Utskriftsvennlig versjon Del på Facebook

Siste reisebrev frå Audun i Ungarn


Siste oppdatering frå Audun i austre Ungarn, som no ærleg talt ikkje lenger er i austre Ungarn. Siste nytt inkluderar reising i hytt og pine, eit par tjuveri og nye romkameratar. 




Audun var volontør gjennom Ung i Europa og jobba frivilleg som engelsklærar med ungdommar utan skuleplass eller arbeid. I tillegg jobba han på eit flyktningemottak.

SISTE REISEBREV 20. MAI 2005


Frå Zagreb
Kall meg gjerne naiv, men når eg møter ein kar ein til to gongar i veka på ungdomsklubben der eg jobbar, so forventar eg ærleg tala ikkje at han skal stikke av med mobilen min berre for å selje han på næraste pub. Eg vart overraska, for å seie det slik. Spørst berre om han vart like overraska neste gong han kom til inngongsdøra til ungdomsklubben der han fann eit bilete av seg sjølv med fullt namn, og underteksten " tjuv!". Ingen på senteret har i alle høve sett han kome inn sidan.


Den neste triste hendinga eg gjerne vil fortelje om var då eg gløymde att lommeboka mi i ein pirattaxi i utkants-Slovakia ein sein laurdagskveld. Ja.. eg fekk vel i grunnen sagt alt i den fyrste setninga. Lite meir å fortelje om den saka. Utruleg nok vart lommeboka returnert få dagar seinare, takka vere det faktum at eg er for sløv til å flytte lappar med adresser på ut av lommeboka og inn i til dømes ei adressebok. Rett nok var nærare sytten tusen forint borte vekk, men eg fekk i det minste attende coop-medlemskortet mitt.


Biltur
Påskedagane tilbragte eg i Kroatia saman med andre voluntørar og ei høgst malplassert mor. Etter lengre tids planlegging kom vi fram til at det billigaste alternativet ville vere å leige ein minibuss. Kvifor ei av dei andre voluntørane absolutt ville ha med seg mor si på opplevinga skjøna aldri vi andre, og etter kvart ikkje ho heller.



Ei kroatisk parkeringsbot
Vi vitja Zagreb, der vi samla parkeringsbøter, sosa rundt i gamlebyen og sov på Kroatias verste (og billigaste) ungdomsherberge før vi reiste vidare til nasjonalparken plitvicka jezera, som for tida var delvis oversvømt grunna svært høg vassføring.



Ein snodig plass
Etter å ha blitt søkkvåte i fossedrivet, vassa oppover til dels svært fuktige turiststier og kika på drukna smådyr mellom dei fyrste vårblomane, drog vi til ein by med eit så artig namn at eg ikkje trur eg får lov til å skrive det her. Byen var utruleg vakker, og takka vere namnet gjekk eg og min rumenske ven Alex rundt og kniste heile dagen. Dagen gjekk med til å spasere langs båthamna, myse på båtane og kike på byen sitt eige amfiteater. Frå utsida soklart. Vi var tross alt voluntørar.


Bading

Bading
Sjølv om det ikkje var nemneverdig varmt i lufta, var det Middelhavet vi i fleire dagar hadde kika på, og siste dagen, då vi innsåg at det umogleg kunne verte noko varmare, tok vi mot til oss. Eg hadde ikkje særleg lyst, men då ein voluntør frå sydkysten av Frankrike heiv seg uti før meg hadde eg ikkje lenger noko val. Vi nordmenn har eit rykte å ta vare på når det gjeld lave temperaturar generelt, både i luft og i vatn, so eg gjorde mitt beste for å late som det iskalde vatnet ikkje hadde nokon effekt på meg. Eg kan ikkje sei eg klarte det.


Siste samling

Vinsmaking
Mi siste voluntørsamling fann stad i Pécs, og eg var som vanleg to til åtte timar forseinka. Eit av høgdepunkta var den dagen vi drog i samla flokk til Villány, eit av dei mest fasjonable vindistrikta i Ungarn, og gjekk på vinsmaking. Innbyggarane er nok vande med turistar, men då gjerne eldre tyskarar eller italienarar, ikkje ein gjeng ungdommar som talar stotrande ungarsk med ein aksent som gjev dei hovudverk.


Elles nytta vi ein del tid på å vitje andre voluntørar sine prosjekt, og vi skjøna fort at det kunne vere svært stor forskjell på to prosjekt. Medan somme tilbragte fire timar dagleg i ein barnehage, der dei tok oppvasken og leika med born, hadde andre prosjekt der dei jobba sju til åtte timar dagleg på sjukehus eller eldresenter, med meir eller mindre alt det innebar.


Plitvicka Jezera

Vårblomar









Etter Pécs reiste eg attende til Debrecen, der ein overfolka bustad venta meg. Som eg tidlegare har nemnt er vi fem personar på to soverom, pluss bad og kjøkken. Det var før. Den siste månaden vakna nærare åtte hundre kakkerlakkar frå vinterdvalen og fann ut at dei óg ville flytte inn. Dei bur rett nok meir på og i veggane, enn på golvet der vi bur, men dei stinkar, og ikkje ein av dei har fram til no betalt ein einaste forint i husleige.

---

Dette var siste nyhetsbrev frå meg, ettersom prosjektet mitt enda fjortande april med ein stor kake- og brusfest på ungdomsklubben min. Siste månaden levde eg på sparepengar og andre voluntørar sin godvilje, der eg flaksa frå sofa til sofa mellom forskjellige voluntørbustadar rundt omkring i landet.

Alt i alt har eg hatt eit fantastisk år i Ungarn, og har ikkje angra eit sekund på at eg reiste ut som EVS-voluntør. ( Eg skal innrømme at eg var i tvil om kva eg dreiv på med under innflyging til Ferihegy fyrste dagen, men kjensla slapp meg same stunda eg sette fot på ungarsk jord. )

Før eg reiste til Ungarn kunne mine kunnskapar om landet listast slik:

1. Ungarn ligg i aust-Europa ein stad.
2. Hovudstaden er ein by som heiter Budapest.
3. Språket er utruleg vanskeleg.

Eg kan no korrigere meg sjølv, og fortelje at:

1. Ungarn ligg i Sentral-Europa, i alle høve om du talar med ein ungarar. Aust-Europa er Romania, Ukraina, og andre land som høyrer heime i ein heilt anna kategori enn Magyarország.
2. Hovudstaden er to byar, Buda og Pest, der sistnemnde er hovudstad. Ein ungarar som reiser til Budapest seier han skal til Pest, ikkje Buda eller Budapest.
3. Språket er utruleg vanskeleg.

Om nokon lurer på noko meir, anten om evs, ungarn eller kakkerlakkar er det berre å sende meg ein straumpost på kong_audun alfakrøll c2i.net

Heilt til sist kan eg nemne at alt tyder på at eg er biten av voluntør-basillen, for eg reiser vidare austover i august. Då skal eg jobbe som engelsklærar i Ningxia-provinsen i Kina, eitt år.

Takk for meg!

- Audun, ikkje lenger i austre Ungarn

-----------------------------------------------------------------


REISEBREV 17. MARS 2005
Orsaking
Lenge sidan førre reisebrev no, det er berre å be om orsaking. Eg har mellom anna vore på voluntørsamling i Budapest, skiferie i Slovakia, vore dødssjuk og hatt ei ufin oppleving hjå frisøren.

Våren er her

Vår i Debrecen.
Den ungarske vinteren var brutal, men svært kort. Termometeret viste i dag seksten raude grader, men eg har overraskande nok ikkje rukke å bli solbrent. Andre vårteikn er at julenissane vert fjerna frå butikkvindauga (erstatta av påskeharar), og at vi har oppdaga ein maurkoloni i kjøkkenveggen.

Voluntørsamling
Samlinga i Budapest fann stad oppe i Buda-åsane, på eit hotell med overraskande høg standard. Som voluntørare er vi vande med å ta til takke med dei litt under gjennomsnitt pene plassane, så eit hotell med eigen restaurant, bar og sauna var uvant, men slett ikkje ukomfortabelt. Den mest keisame hendinga på seminaret var vel då eg ramla ned trappa på veg til frukost, eller kanskje då den næraste butikken fortalte oss at dei rett og slett var utseld for drykk. Trappenedramlinga var ei keisam affære berre for meg, medan dei som var vitne til hendingane fann det heile svært underhaldande. Dagen etter kunne eg hauste medynk ved å vise fram ein alboge meir fargerik enn fire regnbogar og åtte ripsbusker til saman. Fleire av voluntørane hadde eg ikkje sett på lenge, og gjensynsgleda var stor. Samstundes var det trist å måtte tå farvel med somme av voluntørane, ettersom mange av EVS-prosjekta enda i slutten av januar månad. Endå verre var det å tenkje på at ved neste voluntørsamling i april er det min tur til å vende nasen heimover mot kaldare, dyrare og mindre gjestmilde trakter.

"Ski"ferie
Reisa til Slovakia ikkje enkel. Temperaturar på ungarske bussar er noko eg har nemnd tidlegare, noko eg ikkje har nemnd er kor mange ståplassar det er på bussane. Sjåførar flest meiner at når det fysisk ikkje er plass til fleire i bussen, ja då er han full. Å kome seg av på rett stopp kan stundom vere vanskeleg.
Skituren var mislukka på skimessig vis, ettersom det viste seg at det ikkje fanst nokon stad å leie verken ski eller snøbrett i nærleiken. Dei av oss (les fem av ni) som ikkje hadde teke med seg eige utstyr nytta tida til ting som snøballkrig, snømannbygging, og namneskriving med gul skrift.

Sjukdom og forfall

Utsikt frå vindauget mitt.
Av uforklarlege grunnar tok den ungarske vinteren omsider knekken på meg, og sendte meg boms i bakken to veker i strekk. Så der låg eg med bihulebetennelse og ein lumsk lungesjukdom (som eg berre kjenner det ungarske namnet på) og knaska penicilin og drakk te. Eg hadde ingen bøker å lese, men heldigvis var det mykje interessant på fjernsynet. Uheldigvis var alt dette på ungarsk, og difor ikkje så veldig interessant likevel. Etter ei stund fann eg ein tåkete tysk kanal, og var vitne til at tilfeldige åleinemødre fekk pussa opp kjøkkena sine før eg omsider sovna, og gjekk attende til dei meir underhaldande feberdraumane.

Nye språkvanskar
Var hos frisøren her ein dag, noko eg hadde utsett lenge. Har rett og slett vore redd for å gå dit. Kanskje skjøna ikkje frisøren engelsk, kanskje vart resultatet noko frå ein anna tidsepoke.. Eg tok til slutt mot til meg og gjekk for å klippe meg. Det heile byrja med at frisøren ikkje prata engelsk, men eg klarte (med ei stygg kjensle av déja vu djupt nedi magen) på middelmådig ungarsk å forklare at eg gjerne ville klippe meg.
(Ettersom eg var i ein frisørsalong, og mannen var frisør trur eg ikkje han hadde så vanskeleg for å forstå dette.) Ting skjedde, og trass i desperate forklaringsforsøk enda eg opp med ein frisyre eg trudde var utdøydd for lenge sidan, utan at eg vil utdjupe dette noko nærare.
-----------------------------------------------------------------
RREISEBREV 24.01.2005
ATTENDE I MAGYARORSZÁG - LITEN TILLIT TIL BRUNOST

Vel motivert etter den førre kjøtkakesuksessen (sjå 2. november) våga eg å invitere til "norvég este" (norsk kveld) nokre dagar etter å ha returnert til Magyarország. Med ein slik kveld i tankane hadde eg teke med ymse "norske" ting frå heimlandet. Desse inkluderte mellom anna brunost, flatbrød, tyttebærsylte, melkesjokolade og Hansa pilsner. Sistnemnde skulle vise seg å vere eit mistak. Ein plass mellom innsjekkinga på Oslo Gardermoen og bagasjebandet på Budapest Ferihegy hadde sekken min fått litt hardare medfart enn eg opphaveleg hadde tenkt meg. Dette gjorde ikkje så mykje for dei andre passasjerane sin del, for ettersom sekken min er impregnert fann væska ut at ho trivdest godt der inne, og valde å marinere alt innhaldet framfor å lekke ut på dei andre sekkane eller eventuelle hardhendte stuarar. Stratosen var lettare udelikat, full av små brune glassskår, og med krafig ølsmak, dei nyvaska kleda var ikkje fullt like nyvaska lenger, og korleis flatbrødet såg ut vil eg helst ikkje snakke om. Brunosten, tyttebærsylta, røykelaksen, kaviaren og tuba (!) med makrell i tomat klarte seg godt, og var berre dekka av eit klissete lag øl og glasskår som eg etter kvart fekk skylt av.

Morten Harket og Bamsemums
Kjøtkakene eg lagde til den norske kvelden min vart om lag som førre gong, men sausen var mykje brunare og betre denne gongen. Med Morten Harket og andre norske slagarar i bakgrunnen slo Bamsemums med små norske flagg i nevane godt an. Røykelaksen gjekk også fort ned, medan kaviar og brunost var mindre populært. Til sistnemnde fekk eg fleire spørsmål som "Et dykk verkeleg slikt noko i Noreg? Til vanleg? Verkeleg? Vaksne folk óg? *pause* Sjukt." Dei fleste prøvde likevel å vere høflege, og kunne finne på å seie ting som "veldig godt", før dei diskret flytta rundstykket til tallerken ved sidan av.

Økonomiske vanskar = Ferie?
Ting ser dårleg ut rundt prosjektet mitt akkurat no, ettersom EU med eitt har ombestemt seg når det gjeld løyvingane til organisasjonen min. Samstundes som vi gjekk inn i det nye året fann EU ut at dei ikkje hadde noko lyst å gje pengar til fritidsaktivitetane lenger. Ettersom jobben min opphaveleg gjekk ut på å assistere dei andre tilsette med fritidsaktivitetane har eg ganske mykje fritid akkurat no. Eg underviser engelsk åtte timar i veka, og det er i grunnen det. Ganske komfortabelt, men ikkje svært gjevande i lengda. Har uansett fri neste veke, skal til Budapest på ny voluntørsamling lik den i Hollokø i september. Har kika rundt, men trur ikkje det er nokon vinfestival i nærleiken. Er litt letta.
----------------------------------------------------------------

REISEBREV TYSDAG 7. DESEMBER
På tommeltur gjennom Romania.
Eg var ein snartur innom Romania for nokre veker sidan, ein av dei eg bur med er Transylvania-Ungarer og laut difor reise til det ungarske konsulatet i Romania for å fornye opphaldsløyvet sitt. Ettersom alle elevane mine var i Nederland den dagen gjekk det heilt greit at eg vart med. Vi stod opp litt før klokka fire, heiv i oss nokre koppar krutsterk kaffi, og tok bussen til ein landsby tjue kilometer vest for den rumenske grensa. Det var framleis mørkt, det regna, og morgonskodda låg tjukk då vi stilte oss opp i vegkanten og vifta med tomlane. Etter å ha hutra på grøftekanten ein tjue minutts tid stoppa ein gammal Trabant som køyrde oss til grensa. Den ungarske grenseposten gjekk kjapt, medan den rumenske grensevakta brukte om lag eit kvarter på å gå med på at Noreg kanskje var eit land likevel, og slapp meg gjennom. Femten meter inn i Romania stilte vi oss opp på ny, og fekk denne gongen haik med ein stor, tjukk mann med skjegg og dress etter berre to minutt. Ferda gjekk vidare til Oradea, og dinest til Cluja-Napoca, ein by som ligg 220 kilometer frå den ungarske grensa, og vert rekna som hovudstaden i Transylvania.

Byen var dekka av eit tjukt lag med is og slaps, og det bles kraftig. Med andre ord, eg stortrivdest. Vi laut vente nokre timar etter å ha levert passet til det ungarske konsulatet, og dinest nokre timar til medan vi venta på eit tog til Oradea. Ettersom vi laut feire at vi hadde nådd Cluja-Napoca på rekordtid, og rumenske ølprisar ligg hakket under dei ungarske, seier det seg sjølv at stemninga var ganske god då vi entra toget som skulle ta oss vest, og heimover. Alt i alt kosta reisa meg med alle utgifter om lag ein halv million lei, eller litt under ein hundrelapp om du vil.

Voluntørvitjing i vest-Ungarn
Eg vitja nokre voluntørvener av meg i Pécs i helga. Byen ligg heilt sørvest i landet, ikkje longt frå verken Kroatia eller Serbia & Montenegro, men dei lyt begge vente til ein gong eg har litt betre tid på meg. Byen er omlag på storleik med Debrecen, men det kryr av Erasmus-studentar der, og allereie fredag kveld møtte eg min fyrste nordmann sidan tolvte september.
Eg har tidlegare snakka langsam norsk med svenske og danske voluntørar, men å møte ein retteleg vestlending der eg fritt kunne utfalde meg på mitt eige tungemål var befriande. (Takk Tore! ) Fleire voluntørar frå Budapest var også i byen denne helga, og eg trur aldri karaokebarane i Pécs kjem til å verte dei same att.

Klin kokos naboar og sprø huseigarar
Eg har tidlegare nemnt at eg bur i ei leilegheit i ei gammal sosialistblokk med fire andre ungararar, men for augneblunken stemmer ikkje dette heilt. To av dei har flytta ut, og to andre, derav ein av dei er norsk og heiter Audun, har blitt kasta ut på tvilsamt grunnlag. Problema byrja eigentleg då vi fann ei mykje betre, og mykje billigare leileghet i ein anna del av byen, og opplyste huseigar, slik kontrakta tilseier, ein månad på førehand at vi ynskja å flytte. Huseigar derimot, den godaste fru Nagy (som for øvrig er ungarsk, og tyder "stor", og er eit utruleg passande namn) tok dette ille opp, og sendete herr Nagy (som framleis er ungarsk, men burde tyda "endå større") for å snakke oss til rette. Dette gjorde han på eit noko aggressivt og høglydt vis, og det heile på ein svært gebrokken tysk. I ettertid (ti minutt seinare) fann vi heile episoden hysterisk morosam, men akkurat der og då var han meir ei plage. Dagane gjekk, helga kom, og måndag morgon ringer fru Nagy (som kanskje tyder "teit i trynet" óg), og fortel oss at naboane har klaga på voldsom festing heile helga, og at ho vil ha oss ut innan månaden er omme. Vi var sjølvsagt glade for å bli kasta ut, då dette var akkurat det vi ynskja, men tykte naboklagane verka litt merkelege, ettersom ingen av oss hadde vore i Debrecen i det heile teke den helga. Mindre underhaldande var det å få vite at ho difor valde å behalde depositumet på tjue tusen forint. For denne summen kunne eg elles fått:

Sjølvsagt er det somme ting eg kjem til å sakne når eg no forlét Lehel Utca 10. Mindre enn fem minutts gange til Interspar, tre minutt til ein anna butikk, og i sjølve bygningen finst det ikkje mindre enn to ølstover, båe med eit svært underhaldande klientell.

Galne-Janos
Ting eg ikkje kjem til å sakne er mellom anna den klaustrofobiske heisen som slår seg vrang to gongar om dagen i veka, og fire gongar om dagen i helgene, eller Galne-Janos, naboen min i etasjen under. Han går under namnet Galne-Janos av den enkle grunn at han heiter Janos, og er klin galen. Mellom klokka fem og åtte kvar morgon finn han fram ein hammar, eit skrujern, eit stort ausekar eller ein anna metallgjenstand og byrjar denge på radiatoren sin. Dette finn eg litt plagsomt ettersom radiatoren hans er like under radiatoren min, og lyden forplantar seg gjennom metallrøyra, og dundrar ut om lag førti centimeter frå øyret mitt, uansett om det er tysdag, fredag eller sundag morgon. Nokre timar seinare finn han fram noko som kan høyrest ut som ein hammer, og byrjar snekre litt. Om han verkeleg snekrar eller berre slår i veggen av di han likar lyden veit eg ikkje. Ei stund seinare byrjar han med noko eg trur er ein drill, denne brukar han heldigvis sjelden meir enn eit kvarters tid. Etter drillinga vert det som oftast heilt stille i nokre timar, før han byrjar synge. Teorien min er at han etter drillinga ét middag, og etter måltidet legg seg nedpå for å sove litt. Når han så vaknar byrjar han synge, og syng høgare og høgare di det seinare det vert. Etterkvart byrjar han på ny å leike med radiatoren, og ein kombinasjon av song, radiatordenging og skriking fyller kjøkkenet til langt på kveld. Ein gong prøvde eg sjølv å slå radiatoren min med ein gaffel like etter at han var ferdig. Eg slo berre ein gong, men dette var nok til at han reiv opp kjøkkenvindauget sitt og byrja skrike til meg på ein ungarsk eg forstod overraskande mykje av.
-----------------------------------------------------------------
REISEBREV TORSDAG 18.NOVEMBER
Ungarsk presentasjon, del 2
Eg har tidlegare påpeika vanskane rundt ein ungarsk presentasjon. Fullstendige ukjende namn og lydar vert heilt uventa kasta rett i fleisen på meg, og attpåtil i feil rekkefølge. Det varmar difor heilt ned i Dalsbusokkane at ungararane ser ut til å ha minst like store problem med namnet mitt. Det er sjeldan eg presenterer meg med fullt namn når eg møter jamnaldrande, men om så skjer, så skjer det i alle høve på rett vis.
Rekkefølga namna kjem ut i er sjølvsagt heilt likegyldig, då eg likevel må gjenta alt ein tre-fire gongar før nokon i det heile innser at det er eit namn eg prøver å fortelje dei. Her listar eg opp dei tre vanlegaste reaksjonane når eg presenterer meg med fullt norsk namn:
  1. Eit rart blikk, etterfulgt av tvilande augekast mellom dei ungarsktalande personane i nærleiken.
  2. "Tessek?",som er ungarsk for "Orsak meg?" eller austerriksk for "tosk!"
  3. "Thank you, I am fine."

Likskapen mellom namnet "Audun" og frasen "how do you do?" er ganske liten i mine øyre, men svaralternativ nummer tre førekjem overraskande ofte. Eg har meir enn éin gong sett meg nødt til å nytte det ungarske namnet Ødøn for å gjere meg forstått. Her listar eg opp dei tre vanlegaste reaksjonane når eg presenterer meg som Ødøn:
  1. Latter
  2. Eit forsøk på å la vere å le, men dinest latter.
  3. Eit fnys, med påfølgande latter

Denne presentasjonen framkallar latter hos sjølv dei eldste og mest høflege personar eg talar med. Namnet kan samanliknast med det norske "Harry", eller "Vidkun", berre veldig mykje verre. Det finst ingen i Ungarn som heiter Ødøn, eller i alle høve ingen som frivilleg innrømmer at han er ein Ødøn.
Utanom meg.

Synkroniserte filmar
Eg var på kino på sundag, og det var verkeleg gode greier. Filmen var diverre dubba til ungarsk, så eg skjøna ikkje stort av samtalane som føregjekk på lerretet. Men, ettersom filmen heitte “Alien vs. Predator” trur eg ikkje eg gjekk glipp av dei heilt store dialogane, det er faktisk godt mogleg at filmen vart betre no som eg ikkje skjøna anna enn “ja”, “nei” og “ÅÅRGH!”. Dei siste tre kvartera av filmen skjøna eg absolutt alt som vart ytra, då det ikkje var noko anna enn god, gammaldags, klår og enkel, internasjonal vald. Eit mesterverk. Dersom eg nokon gong ser filmen på ny skal han vere dubba til eit språk eg kan endå mindre av. Kanskje tyrkisk.

Guffent haustvêr

Audun tenkjer attende på varme haustdagar
Eg vakna her ein morgon og oppdaga at heile den varme ungarske "vinteren" min hadde reist sin veg, og etterlatt ein mykje kjøligare, våtare og meir vindfull vinter. For fyrste gong sidan eg kom til Ungarn laut eg lukke att vindauget mitt. Ikkje grunna kulda, snarare grunna regnet som fossa innover skrivebordet mitt, og vinden som reiv Alphaville-plakaten min rett ned frå veggen og slengde han i eit hjørne saman med alt anna flyttbart rommet mitt hadde å by på.
Det er litt trist at eg ikkje lenger kan lukke auga, la sola varme meg, og late som det er sumar, men no kan eg lukke auga, la regnet piske meg i andletet, og late som eg er i Sunnfjord, og det er jo nesten like bra.
....................................

REISEBREV MÅNDAG 2. NOVEMBER
Varm ungarsk "vinter"
Det er november månad, og temperaturen ligg framleis like under tjue grader celsius på dagstid. Det er ikkje berre voluntørar frå kalde land som tykkjer dette er rart, frå kva eg har skjønt frå lokalbefolkninga (les:
ikkje stort) er det ikkje vanleg med slik ein temperatur så seint på året, men heilt utenkjeleg er det ikkje. På nattestid kan temperaturen ramle heilt ned på iskalde fjorten grader, og ungarar flest utstyrer seg med hue og vottar, og gjev gjerne rare blikk til norske voluntørar som spradar rundt i t-skjorte og bleike armar.

Kjøtkaker.. eller noko som liknar... litt... kanskje...
Gjorde eit desperat forsøk på å lage kjøtkaker her førre veke, men sleit litt med å finne dei rette ingrediensane. Eg laut difor improvisere ganske mykje for å få eit godkjent resultat. Eg plukka tilfeldige ungarske kryddarposar i butikken, og tok med meg ting eg tykte likna på det eg trengte. Det var ikkje alt eg fekk med meg som hadde like mykje med matlaginga å gjere, men ein veit jo aldri når ein kan få bruk for til dømes kalkunpostei med sopp. Resultatet av den provisoriske kjøtkakedeigen kan sjåast på biletet. Eg må inrømme at kjøtkakene mine kanskje ikkje liknar heilt på dei i kokeboka mi, men smaken var likefullt fortreffeleg.

Motiverande arbeid
Arbeidet på ungdomssenteret går godt. Til å byrje med var det ikkje så mykje å gjere, men eg har no fått fleire oppgåver, og byrja undervise både engelsk og tysk for nybyrjarar for to veker sidan. Det er morosamt, men ettersom engelskkunnskapene til elevane ofte er verre enn ungarskkunnskapane mine slit vi litt med å kommunisere, så det går veldig mykje i peiking, teikning og ordbøker.
Det eg likar best ved undervisinga er at absolutt alle elevane er utruleg entusiastiske, og sjølv dei som slit mest gjev aldri opp, men held fram og prøver, og prøver. Det er veldig motiverande for meg å sjå at dei alle verkeleg har lyst å lære, og gjer sitt ytterste trass i lese- og skrivevanskar, tidlegare rusmisbruk eller andre situasjonar som kan gjere læringa vanskelegare.

Eit uventa språkproblem
Eit noko uventa problem med engelskundervisinga er at eg sjølv har problem med å justere meg attende til eit normalt språknivå etter å ha tala ein svært enkel, tydeleg og sakte engelsk i nokre timar. Det mest interessante med dette er at eg til å byrje med ikkje la merke til det sjølv, og kunne finne på å seie noko slikt som dette til ein med engelsk hovudfag: "Hello.
Hoow, are, you, doo-ing? Yes. Thank, you. Very, goood." - Alt saman medan eg gestikulerer vilt med armar og bein. Dette resulterer som oftast i at den eg talar med enten byrjar å le, ser rart på meg og spør kor mange kromoson eg har, eller berre går sin veg av di han trur eg gjer narr av han.
At å prate ungarsk skulle komme til å verte eit problem var eg fullstendig klar over, men eg hadde ikkje forventa at engelsken også skulle verte problematisk.
...................................

REISEBREV 2. MONDAG 11. OKTOBER
Språkutvikling
Ting går framover, og eg har no lært meg både namn og uttale av desse på samtlege av dei eg deler bustad med. I tillegg har eg lært meg litt av dei meir fargerike delane av det ungarske språket, samt eit stort utval orsakinger, dersom eg paa eit eller anna vis skulle komme til a fornærme nokon. (utenkjeleg) Personleg meiner eg at språk som har fleire kasus enn folk flest har fingrar og tær til saman er tåpelege.

Alphaville

Alphaville - i glansdagane
Var på konsert med sjølvaste Alphaville førre veke. Det var fantastisk, men eg trur eg var den einaste i salen under førti år gammal som kom av fri vilje. Samtlege av dei andre vitjarane var mann og kone, gjerne også med eit lite born eller to dersom dei ikkje hadde fått tak i bornepassar. Eg har aldri før sett så mange gamle folk hoppe opp og ned og skrike i takt samstundes, og vonar det tek litt tid før eg opplever noko slikt paa ny.
Bandmedlemmene hadde også tapt seg litt sidan det smekre åttital, og var no både skalla og runde og gode.

Volontørsamling
Frå torsdag til sundag denne veka vitja eg den idylliske landsbyen Hollokø, som ligg nord i landet, like ved den slovakiske grensa. Byen er skikkelig gammal og UNESCO tykkjer den er kul. Her arrangerte Mobilitas Volunteers club for alle dei utanlandske voluntørane i Ungarn, samt eit par ungarske eks-volontørar som fann det for godt å ta turen innom. Mobilitas er det ungarske nasjonale kontoret for Ung i Europa. På føremiddagane diskuterte vi kva problem ein møter eller kan risikere å møte på som voluntørar i eit framandt land, og korleis ein best kan takle desse.

Inntog i ølstovene
Ettermiddagane gjekk med til leikar og underhaldning av ymse slag, og på kveldstid sørga vi for å gje dei lokale ølstovene ein økonomisk løft dei kjem til å tenkje attende på til langt utpå vinteren. Laurdag og sundag var det vinfestival i landsbyen, noko som tyda at fleire av vindyrkarane i området møtte opp med svære dunkar av eigenprodusert vin, som dei raust delte ut til einkvar som ynskja seg ein liten smak eller fem. Gratis. Som gode volontørar visste vi å sette pris på denne eineståande sjansen til å få oppleve ein tradisjonell ungarsk bygdefest. Dette prega både oppmøte til frukost sundag morgon, og diskusjonane utover føremiddagen. Delar av lokalbefolkninga i Hollokø slit framleis med traumer etter dette uventa og mildt sagt brutale møtet med ungdommar frå resten av Europa.
......................................................

REISEBREV 1. SEPTEMBER
Eg er innlosjert
Eg bur i niande etasje i ei vakker betongblokk frå ein ukjend tidsepoke saman med fire andre. Ein rumener som studerer engelsk hovudfag, berre fordi mammaen hans vil det, og eigentleg vil bli brannmann. Den ungarske kjærasten hans som har studert molekylær biologi, og no jobbar med å dissekere små dyr eller noko i den duren. Ein ungarsk arkitektstudent som snakkar god tysk, men ingen engelsk. Og til sist nok ein ungarer som heiter Gevær eller noko slikt, som studerer økonomi og administrasjon. Sistnemnde talar kun ungarsk, og er interessant nok den einaste av dei eg bur med eg nesten kan namnet paa. Det er ikkje mi skuld, ungararar presenterer seg med fyrst etternamn og deretter fornamn, og det heile skjer ganske fort. Eg skal gjere eit nytt forsøk på å skjøne kva dei seier seinare i dag.

Dårleg folkeskikk
Eg har allereie rukke å fornærme alle dei eldre damene i nabolaget rett og slett ved å være ignorant nok til ikkje å vite at det er god folkeskikk å seie “ynskjer deg ein vidare god dag” eller noko slikt, til alle eldre personar ein møter. Diverre er alt eg kan paa ungarsk foreløbig takk, ja, nei, hei, hadet, ein, to, tre, fire, øl, og setninga “nem tudok magyarul, tud Ön angolul?” som praktisk nok tyder “eg snakkar ikkje ungarsk, snakkar du engelsk?” Eg har ikkje fått høve til å nytte setninga endå, då mange av dei lokale framleis trur eg er ein uteliggar.

Språkkurs og video
Ser fram til å byrje jobbe på måndag. So longt veit eg at eg skal halde eit engelsk- og eit tyskkurs, og truleg hjelpe til på ei filmgruppe. Eg er uviss på kva sistnemnde eigentleg inneber, men det kan sjå ut som om oppgåva enkelt nok er å sjå videofilmar.





Aktiv Ungdom 20 år

Den Europeiske Ungdomsportalen
Eurodesk-logo

Følg Aktiv Ungdom på #aktivungdom




RSS Hold deg oppdatert
med RSS