Utskriftsvennlig versjon Del på Facebook

Omfattande EU-støtte til Sogn og Fjordane



Malin Bakke Hole fikk 40.000 til kajakk-aktiviteter for ungdom. Foto: Njård as.
Sogn og Fjordane stikker av garde med flest EU-kronar til ungdom. Det norske UNG i Europa-kontoret delte i 2005 ut heile 1,18 millioner til det minste fylket på vestlandet. Pengane har gått til mellom anna filmfestival, teater, elddans, padlekurs, reiselivsutvikling og videoproduksjon.



Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal slår som kjend Sogn og Fjordane i folketal, men desse fylka fekk til samanlikning mellom ein halv og ein million færre EU-kronar til ungdom i 2005.

Verkeleggjere draumar
Ungdom i Sogn og fjordane har forstått at UNG i Europa har midlar til å verkeleggjere draumar. Vi håper dei kan inspirere ungdom i heile landet til å setje i gang prosjekt, sier Ann-Marit Sæbønes, direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Bufdir forvaltar UNG i Europa-programmet i Noreg.

Lære av å gjere
UNG i Europa er EU sitt program for mobilitet og ikkje-formell læring. Målgruppa er ungdom mellom 15 og 25 år og ungdomsarbeidarar. Føremålet er å fremje initiativ og kreativitet, og prosjekta skal vere ungdomsstyrte. Lokale ungdomsgrupper kan søkje opp til 80.000 kr for å lage eit prosjekt som kjem ungdom til gode. Grupper kan også søkje om opp til 500.000 kr for å besøke andre ungdommar i Europa.

Kva fekk støtte?
Eksempel:

¨

Vil du møte desse og andre ungdomar som har skapa sine eigne prosjekt? Dei er samla 24.-28. mai 2006 på Havpadlesymposium på Bulandet i Askvoll kommune.

Penger å hente året rundt
UNG i Europa har fem søknadsfristar i året: 1. februar, 1. april, 1.juni, 1.september og 1. november.
Det er mogleg å søkje fleire gonger.

Kontaktpersonar:
Om prosjekt i Sogn og Fjordane
Rådgjevar Roger Kløvtveit, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Opplæringsavdelinga
(Vesle Daniel), mobil: 95 83 43 59.

Om UNG i Europa-programmet
Informasjonskonsulent Tonje Sti, Bufdir: 24 04 40 20 eller mobil: 98 65 74 72





Penger til prosjekt?

Send inn din prosjektidé og motta svar raskt!

Penger til prosjekt
RSS Hold deg oppdatert
med RSS