Gode råd til deg som har lyst å bli volontør
Ungdom og Fritid i Stavanger kommune er sendar- og vertsorganisasjon for EVS volontørar.
No er dei i gong med eit vertsprosjekt med fire volontørar som jobbar på ungdomsklubbar og kulturhus i Stavangerområdet. Ein av dei er Pauline frå Frankrike, som fortel om sine erfaringar frå volontørtjeneste på Metropolis Ungdomsklubb i Stavanger. Ungdom og Fritid deltek og som sendarorganisasjon i eit prosjekt med ei norsk jente som jobbar som volontør i Tyskland. Til hausten skal dei sende ut to norske volontørar til Finland og Belgia.
I artikkelen i Stavanger Aftenblad kan du lese meir om volontørprosjekta, og her er også gode råd til deg som ønskjer å reise ut som volontør i Europa.
|
| Les heile artikkelen til Stavanger Aftenblad her |
(06.05.2011)



