Eit lite stykke Europa
Det er kanskje litt merkeleg å sitte på ei øy i Karibia og framleis vere i Europa. Men det er fullt mogleg i Ung i Europa-programmet*.
Tekst og bilete: Tove Eivindsen, Møre og Romsdal fylke
Guadeloupe er eitt av Frankrike sine fire oversjøiske departement, og ligg i Karibia. Guadeloupe er dermed del av EU, Jacques Chirac er president, valutaen er euro og alle snakkar fransk. Og - som del av Frankrike, er Guadeloupe eit område vi kan gjere internasjonale utvekslingar med.

Tove Eivindsen iført hatt laga av kokosfiber.
Deltakare frå øy- og kystsamfunn
6.-12. november var det kontaktseminar på øya. Ung i Europa Frankrike inviterte til seminaret ”Green heritage”, med tema ungdomsarbeid innan miljø og berekraftig utvikling. Målgruppa var ungdomsarbeidarar frå øy- og kystsamfunn, men også deltakarar frå meir landfaste strok var med - Austerrike, Frankrike (Guadelopue, Guyana, La Réunion og Martinique), Tyskland, Island, Italia, Liechtenstein, Polen, Spania (og Guatemala) og Storbritannia, samt Norge.

Gruppearbeid - her er deltakarar frå Sardinia, Guadelopue, Roma, Island og Guyana.
Besøk på verksemder og organisasjonar
I tråd med temaet, besøkte deltakarane lokale verksemder som har miljøperspektiv i sin produksjon. Mellom anna var det besøk på ei bananplantasje, der ein hadde redusert bruken av sprøytemiddel. Det er unekteleg ei spesiell oppleving å sjå kvar maten vår kjem frå - det er ikkje kvar dag ein ser bananar, kaffi, kakao, bomull og sukker i sin naturlege tilstand.
Det var også besøk på ein lokal kaffifabrikk og ein kombinert botanisk hage og dyrepark, der fleire av dyra var tidlegare eksotiske kjæledyr som eigarane ikkje klarte å ta seg av.

besøkte også ein skule, der barne- og ungdomsarbeidarane lagar tradisjonelle hattar i ventetida medan elevane har undervisning.
Dette er eit svært imponerande prosjekt, spesielt med tanke på at det er ein frivillig organisasjon som står bak satsinga. I følgje ordføraren i kommunen hadde trivselen og kvaliteten på skuledagen betra seg så mykje på grunn av aktivitetane, at mange foreldre som tidlegare hadde hatt barna sine på privatskular, no flyttar barna sine tilbake til denne offentlege skulen.

Barne- og ungdomsarbeidarar står for aktivitetar for elevane i friminutta, mellom anna song og dans.
13 nye prosjekt på vei
Under seminaret var det også fokus på konkrete samarbeid. Formålet med slike kontaktseminar er at ungdomsleiarar skal møtast og legge grunnlaget for framtidige internasjonale utvekslingar. Under oppsummeringa av seminaret viste det seg at alle dei 30 deltakarane var involvert i nye prosjekt som resultat av seminaret – og 13 nye prosjekt var fødde.
Verd å vite
Dei fire franske oversjøiske dominionane som deltok, Guadelopue og Martinique i Karibia, Guyana på nordspissen av Sør-Amerika og La Réunion i Det indiske hav, er veldig interesserte i utvekslingar med ”Fastlands-Europa”. Det er derfor gode moglegheiter for å arrangere utvekslingar med dei. Ha i mente at det er lurt å ha med nokon som snakkar fransk i prosjektet. Kven som til ei kvar tid er interesserte i partnarar finn de i neste avsnitt: Partnerannonser. Partnerannonsene er en oversikt over grupper som ønsker å finne ungdomsgrupper fra andre land å samarbeide med. Oversikten inkluderer grupper fra alle landene som deltar i programmet.

Denne spesielle gravplassen er på verdsarvlista til UNESCO.
Lenker
Partnerannonser
Kursutlysninga
The Guadeloupe Guide
The World Factbook
* Samarbeid med de franske oversjøiske departementene er også mulig i Aktiv ungdom
.
Les også om
Aktiv ungdom-seminar under fjerne himmelstrøk
Eit lite stykke Europa
Europa samlet på Finnskogen
Eksotisk og vidunderlig



