Utskriftsvennlig versjon Del på Facebook

Find Your Place, Tyskland 8.-14. juni


Kurs om korleis ein kan styrke ungdom til å ta initiativ og ansvar for seg sjølv og samfunnet dei lever i, gjennom å bruke natur-basert opplæring og aktivitetar innanfor lokalsamfunnet. Søknadsfrist 14. april


Kven kan delta?

Kurset passar for ungdomsarbeidarar, ungdomsleiarar og prosjektleiarar. Dei som søkjer må vere over 18 år, kunne bruke engelsk som arbeidsspråk og delta aktivt på heile kurset. 

 

Kostnader

Aktiv Ungdom-programmet dekkjer reise og opphald mot ein eigen(an)del på kr. 500 for kurs i utlandet, kr. 200 for kurs i Noreg. Deltakaren legg sjølv ut for reise og får refundert dette etter kurset.

 

Meir informasjon og søknadsskjema

På Salto-sidene kan du finne utfyllande informasjon om kurset, og lenke til elektronisk søknadsskjema.

 

Nettbasert søknad

Det er nettbasert søknad (online application) til dette kurset, følg lenka over. Dersom du ikkje allereie er registrert i den europeiske kursdatabasen (Salto), må du opprette ein søkjarprofil med personlege opplysingar. Desse opplysingane vert henta inn i søknaden, og vert brukt når vi skal velje ut deltakarar, til deltakarlister osv. Det er derfor viktig at du fyller ut alle dei obligatoriske felta.

Etter at du har oppretta søkjarprofil, kjem du rett inn i søknadsskjemaet. Dine personlege data er da fylt ut. Svar så på spørsmåla i skjemaet. Denne informasjonen vert brukt når vi skal velje ut deltakarar, og vert sendt til kursleiarane slik at dei veit litt om bakgrunnen til deltakarane. Når du trykkjer på ”Registrer”, blir skjemaet lagra. Etter søknadsfristen leser vi på Aktiv Ungdom-kontoret søknadene og prioriterer mellom dei norske søkjarane.

 

Fleire søkjarar frå same organisasjon

Vi får av og til spørsmål om fleire frå den same organisasjonen kan søkje, og dette er det i prinsippet ikkje noko i vegen for. Men det er ofte fleire søkjarar enn kursplassar, og vi vil sjeldan prioritere to søkjarar frå den same organisasjonen dersom det er mange søkjarar. Dersom ein organisasjon ønskjer å sende fleire deltakarar, kan dei gjerne skrive kven av søkjarane som de ønskjer skal prioriterast dersom ikkje alle får plass.

 

TCP-nummer: NO-TCP-157-2012





Les også om
Aktiv ungdom-seminar under fjerne himmelstrøk
Eit lite stykke Europa
Europa samlet på Finnskogen
Eksotisk og vidunderlig


This site UK

Penger til prosjekt?

Send inn din prosjektidé og motta svar raskt!

Penger til prosjekt

Aktiv Ungdom på Instagram og Twitter, #aktivungdom




RSS Hold deg oppdatert
med RSS