POWER TO YOU(th)! Portugal 24.-29. mai
Arbeider du med ungdom som har fleire utfordringar enn dei andre? Lær korleis du kan gjere dei betre i stand til å spele hovudrollene i sine eigne liv! Søknadsfrist 25.mars
Kven kan delta?
Kurset passar for ungdomsarbeidarar, ungdomsleiarar og prosjektleiarar. Dei som søkjer må vere over 18 år, kunne bruke engelsk som arbeidsspråk og delta aktivt på heile kurset.
Kostnader
Aktiv Ungdom-programmet dekkjer reise og opphald mot ein eigen(an)del på kr. 500 for kurs i utlandet, kr. 200 for kurs i Noreg. Deltakaren legg sjølv ut for reise og får refundert dette etter kurset.
Meir informasjon og søknadsskjema
På Salto-sidene kan du finne utfyllande informasjon om kurset, og lenke til elektronisk søknadsskjema.
Nettbasert søknad
Det er nettbasert søknad (online application) til dette kurset, følg lenka over. Dersom du ikkje allereie er registrert i den europeiske kursdatabasen (Salto), må du opprette ein søkjarprofil med personlege opplysingar. Desse opplysingane vert henta inn i søknaden, og vert brukt når vi skal velje ut deltakarar, til deltakarlister osv. Det er derfor viktig at du fyller ut alle dei obligatoriske felta.
Etter at du har oppretta søkjarprofil, kjem du rett inn i søknadsskjemaet. Dine personlege data er da fylt ut. Svar så på spørsmåla i skjemaet. Denne informasjonen vert brukt når vi skal velje ut deltakarar, og vert sendt til kursleiarane slik at dei veit litt om bakgrunnen til deltakarane. Når du trykkjer på ”Registrer”, blir skjemaet lagra. Etter søknadsfristen leser vi på Aktiv Ungdom-kontoret søknadene og prioriterer mellom dei norske søkjarane.
Fleire søkjarar frå same organisasjon
Vi får av og til spørsmål om fleire frå den same organisasjonen kan søkje, og dette er det i prinsippet ikkje noko i vegen for. Men det er ofte fleire søkjarar enn kursplassar, og vi vil sjeldan prioritere to søkjarar frå den same organisasjonen dersom det er mange søkjarar. Dersom ein organisasjon ønskjer å sende fleire deltakarar, kan dei gjerne skrive kven av søkjarane som de ønskjer skal prioriterast dersom ikkje alle får plass.
TCP-nummer: NO-TCP-154-2012
Les også om
Hvorfor delta på Aktiv Ungdom-kurs
Dra på kurs!
Kurs: The Topsy Turvy Learning Experience, Tyskland 18.-24. november
BTM - Gruppeutveksling for nybegynnere Irland 27. november. - 1. desember



