimen 4. – 8. juni
Dette kontaktseminaret er ein super sjanse til å finne samarbeidspartnarar til ei internasjonal ungdomsutveksling. Her får du prøva ut nye aktivitetar, læra meir om Gruppeutveksling i Aktiv Ungdom-programmet og verta kjend med ungdomsarbeidarar rundt om i Europa, - og det heile føregår ute! NB:Søknadsfrist utsatt!
Kva?
Kunne det vore spennande å setja i gang ei Gruppeutveksling med fokus på utandørsaktivitetar og friluftsliv? No har du sjansen til å verta ein av 4 norske deltakarar på eit kontaktseminar med dette som fokus! Her får du ein smakebit på korleis ein kan bruka utandørsaktivitetar i ungdomsarbeidet på ein god måte, samtidig som du får møta ungdomsarbeidarar frå Europa som også er på jakt etter nokon å laga prosjekt med.
Seminaret vil vera resultatorientert, og hovudmålet er at deltakarane knyter sterke band og reiser heim med konkrete prosjektplanar i sekken. I tillegg til kurspiloten som har lang erfaring frå både Aktiv Ungdom-progtrammet og friluftsaktivitetar, deltek ein representant frå Aktiv Ungdom-kontoret i Noreg for å kunne gje rettleiing og hjelp til prosjektutvikling.
Kven kan delta?
Kontaktseminaret er for ungdomsarbeidarar og – leiarar som jobbar direkte med ungdom, og som er på utkikk etter prosjektpartnarar frå Europa for å kunne organisera ei Gruppeutveksling. Det er ein fordel, men ikkje naudsynt, at deltakarane har erfaring frå utandørsaktivitet i ungdomsarbeidet sitt.
Søkjarar må vera over 18 år, kunne bruka engelsk som arbeidsspråk og delta aktivt på heile seminaret.
Kostnader
Alle reise-, opphalds- og kursutgifter dekkast av Aktiv Ungdom-kontoret, mot ein eigendel på 200 kr. Reiseutgifter vil verta tilbakebetalte etter seminaret.
Informasjon om reise
Det vil verta felles avreise med buss frå Værnes flyplass (Trondheim) på formiddagen 4. juni. Meir informasjon vert sendt ut til deltakarane som får plass på seminaret.
Meir informasjon og søknadsskjema
På Salto-sidene kan du finna utfyllande informasjon om seminaret.
Søknadsfrist var 17. april 2012, men me har fortsatt 2 ledige plassar. Ta kontakt dersom du er interessert.
Har du spørsmål, kontakt Gry Nesse, tlf. 46 61 51 22.
Nettbasert søknad
Det er ein nettbasert søknad (online application) til dette kurset, sjå lenka over for denne. Dersom du ikkje alt er registrert i den europeiske kursdatabasen (Salto), må du oppretta ein søkjarprofil med personlege opplysningar. Desse opplysningane vert henta inn i søknaden, og brukt når me skal velga ut deltakarar, til deltakarlister osb. Det er derfor viktig at du fyller ut alle dei obligatoriske feltene.
Etter at du har oppretta søkjarprofil, kjem du rett inn i søknadsskjemaet. Dine personlege data er då fylt ut. Svar så på spørsmåla i skjemaet. Denne informasjonen vert brukt når me skal velga deltakarar, og vert også sendt til kursleiarane slik at dei veit litt om bakgrunnen til deltakarane. Når du trykkar på ”Registrer”, vert skjemaet lagra. Etter søknadsfristen les me på Aktiv Ungdom-kontoret søknadane og prioriterer blant dei norske søkjarane.
Fleire søkjarar frå same organisasjon
Me får ofte spørsmål om fleire frå same organisasjon kan søkja, og dette er det i prinsippet ikkje noko i vegen for. Men det er ofte fleire søkjarar enn kursplassar, og me vil sjeldan prioritera to frå same organisasjon viss det er mange søkjarar. Viss ein organisasjon ynskjer å senda fleire deltakarar, er det fint om dei skriv kven av søkjarane som evt skal prioriterast.
TCP-nummer NO-TCP-95-2011
(20.04.2012)
Les også om
Hvorfor delta på Aktiv Ungdom-kurs
Dra på kurs!
Kurs: The Topsy Turvy Learning Experience, Tyskland 18.-24. november
BTM - Gruppeutveksling for nybegynnere Irland 27. november. - 1. desember



