Utskriftsvennlig versjon Del på Facebook

Oddmund var volontør i Catalonia, Spania


Han jobbet 6 måneder i en organisasjon som holdt til i et landlig område, og holdt arbeidsleirer for ungdom om alt fra grafitti til brannforebygging. Oddmund lærte mye, blant annet at Catalonia er Catalonia, og Spania er Spania.



Frå Hallo til Hola! - Vår 2005

So var det min tur til å finne ut kva det vil sei å være volontør. I fleire år har eg vore under påverknad av mengdene av volontørar som har prega livet i mi vesle bygd, Dale i Sunnfjord og omliggande område, i alt frå 6 til 12 overlappande månadar. Og med ei mor som ledar for sendarorganisasjonen skulle det vel heller mykje til at eg ikkje skulle bli volontør eingong.

So etter nokre års mållaus jobbing og litt meir meiningsfull globe-trakking samla eg dei surrete tankane mine rundt EVS og byrja for alvor å arbeide med å finne meg eit likandes prosjekt. Den no oppdaterte databasen på sosforevs.org var eit aldri so lite mareritt. Til dømes kunne eg lese om eit prosjekt som trefte meg i hjarterota, men som ikkje eingong eksisterte.

Men etter å ha funne ein god elimineringsmetode so vart det straks betre. Og etter ikkje lenge og ei feitandes jul fekk eg napp og fekk den herlege beskjeden: ”We choose you!” Eit prosjekt i Spania langt frå byar og strender, nett slik eg vil ha det.

Organisasjonar med sans for vestlendingar
Midt i Catalunya var det ein liten organisasjon som hadde sansen for ein lang vestlending, og vestlendingen hadde absolutt sansen for fjell og gardsliv og arbeid med lokale ungar og ungdom frå heile verda. So eg pakka sakene mine, etter ein kjempe sisteetappe for å få søknaden tidsnok inn, og 15.mai flaug eg til Spania og Barcelona; hovudstaden i Catalunya.

Eg fekk mitt fyrste inntrykk av dei spanske, eller katalanske som dei helst vil bli kalla, som var at dei vil helst være eit eige land. Deretter, på sjølvaste 17.mai, tok eg bussen nordover og etter 2-3 svingete timar mellom småfjell og industri kom eg fram til Solsona og mitt prosjekt.

EI krølltopp, min tutor Marta, henta meg på den vesle busstasjonen og vi sette umiddelbart i gong med ein av spanjolane sine favoritt sportar; å gå på kafé. So etter nokre slurkar kaffi og litt passiv røyking so kom den andre volontøren og vi kunne starte prosjektet vårt.

Lenka frå Slovakia og eg fekk oss ei lita overrasking når vi fekk sjå huset som skulle bli vår heim dei neste 6 månadane, og der storparten av prosjektet ville ta plass. Eit gamalt, typisk gards-hus på 934moh. med utsikt ned til Solsona 7km vekke og 300 høgdemeter lågare mot aust, og fjella som utgjer grensa mellom Spania og Frankrike i nord; Pyreneane.


Oddmund og gards-huset















Dårlige tenner
Vest og sør er flatare enn ei pannekake so eg ser mest mot nord og vest. Og huset er omringa av enorme kornmarker og ei enorm mark med u-røykbar marihuana og stadig passerar ein av dei to sauegjetarane som har mange hundre sauer i mellom seg. Eg prata litt med ein av dei, ein gamal kar med tenner som har eit sterkt ynskje om å ikkje stå i same retning, og eg forstod det slik at han hadde kontroll på 1100 sauer. Då kan ein skjøne at han ikkje har tid til å stelle med tennene sine.

So byrjar det heile. EVS- prosjektet i denne organisasjonen er rimeleg nytt, dei har hatt nokre volontørar før utan særleg hell og det merkast at det heile har mykje sjel men litt mindre organisering. Men ein lev og lærer. “CRUC” heiter dei og det tyder meir eller mindre “Coordinacio Rural de Catalunya“, organisasjonen i det landlege Catalunya.

Mjuk landing med informasjon om lokalområdet og all den flotte naturen og problemet med at folk ikkje brukar den. I det vesle og tettbygde strøket Solsona er det 7000 inbygjarar der mesteparten trur dei bur i ein by. Dette, og mange andre ting, jobbar organisasjonen for og imot. Idéen for oss volontørar, var at vi skulle bli kjende med mykje av det som føregår her omkring og kva mål organisasjonen har. So ei god veke med køyring og fjellturar med Super-monitor Fidel som guide. Ein enorm natur med mykje variasjon og unike små landsbyar og meir unike restar frå ein 6000 år gamal kultur.
















Arbeidsleir
So byrja vi med å førebu garden til alle aktivitetane som skal ta plass denne sumaren. Det var mykje sementarbeid og generell restaurering av gamle veggar og tak. Og det fell jo i smak hos ein bondegut frå vestlandet når han frykta kontorarbeid. Fyrst ut for meg var ein sumarleir for ungaren mellom 3 og 12 år, alle frå Catalunya og dei snakka ikkje engelsk, so dette var høvet for å teste spansken min. Leiren låg attmed ei elv, i ein skog, med eit tak med kjøkken og benkar. Det vart ein interessant oppleving, med mange aktivitetar og mange skarpe ungar. Mitt høgdepunkt var når eg teikna tattoveringar på alle ungane med tusj, flammar på heile ryggen vart etterkvart det mest populære valet.

So rett etter sumarleiren byrja den fyrste av to arbeidsleirar vi skal ha i sumar. Den fyrste handlar om området rundt her, ungdommen og kva dei har føre seg. Det heile skal ende i ein “konferanse” i slutten av juli der mange viktige personar skal kome og sjå kva vi har hatt føre oss desse 20 dagane.

Det er 12 deltakarar frå heile verda, nokre land er Italia, Mexico, Korea, Russland, Slovakia, USA og lokale gutar frå Barcelona. So no er vi komne til dag 5 og alle er temmeleg trøytte etter ein lang fjelltur i går og nokon hadde nok ei nokså ukomfortabel natt mitt på eit jorde. Eg fekk med meg 12 stykk til slutt og me sovna med stjernene som tak. Framover skal vi førebu mykje meir materiale til denne konferansen og gjere andre aktivitetar. Eg sjølv har ansvar for ulike verkstadar der me har produsert nøkkelringar, skilt, bannera og billettar so langt. Skiftande grupper av deltakarene får oppdage området og naturen og nokre må lage mat og vaske kvar dag. Og når me har fri held me oss helst i skuggen eller inni eit hus med tjukke steinmurar, for den varmen som er her no stig ofte til 35-38 grader..

Frå leir til leir - Sumar 2005 del 1

Då har vi komne so langt at den andre arbeidsleiren har starta og volontørlivet byr stadig vekk på fleire utfordringar som utfordrar forventningane. Den fyrste leiren slutta fint med konferanse og mykje folk som kom for å sjå. Blant anna ein anna arbeidsleir so etterkvart hadde vi representantar frå omlag halve jordas land. Vi fekk produsert og kopiert opp DVD filmen vår akkurat i tide, takka være at ein av deltakarane hadde ei god datamaskin med seg. Somme tider gaper ein for høgt og då lyt vi berre håpe på å klare å svelgje.

Eg fekk meg utfordring på slutten då det vart naudsynt at eg tok ansvar for ein arbeidsverkstad som handla om graffiti, med lakking av mopedpotta mi som einaste erfaring. Men noko fekk vi produsert, og meir eller mindre nøgde var vi òg. Det heile tok slutt og vi vart einige om at dette hadde gått rimeleg bra. Folk byrja reise heim att til sitt og adresser og telefonnummer vart utveksla og vi kunne stengje boka for den fyrste leiren.


Fyrste arbeidsleir, eg fekk plutselig ansvar for grafitiverkstaden, slik gjekk det.
















Fritid
So, grunna nokre lite interesserte, franske ungdommar, fekk Lenka og eg 10 dagar fri til å gjere nett det vi ville. Det skulle eigentlig haldast ei utveksling og dei skulle bli vist rundt av oss og underhaldt på ulike måtar, men hadde vist ein for varm sumar til å reise endå lenger sør. So eg nytta høvet til å reise meg nok ein tur til Barcelona med tre av deltakarane frå arbeidsleiren og brukte dagane på å ete frukost på ein benk og besøke viktige landemerkjar. So har eg Andorra rett rundt svingen, 110 minutt med buss, so eg klarde ikkje motstå suget frå fjell, kjempeutsikter og billige varer. So etter å ha okkupert 4 fjelltoppar der, inkludert den høgaste og ein som grensar til tre land, vart eg naud å returnere for å klargjere siste alle tinga til den neste arbeidsleiren.

Ymse endringar og andre oppgåver laut eg finne meg i, då ledar laget vart redusert og vi med eitt fekk mykje meir ansvar. Men eg tek det meste som ei utfordring og denne leiren har retteleg byrja mykje betre og det heile verkar so langt mykje meir samansett og med god grunnmur. So lenge eg klarar å utføre det er vert beden om og gje det eg klarar av kreativitet so skal dette gå strålande for meg. Klart det heile ikkje berre er avhengig av meg.

Forebyggjing
Arbeidsleiren er eit stykkje annleis enn den siste, her skal vi gå hardt til verks i naturen og med anna førebyggje brann, oppretthalde fuglelivet og produsere utdannande materiale til ungdom nært og fjernt. Det heile handlar om naturen og korleis ta vare på den best mogeleg. Skogsbrannar er eit stort problem her i området. I 1998 brann 27 000 hektar skog ned og etterlet seg store områder, mange hus og liv i ruinar. Og ettersom dette året er det turraste på 50 år og brannfaren er særs stor, er det arbeidet vi gjer svært viktig.

Vi har allereie hatt 7 skogsbrannar berre i Catalonia dei siste 2 månadane, to særs nær her vi jobbar. Og med all den skogen som er her ser eg det som ei enorm katastrofe om brannen skulle nå dette området, og går rundt med den same frykta som resten av befolkninga her. Mitt syn på sigarettar, som er ein av dei største årsakene til skogsbrann, har berre blitt verre og no held eg røykande røykarar vekk frå både meg, skog og gras.


Nedbrendt område, skiltet seier: forbode å starte ild













Vi er i gong og ryddar om dagen eit område rundt ei særs viktig kyrkje og eit heilagt område utan sidestykke her: ”El Miracle”, som har ein av dei største altertavlene i Spania og det heile er av gull. Det finst enorme skogsområde som burde vore rydda men med dei små styrkane som driv førebyggjande arbeid, er det viktig å ta dei viktige plassande fyrst. Som nemnt skal vi oppretthalde fuglelivet og skal reinske og fikse fuglekassar,
samt produsere denne boka omhandlande naturen og generelt om naturen i dei ulike nasjonane som er representert denne gongen.

Kulturelt mangfald?
Landa denne gongen er: Tyskland, Italia, Kroatia, Tsjekkia, Canada, Japan, Polen og Tyrkia. Som alltid er det svært rikande og være i eit slikt multikulturelt miljø og ein lærer stadig vekk nye ting som får ein til å reflektere og tenkje mykje. Samla frå begge leirane: ei amerikansk jente som spelar rugby, russisk jente som bur med familien midt i ein by, er dagleg sjef i ein butikk og har eit jorde rett utanfor byen med grønsaker som skal halde dei for vinteren, koreansk jente som ikkje får vete kva faren jobbar med, italienarar som pussar tennene etter kvart einaste måltid og som ikkje trur på tyggegummien sin effekt, dei same italienarane som føretrekk å kjøpe pasta når vi skal ha kultur middag og alle dei herlege og nesten alltid like barneslege likskapane ein finn i ulika språk som tyder noko heilt anna.

Om det høyrer heime:
TD.: Curva =sving på spansk, hore på slavisk. Blautkake på norsk, mjuk
avføring på tysk.


Arbeidsleir - alle saman















Mat - Sumar 2005 del 2


Tek opp tråden, den raude som han helst skal være. Då har vi pakka i saman nok ein arbeidsleir, den slutta altfor fort. Når folk nesten ikkje sa eit ord ved bordet ved siste måltidet, forstod vi alle at vi hadde gjort noko spesielt i lag.. Den gule lettsalta chipsen som går med til kvart måltid, vart eten med sauestir og ei tåre eller to. Det vert slik når ein ikkje tenkjer på avreise før kvelden før. So for alle folka heim til sine land og vi byrja umiddelbart rydde saman med ferie i sikte med ein gong vi fullførte jobben. Sola, som hadde øydelagt delar av leiren med å ikkje være tilstades, smilte hovent nok ein dag. Eg var i djupe tankar om kvar eg skulle ta vegen ettersom eg ikkje hadde planlagt noko.

Eg hadde ein plan for lenge sidan om å få besøk av to kameratar og leige bil og køyre til stranda og ligge der å bli raude og fine. Men det viste seg at eg var den einaste med tid og pengar, so etter ei handling i desperasjon stod eg med eit med ein elektronisk flybillett i handa med destinasjon Oslo Gardermoen. Eg hadde slik ei trong til å sjå kjende fjes og bli forkjøla og kom plutseleg på massevis av grunnar for å ta to veker heime. Til dømes bytte sovepose, for det har vist seg at dei har faktisk temperaturar her som verkleg får kvikksylvet til å krype langt ned i det vesle røyret på temperaturmålaren. Og etter sumaren er eg brun som ein belgisk festsjokolade og taklar vist ikkje denne overgongen til "berre" 20 grader om dagen. Og det er ikkje so varmt her som alle skal ha det til! Eg bur jo trass alt på 900 moh.

Flyndrekasting
Eg har brukt mykje tid på å studere mange andre kulturar enn den Spanske (Katalanske), men no bur eg jo i Spanalunya., som eg er so heldig å få lov til. Det er so mangt og eg prøver so best eg kan å gje mitt beste når det kjem til min eigen kultur. For veldig mange folk er eg den fyrste nordmannen dei møter og eg kjenner ofte ei sterk lyst til å finne på ting om landet mitt då eg er den einaste personen dei kan referere til.

Til no har eg berre gitt inn for lysta ein gong og overbeviste ein besøkande spanjol frå La Rioja om at flyndrekasting er ein sport i Noreg, og at eg var nummer 100 i landet. Hadde det vore ein sport, noko eg går ut ifrå det ikkje er, hadde eg nok vore nummer to i landet, etter far min. For ein må jo være temmeleg god i flyndrekast for å lyge om slikt, spesielt når ein står mitt i ei elv full av flate steinar. Den same elva er dessutan den same som folk her i bygda likar å plaske rundt på grunna, grunna at dei bur heile 90 minutt frå stranda på Costa Brava.

Elva vår har det nette namn av Ribera Salada, og "Salat" fordi den er ei blanding av to elver, ei kald og ei varm. Ein særs populær fritidsaktivitet her er og å gå i elva, rett og slett gå elva opp eller ned, eller begge deler. Det har eg gjort to gonger og det må anbefalast å gå opp og ned elver om det let seg gjere i mitt land også, det skal eg sanneleg prøve når eg kjem heim.

Det er noko med oppfatning av tid og avstand her nede som stadig vekk undrar meg. Dei har sett opp skilt med avstandar til her og der, slik som er normalt, men det viser seg at mange av avstandane er mykje kortare enn det som står på skiltet. Og også, då dei fleste køyrer bil, då eg til dømes vil gå heim dei 7 km vi bur frå landsbyen, er det ikkje måte på kor dei vil hive seg rundt for å fikse ein transport til deg. Kanskje det berre er folka her eg bur, eller meg. Men no er det bitt ganske vande til den norske karen som heile tida går eller syklar langs vegen.

Eg bur med ei volontør på same prosjekt, Lenka frå Slovakia (ikkje Tsjekkia eller Slovenia, Slovakia!), og eg spurde ho om å sei nokre ord: "Før fant eg det vanskeleg å komme til Catalunya å venje seg til den nye kulturen og dei andre tidene for måltida. Til dømes kan eg gje eksempel på at normal tid for meg å ete lunsj på er 12, her er det 14. Og middagen, den byrjar dei på i 22-tida om kvelden på det verste. Samanlikna med mitt land, (ikkje Tsjekkia eller Slovenia!) er folka her er meir opne og utåtvende og dei er snille og veit korleis dei skal nyte livet. Dei gjer alt roleg og har ikkje stress når dei jobbar, dvs. aldri. Hasta la vista baby." (oversett frå Spansk med maks tre kasus + nokre få engelske ord når spansken ikkje strekkjer til)

Fjestar
Må få sei hjarteleg takk til Lenka Jelienkova. Må sei meg einig i mykje av dei ho seier, dei har det med å strekke ting ut her nede. Viss du er skikkeleg uheldig kan ende opp med middag halv tolv i ein restaurant full av røyk og fest i barar som ikkje stengjer før folka går i 8-tida om morgonen. Dei dansar heile, heile natta og einaste dei gjer neste dag er å delta i den mest populære sporten her nede; gå på kafé. Og festar er det nok av her, eller "fiesta mayores" som dei helst vert kalla. Eg kallar dei fjestar.

Dei elskar rett og slett dette med å arrangere fjestar, det verkar som de ikkje kan gå tre dagar utan at det er ein fjest ein eller annan plass. Kanskje noko religiøse saker som er utanfor mi forståing, eller so har det blitt so lei av å jobbe lite at dei fant noko anna å fylle dagane med. Kvar einaste vesle landsby har fjestar og ein gong i historia fann dei ut at dei ikkje klarde fylle kvar tredje dag med fjestar, so dei gjekk endå djupare til verks og no arrangerar dei fjestar for kvar bydel og av og til for kvar gate!! Då tykkjer eg der er nok. Det er faktisk litt koseleg då.

Pantomaquet
Litt om mat. Dei har mykje god mat her nede. Berre synd at eg ikkje får ete den heile tida, for vi må bu litt billig. Vi får ikkje eingong handle sjølv, dei er vist redde for at budsjettet skal ryke. So til den heilt typiske tapasen må vi til ein restaurant. Sjølv prøver eg kopiere litt av det eg sett og smakt på. Dei har nokre særs typiske salatar her og ymse tilberedingsmetodar, det heile osar av at det skal være enkelt, men med smak. Dei har nokre fenomenale pølser her nede, og då har Noreg ingenting å stille opp med. Det kjennest på smaken kan du sei. Kjøt er viktig og dei går ikkje av vegen for å grille inne då det er brannfarleg tørt ute.

So då har vi vår svære peis, som dei kallar "horno" som i gamle dagar vart brukt til all matlaging. Som nemnt har dei ofte chips, lettsalta, og i tillegg reven ost som tilbehøyr til kvart måltid. Brødet her nede er katastrofalt for ein bondegut oppvaksen med nybakte mursteins skiver på bordet morgon om kveld. Det er so kvitt at hadde du lagt det på eit kvitt A4 ark, hadde du fått store problem med å finne det att. Oppdelt og utan skorper!

Uff! Eg kjøpte ein pakke cheese doodles her ein dag, og når eg opna pakken var dei utan bøy. Korleis kan ein ete slikt! Smakte ikkje særleg godt heller. Det er vel noko med det du er vand med tenkjer eg. Eg er blitt oppmerksam på nokre favoritt rettar til nokre av dei eg jobbar med og heile to av dei har "pantomaquet" på toppen av pallen, noko eg finn særs vanskeleg å forstå.

Slik lagar du "pantomaquet":

Steg 1: ta ei tørr loffskive
Steg 2: del ei halvgrøn tomat i to
Steg 3: tørr skive i ei hand og halv halvgrøn tomat i ei hand, med makt press tomatsafta ut og smør den utover loffskiva.
Steg 4: når skiva er godt dynka og safta renn ut på undersida av skiva,påfør litt olivenolje og litt salt.
Steg 5: prøv og et!














Det er kanskje ikkje so rart av og til treng eg litt skikkeleg mat, det som er skikkeleg mat for meg. So etter ein saftig og våt ferie i Noreg med godt brød og tradisjonell norsk mat finn eg meg steikande brød i skrivande stund, høyrer på norsk musikk (Real Ones) og skal ikkje ete middag klokka 23.30 i kveld. Det spørst om det ikkje vert Graut til middag i dag. Men det som bekymrar meg er at Lenka frå Slovakia vil ete frukt med grauten!

Vi har byrja på dei siste 7 vekene av prosjektet. No skal vi halde fram med å fikse på senteret her vi bur og reise rundt til ymse plassar om informere om kva vi gjer. Ettersom det er litt roleg no om dagen, kan eg finne på arbeid sjølv. Eg har til dømes raka steinar på plass att i vegen opp til huset og fiksa ein gammal mur og er byrja på ein til. Også vert det ein del kontorarbeid med førebuing av prosjekt og andre saker. Men so sant sola skinner er eg på hogget til å finne på eit anna arbeid ute. Vil ta all den sola eg kan få før eg reiser heim att til eg veit ikkje kva. Og i kveld er det sjølvsagt ein "fjesta mayor" i ein liten landsby 30 kilometer her ifrå. Det er dei same banda som speler på kvar fest so den får gå sin gong. Lenka og eg skal ut å plukke bjørnebær og lage syltetøy. Og nett som det er køyrer det ein John Deere forbi for å klargjere kornet til neste år eller so slår vi av ein prat med ein av dei lokale gjetarane som har opptil 1100 sauer å gjete. Det er ikkje so lett å forstå kva han seier når han snakkar Katalansk og hikkar ved kvart tredje ord.

Til neste brev.
Sement, sopp, svin og grisete kvardag.

-nest siste episdode-


No veit eg ikkje kor mange gongar eg har reist til Barcelona, men det som heile tida irriterar meg er når eg skal teste den noko vaglande spansken min i butikkar og kafear, er at dei heile tida svarar meg på engelsk. Eg reknar med arbeidarane i servicenæringa er like lei turistar som har kjøpt seg ei lita bok med "nyttige fraser" og kan spørje men ikkje svare på svaret. Og i tillegg treng spanskane å øve seg på engelsken sin, engelsknivået, til mi store forundring, har vist blitt lågare.


Catalonia is not Spain!
Men det som ikkje er blitt særleg lågare, iallfall ikkje sidan eg byrja prosjektet mitt, er den katalanske kjensla. Eg fekk meg nemleg ein liten diskusjon då eg skreiv ei oppsummering av volontørlivet som dei skal legge på web sida si, eg brukte nemleg fylgjande ord: "Å møte ekte spanskfolk i ein landleg region." Då berre byrja tutoren min å le og prøvde å forklare meg at ho ikkje var spansk. Men eg vant den diskusjonen ganske glatt, ettersom ho bur i Spania og snakkar eit av språka i Spania.

Eg har hatt litt problem med å forstå katalanske folk fullt ut, med sitt eige språk og eigen kultur, ettersom eg av og til møter folk frå Spania (minus Catalunya) som har nokre slåande argument. Men no forstår eg dei ganske godt, ettersom eg meinar det er særs tåpeleg at volontørane som kjem til Noreg lærer bokmål i eit nynorsk miljø. Og i Norge er skilnaden mellom språka endå mindre men EG er frå Sogn og Fjordane!

Sement
So var det sementen i veggane då. Her måtte eg sjå meg naud til å på nytt ta til med sementarbeidet mitt. Blande for hand og fylle i hol so rotter og mus heller kan bruke dei store sprika i dørene til å ta seg inn i huset. So de forstår det er gjevande arbeid. Det må også seiast om å skrape av gamal maling med ein stålkost på ujamne bjelkar i taket. Nokre gongar skulle eg ynskje stigen ikkje var oppfunnen, eller iallfall litt kortare.


Min tredje mur..
Men ok, vi hjelper dei å fikse opp senteret og det tykkjer vi er flott. Berre av og til vert det litt einsamt å jobbe når cd-spelaren har ein dårleg dag. Og det vert ikkje den store kulturelle utvekslinga av å høyre på: "Radio Nacional, Radio Uno!", eller: "Solsona FM". Og når sementen må tørke får vi anna arbeid, også inkludert sement. Eg er ofte ute å fiksar på den siste steinmuren, det tredje murprosjektet mitt som eg nok dessverre ikkje for fullføre.

Eit monster
Men det er vel like godt, eg kjenner ikkje att ryggen min etter all den løftinga og knusinga av stein. Og vi må rett som det er slå plenen, i sein oktober. Og det med eit monster av ein bensinmotorisert kantklyppar.
Og kvar gong får vi beskjed om å rydde hundeavføring før vi startar. Og då oppdagar ein kor liten skilnad det er på ein stein og ein god gamal hundelort. Kan bli litt ekkelt, kjem ann på kva du vil gjer med steinen, eller med hundelorten.


Slå plenen
















Uansett, det ein og kan oppdage når ein slår plen med gras høgare enn 8,5 cm, er at hundelortar, forsteina eller nye, er vanskeleg å få auge på. Iallfall når brillene allereie er fulle av gras. So, sola kan glimre, det kan være varmt og godt, men hundelortar kan og komme flygande med sterkt ynskje om å lande på alle dei dekte og udekte områda på kroppen din.


Kontorarbeid
Elles har vi og arbeida litt på kontoret, eit rom som var fullt av hol, og følgjeleg vind og rotter, men som ein viss nordmann har gjort vind- og rottetett. Vi får ymse oppgåver på data og papir; laga reklamebrosjyrar, oversetje tekstar frå Katalansk eller Kastelansk til Engelsk, Norsk eller Slovakisk, velje ut bilete og generell førebuing av oppdatering av web sida. Og elles ein del venting på arbeidsleiaren vår som av og til likar å prate mykje og lenge, på telefon òg. Men vi trivst som regel og tek det meste med ei klype brunt sukker.

Sopp

Sopptur med lokalkjend, god fangst.
Vi er blitt godt kjende med dei ulike sopptypane her nede no. Vi har vore på nokre soppturar med lokalkjende og når vi ikkje blir oppskrapa og blodige av alle dei tornete og mannevonde buskvekstane, finn vi ein del sopp. Fredolic, Llenega negre/blanc, Reballo og Peu de Rata er dei største. Den siste tyder rottebein og er den heldige som endå ikkje har blitt plukka og steikt.


Soppen som er fult etande....
Då eg gjekk litt åleine presterte eg å ta bilete av ein sopp og når eg seinare hadde presentasjon av bileta mine, fann guiden vår ut at det var den største og finaste soppen i skogen, og kunne ha metta ein liten familie på to. Sidan dei ikkje har elg her nede, so reknar eg med den stadig vekk er skogens konge , om ikkje ein av dei hundretals korgberande soppjegerane her nede har fått korga den.



Villsvin

Villsvin
Det er vist ein masse villsvin her. Eg har ikkje sett eit einaste svin, berre spor etter nasegraving. Og du bør ikkje gå i skogen på torsdagar og sundagar. Ikkje fordi svina då er særskilt mannevonde, men fordi då er mannen særskilt svinevond. Då er det nemleg jakt og dei skyt alt som er lågare enn 70 cm og rører seg. So om du skulle være so uheldig å være i skogen, ikkje knyt skolissene eller plukk sopp, det vert grisete.

Og ikkje gå i skogen om det har regna heller. For jorda her nede får ein spesiell reaksjon med vatn. Når den e tørr, er den so tørr at den lettar når du tenkjer det. Og når den er våt, har den eit udødeleg ynskje om å henge seg på alt anna enn i den jorda den høyrer heime. So har de nokon gong klabba på ski, veit de kanskje korleis det er. Og den er særskilt sleip og, og går du i ein bakke med litt meir enn 5% fall, so er det store sjansar for at jorda skitnar til meir enn berre dei nyinnkjøpte, kvite joggeskoa dine. Dei same skoa som eg nettopp bytta inn i nye, utan kvittering eller boks. So folk er til å stole på.

Snart heim
No er det under 14 dagar til eg reiser heim og vi er so smått byrja glede oss og grue oss. Vi skal lage Slovakisk/Norsk middag no på laurdag, med quiz og eventuelt litt dans. Vi har eit sterkt ynskje om å lage mat frå vårt land istadanfor å smake på alt her nede. Også lagar vi ein film på over 10 minutt som eit slags minne om opphaldet her, til alle vi har jobba med. Og so den fylgjande helga skal det vere avsluttande middag med alle involverte, og då vert det tradisjonell Katalansk kost med de berømte tomatbrødet, "pantomaquet" (les under), og kjøt og salatar. So ein nokså vanleg fest etterpå, der vi vert dansande til 8 om morgonen.

Den siste veka vert spanande, då skal vi være med ein gjetar ein heil dag, for å skjøne korleis han har det i sitt gjetarliv. Og vi skal besøke dei rurale skulane som har alt frå 5 til 20 elevar, og helst alle i ulik alder, som jo gjer jobben interessant for læraren.

So følg med i neste og siste episode frå mitt prosjekt i Catalonia, Spania.
Frå Hola til Hallo. 6 raske, lunkne, lange månadar.

Ja, då er eg heime. Dei siste to vekene vart prega av lange blikk på dei fotogene fjella og ekstrem frysing i de noko lumre haustklimaet. Nokre apatiske blikk inn i flammane i peisen vår til tider, når eg byrja tenkje på kva som hadde skjedd i dei 6 raske, lunkne, lange månadane.......
Men det var ei verkeleg kjekk avslutning!


Raspeballar
Vi laga Norsk/Slovakisk middags selskap ein skoddete laurdag, og det norske innslaget var raspeballar; også kjent som raspekaker og kumler. Da gjekk ikkje bra. Pølser var ikkje råd å spore opp, som ville halde seg heile når dei vart kokt. Og raspeballane hadde eit usløkkeleg ynskje om å lage potetsuppe. Eg fekk ikkje noko skikkeleg svar frå dei som måtte ete; anna enn at raspeballane såg interessante ut.

Vidare samarbeid
Det vart ein siste prat om mogeleg samarbeid i framtida og lufting av idear. Vi har kanskje noko på gong med nokre utvekslingar og eit nett av Seng og Knus fort (Bed and Breakfast), men det fekk tida vise. Skal jo ikkje so mykje til for å få hendene fulle når ein fyrst er komen innanfor EVS og Ung i Europa sitt nett.

Uansett, den siste veka gjekk sakte og alle smilte. Filmen som Lenka og eg skulle lage, blei på 20 minutt i staden for 10 og blei vist på avslutningsmiddagen den siste laurdagen i Spania med stor suksess! Alle fekk ein CD med kopiar og utvalde bilete frå Noreg og Slovakia.

Den siste laurdagen i Spania

Masse bagasje
Det var duka for fest. Ettersom veret var horribelt og dei planlagde aktivitetane gjekk ut (dei innebar ein dag med ein gjetar, fjelltur og hesteriding), vart fokuset fullt og heilt konsentrert om det siste måltidet og festen. Vi måtte sjølvsagt vaske og pakke, noko eg hadde utsett ei stund fordi eg rekna med at det vart eit lite EVS prosjekt i seg sjølv. Og eg skulle nesten ha trena meg opp til den store fysiske påkjenninga det var å reise med so mykje bagasje (ca. 45 kg) Men det fekk vente.

Lenka og eg varma opp med ”Ringenes Herre”, på Spansk, noko vi hugsa vi sleit veldig med i byrjinga av prosjektet, men som no var ein leik. So reiste vi på middag (klokka er 22.00) på ein restaurant på den lokale campingplassen. Eigaren hadde vore i Noreg og skraut av dei varme nordmennene! Ein fordel at dei hadde prosjektør som vi kunne vise filmen vår på, ikkje utan medfølgjelege tekniske problem. So vi sette i gang altfor seint (klokka er 22.45) etter å ha prøvd å få skikkeleg farge på bileta frå prosjektøren i 45 minutt, og som eg ikkje klarde. Og fekk som venta servert dei herligaste lokale spesialitetar, frå tomatbrød til Pyjamas.

Pyjamas

Pyjamas
Pyjamas er ein legendarisk dessert. Namnet kjem av kjensla du får etter du har ete ein heil Pyjamas, som er ekstrem trøttheit, ettersom desserten består av eit utval frukt, is og sjokolade. Sjå bilete! Den er gedigen, vertfall etter ein heilt enorm Katalansk middag. Eg måtte gje meg etter tre skeier, eg ville ikkje i seng endå!(klokka er 00.30).

So reiste vi rett på den første av 5 stadar vi skulle innom denne natta. Som er ein enorm kontrast til bygda mi i Noreg, som har ein pub og som ikkje alltid er open i helgene eingong. Og vil du finne ein ny plass å gå ut må du enten køyre 22 eller 44 km eller evnt. snu i døra og bruke fantasien. Og i tillegg jobbar eg der.

Foozball

Siste fest 2 - Foozball
Etter den første baren enda alle opp med noko grønt på seg, fordi Carlsberg hadde gåveutdeling til alle som kjøpte ei øl frå dei. Eg enda opp med ei hue, eit skjerf og ei CD-lomme. So etter 10 spel foozball og ein 15 minutt lang diskusjon om kor vi skulle gå, vart gjengen splitta og vi reiste til ein utruleg koseleg kjellar-pub som heitte L’aixeta. Der kan ein risikere å treffe folk som har vore i Danmark, spasere med kjensla av at du har sugekoppar på føtene og gå i golvet fordi skoa dine er fin-sko med hél.

Det var også her eg fekk ei overveldane kjensle av kor dumt det var at prosjektet berre varte i 6 månadar! Vi kjende jo slett ikkje nok folk eller heller ikkje særleg involvert i lokalmiljøet var vi blitt. Men det er ein gjensidig feil.

Skitnaste bardisk i Catalunya

Siste fest
Neste, ein rask tur innom Sputnik, der eg fekk framtredande minner om ein bingo og eit vunne svinelår, gode øl og ein forferdelig konsert. Vi gjekk.
Det var fullt. So til første nattklubb, Collins, (klokka er ca. 02.00) der vi fant oss eit hjørne og blei stort sett der til vi reiste vidare. Her dansar heile golvet og foozball er kultur.

Videokameraet mitt fekk seg nokre turar innom dei fleste hender og i kjellaren fann vi den skitnaste bardisken i Catalunya. Ein suveren kveld nærma seg slutten når vi måtte ut, fekk eit svart merke på handa, gjekk over elva og inn på den seinast opne nattklubben, Black River. (klokka er 05.30) Uventa mykje folk, høg armføring og energisk dansing til siste del av madrugadaen. Vi følgde med so godt vi klarde, men det var prega av noko umelodisk, nordisk dansestil og samtaler som ikkje vart hugsa grunna ekstrem trøttheit. Kvelden var over (klokka er 07.00).

Dagane etter vart noko apatiske men hyggelege. Vi var i refleksjons humør og var i grunnen og klare til å reise heim. Lova vi skulle kome att når sjansen bydde seg og skrive og halde kontakten. Eg fekk meg eit Catalansk flagg med helsingar på og masse andre hyggelege og lærerike minner som eg alltid kjem til å hugse.


To volontørar i Catalunya

















6 månadar i Spania
”Eg har vore volontør, i 6 månadar, i Spania”, tenkte eg. Eg kunne i grunn aldri ha førestilt meg korleis det er å vere volontør. Alle opplever det på ulik måte med eigne utfordringar og oppturar og nedturar som elles i livet.

Å beskrive ein volontør sin kvardag er veldig vanskeleg om du skal vere generell og objektiv. Men det er ei heilt spesiell oppleving på kvar sin måte og utan tvil ein av dei betre måtane å bruke delar av livet på når ein er på jakt etter breiare kulturforståing og oppdaging av seg sjølv profesjonelt og/eller privat. Det er på sin plass å sei at eg sit på ein buss på veg frå Beauvais til Paris for å delta på eit seminar i regi av Ung i Europa sitt nettverk. Det er måndag klokka 22.41 og eg må leite fram mitt hostel.

Horisonten er vid og det er mange folk som treng mette sin oppdaga eller uoppdaga lyst for reise, oppleving, kulturforståing, erfaring, utvikling, sjølvrealisering, uflyktstrong, språk osv. So lenge det er plass i hovudet.

Før eg reiste til Spania viste eg fem ting:

1- Catalunya er ein del av Spania.
2- Eg skal få meg tattovering.
3- Eg skal jobbe bl.a. med tre dagars kurs i fjellet.
4- Eg skal bu på 918 meter over havet! Noko som i Noreg tyder lite flora, mykje vind og kulde.
5- Det er siesta mitt på dagen.

Etter 6 månadar i Catalunya(Spania)veit eg fem ting:

1- Catalunya er Catalunya og Spania er Spania.
2- Huden min er framleis tattoveringslaus.
3- Eg jobba med 20 dagars arbeidsleirar.
4- Eg budde på 918 meter over havet, men hadde masse gardar og dyr og sol og vind og kulde og tre og gras og masse levande greier rundt meg heile tida.
5- Det er siesta mitt på dagen, på ofte 2 og ein halv time, og det treng ikkje vere varmt for å ha siesta!!!!!!!

Takk for meg, håpar noko av dette eg har skreve har vore interessant og kanskje til og med mogelegens litt lærerikt. Men mest moro er det.

Bli voluntør du óg! Om eg ikkje har skremt deg vekk frå tanken!





Aktiv Ungdom 20 år

Den Europeiske Ungdomsportalen
Eurodesk-logo

Følg Aktiv Ungdom på #aktivungdom




RSS Hold deg oppdatert
med RSS