Utskriftsvennlig versjon Del på Facebook

Gard (26) jobbar i Polen


Gard Eitungjerde Høyvik jobbar på et møtesenter for ungdom i Polen. Hans senderorganisasjon er Norsk Teaterråd.



Hei og hopp! Eg heiter Gard og er for tida volontør i Polen. Volontøravtalen min kom i stand ved at eg som søkjar fann ein non-profit organisasjon som ville stå som sendarorganisasjon ut frå Noreg. I mitt høve vart dette Norsk Teaterråd, som er ein paraplyorganisasjon for amatørteaterorganisasjonar. Eg måtte vidare finne eit prosjekt som eg tykte var interessant. Eg fann eit prosjekt i den nordaustlege delen av Polen som var ute etter ein person med min bakgrunn.

Kræsjkurs i polsk
Eg er no på Camp Rodowo - eit møtesenter for ungdom, der det føregår ulike kurs, ungdomsutvekslingar og andre aktivitetar. Eg har snart vore her i ein månad. Då eg kom ned hit, var eg godt sliten etter ei lang reise. Eg fekk sett tinga mine inn på rommet eg skulle dele med to andre for ei veke. Deretter vart eg hivd inn på eit polsk-kurs for nybyrjarar. Eg kom ned ein dag seinare enn dei andre, så kursdag II var alt i gang. Etter ei og ei halv veke med intensivt språkkurs ( på det meste 10 timar for dagen), kunne me seie setningar som: Kor gamal er du? eller: Hundre år! (som ein seier kvar gang ein nys) eller: Cholera! (som er eit mildt kraftuttrykk som læraren vår brukte når me sa noko "riv ruskande" gale, eller når blyanten hannar datt i golvet.

Tett program
Etter språkkurset var det ekskursjon til ein by for å sjå på tysk eksperimentell film, polsk/tysk tandem (gruppearbeid der dei lærer kvarandre sine språk) og historiekurs om området Monsuria i Polen. Eit omfattande program, altså. Om kveldane var det vanskeleg å få kvilt ut, for det skjedde ein heil masse då også, så det vart lite søvn. Men etter eit besøk hos ei venninna hadde eg fått opparbeida nok energi til å ta imot neste gruppe. Dette var eit kurs der russarar skulle lære ulike teknikkar for å undervise i menneskerettar.

Plutseleg bestevenner
Det er mykje som skjer her til eikvar tid. Ein må verkeleg stele seg til å vere ein halvtime for seg sjølv når høvet byr seg. Men det er utruleg sosialt: Når ein treng ein klem, er det bra at me er fem volontørar her på Camp Rodowo. Me bur saman, et saman og jobbar saman. Det er rart å hoppe over dei første stadia når det gjeld vennskap. Ein jobbar saman - og plutseleg er ein bestevenner, og det kjennest som om ein har kjent kvarandre i fleire år - eller i alle fall månader. I tillegg til oss 5 er det omlag 10 andre som jobbar rundt om i området. Desse er og blitt gode venner med oss. No til helga skal alle vi femten lage underhaldninga til vårfesten i Wegorzevo (ein by UTANFOR Rodowo!!). Det er litt stort at me skal utanfor campen, for det skjer berre når me har fridagar eller er på ekskursjonar - og så no på vårfesten.

Tips til andre nysgjerrige
Det er masse arbeid, men det er kjekt å bli kjend med seg sjølv og andre på denne måten. Så om du vil bli volontør i eit land som er med i EU, er det berre å settje igong å leite etter prosjekt.

Database med prosjekter
Her plottar du inn kva for land eller kva for ting du vil jobbe med, og vips får du opp ei stor liste.

Det er flest plassar som treng volontørar om hausten. Dersom du kan tenkje deg å jobbe med eldre, ungdom, med unge eller ungar, med folk med alkoholproblem, eller andre målgrupper. Kan dette vere noko for deg? Der er tema du kan jobbe med, som, økologi i naturen, jobbe på museum eller kultur på annan måte.

Dersom du vil reise, er det lurt å vere ein aktiv søkjar. Skriv du først brev eller epost, så bør du ringje for å følgje opp nokre dagar seinare. Ikkje berre sit og vent på svar. Folk som du kontaktar har det travelt, og den som står litt på, får lettast svar!

Lukke til!
-----------------------------------------------------------------
Juni 2006 REISEBREV NR. 2

Mykje jobbing og språklapskaus
Her i Rodowo er det framles mykje action. Om eg skulle ha skreve noko som helst om kva som går føre seg her i leiren kunne eg ha nemt at me har hatt fleire ungdomsutvekslingar, korleis drive ungdomsarbeid på ein interaktiv måte, unge folk som møtes som likar å skriva, to vennskapsbyar i Polen og Tyskland møtas her for musikk, dans, drama og kunst, der eg hadde to dagar med improvisasjon som førte fram til ein improvisasjonsshow. Eg kunne ha fortald at eg har hatt ein dag der eg underviste litt i impro og masse i dei undertryktes teater. Der eg snakka engelsk og så vart dette omsett enten av ein som kunne litt engelsk til polsk (for den polske gruppa, og for tolken), for så å bli omset av tolken til russisk. Eller det vart omsett frå meg på engelsk, til tolken på tysk og så måtte ho omsettje til polsk og russisk. Dette seier sitt til at det kan vere vanskeleg med komunikasjonen på ein plass med masse ulike språk. Eg kunne òg ha nemt at det å vere tilgjengleg omlag 12 timar for dagen er hardt. At ein verkeleg må stele seg til tid for ein sjølv, er hardt, spesielt når ein er vand med å stå opp i ti tida om morgonen og så bruke to timar berre for meg sjølv, og så kan dagen byrje. (studenttilværet er herleg.)

EU-motstandar med lønn frå EU
Eg kunne og fortald at EU-motstandaren meg, er no lønna av EU, i eit EU-prosjekt, at her i leiren feira dei at polen har vore med i EU i 2 år, eg skåla med champagne, og det var ein knakande kjekk fest. (Ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko, kvifor ikkje utnytte å få nokre pengar ut av EU og champagnen deira smakte utsøkt, så kvifor ikkje.) Nei eg vil ikkje skrive noko om mitt harde arbeid, eg vil heller skrive om det å ha fri og vere vekke frå all galskapen.

Å dele med seg – polsk gjestfrihet
Eg har rett til å ha to fridagar pr. veke. Det hender eg berre tek ein, eller om det er masse å gjera ei veke, så tek eg ingen, men då er det godt å kunne spare dei opp og ta fri for ein lenger periode når eg har sjansen. Eg var nettopp og besøkte polslæraren min i Krakow. Der vart eg handsama som ein konge. Det er eit polsk uttrykk som går omtrent som ”Det gjer ingenting om du gjer deg blakk på ein gjest, så lenge gjesten har det bra.” Dette stemmer bra med korleis det er i praksis. Ein ven av meg var på besøk til ei venninde, då dei fekk høyra at han skulle få besøk av familien hans på 6 personar, sa ho at han berre måtte kome på besøk, til henne, då ville ho og familien flytte ut for denne veka, slik at dei kunne bruke huset. Omtrent den same mentaliteten er det blant volontørane. Om ein har noko ein ikkje treng, gir ein det vekk. Om eg er i den byen ein annan volontør bur i, så er det berre å seie ifrå og ein får sove i leiligheita (sjølvsagt om det passar). Eg likar ikkje å sove i same seng som andre, eg likar ikkje å sove på liggeunderlag på golvet. Men her i Polen har eg måtte lære det, og det går bra.

Å senkje sin kropp ned i vatn
Me volontørar har nett skreve eit hefte for alle interesserte. Og der var det eit spørsmål om kva som vil bli det fyrste du vil gjere når du kjem heim. Eg skreiv at det fyrste eg ynskje å gjera er å ta eit varmt bad, reise til ein symjehall, bade og ta badstu. Det er noko eg saknar, eg trur det er mogleg å spore opp her i Mazuri, men det blir med å jobbe og når eg har fri samle krefter. Det er berre no om sommaren, me kan symje i innsjøen her.Eg har gløymt å fortelje om naturen her! Den er flott. Innsjøen startar 5 km herifrå, og endar opp nokre hundre km unna, perfekt for kanoturisme.

Første møte med Rodowo
Då eg kom ut av toget her i mars, då var det ein meter med snø, og fattig vintervegetasjon. Eg såg ikkje ei levande sjel. Eg begynte å stresse litt, hadde eg kome på feil stasjon, hadde dei gløymt at dei skulle henta meg eller hadde det skjedd ei misforståing? Det begynte å bli bitande kalt der allereie etter eit minutt. Eg tok opp min norske mobiltelefon for å sjekke om det var dekning på denne øyde stasjonen. Eg hadde akkurat fumla fram nummeret, då eg såg ein bil kome rolig 100 meter unda. Ut av bilen kom ei som ikkje kunne vera stort eldre tretti (eg gjorde nett ei teknisk undersøkjing og fann ut at ho faktisk er 26 akkurat som meg, men ho verkar jo så mykje eldre enn meg, for ho er jo sjefen min). Eg hadde sett for meg ei som var eldre. På strekninga frå Sorkwity til Rodowo på 5 km. var det ikkje nokre bilar, og ikkje såg eg nokre heller den fyrste månen. Folk heldt seg inne, den einaste plassen ein kunne treffe folk var inne på dei tre butikkane, på frisørsalongen, på postkontoret, i barnehagen eller bensinstasjonen som Sorkwity består av av offentlege bygningar. Men no tre månader etter er det ein del bilar grunna turisme, og ein ser folk på gata og det er kjekt. Dersom ein isolert sett ser fritida og ikkje all den harde jobbinga er det kjekt å volontør.





Les også om
Fire volontører om EVS
Ellinor jobber som frivillig på et senter for barn i Latvia
Fra Frankrike til Nordpolen
Volontøropphold på Voss: Eventyr, oppdagelse og lykke
Astrid reiste til Sardinia som volontør
Hva gjør du egentlig i Norge?
Elise var volontør i England
Maren dro til Frankrike som frivillig arbeider
Ajla jobber som volontør i Frankrike
En volontørs bekjennelser
Fra Grua til Stuttgart
Astrid reiste til Sardinia som volontør
Ønsket å hjelpe andre
Film: Du kan forandre deg selv, og livet ditt!
Film: Møt Boldizsar, volontør i Nordfjordeid


Aktiv Ungdom 20 år

Den Europeiske Ungdomsportalen
Eurodesk-logo

Følg Aktiv Ungdom på #aktivungdom




RSS Hold deg oppdatert
med RSS