Utskriftsvennlig versjon Del på Facebook

Vannprøver, flått og munnharpe - volontørtjeneste i Østerrike



Sommar i Tyrol
Guro Lien fortel: Med eit svakt bilete av Østerrike som eit ljodlande alpeland midt i Europa, sette eg meg etter påske i år på flyet til Linz i Oberösterreich. Det eg visste, var at eg hadde eit halvt år som volontør på eit nasjonalparksenter i ei lita bygd framom meg, og at ei dame med eit Nationalpark Kalkalpen-skilt kom og henta meg på flyplassen.




Kalkalpen nasjonalpark
Varm vårluft slo imot meg då eg gjekk ut av flyet på Hörsching, den vesle flyplassen i Öberösterreich sin hovudstad Linz. Like etter at eg hadde kome gjennom ”Ankunft Ausland” fekk eg auge på dama med nasjonalpark-skiltet og visste at der stod Iris, mentoren min, som eg kom til å jobbe med stort sett kvar dag dei neste seks månadane. Velkomsten var varm som vårsola og praten allereie godt i gang då me steig inn i bilen, som også bar logoen til Nationalpark Kalkalpen. Me snakka på ”høgtysk” med eit par innslag ov engelsk når eg ikkje fann dei tyske orda. Det var akkurat som om skuletysken kom tilbake idet eg sette føtene i eit tysktalande land. Me køyrde ein times tid gjennom eit frodig landskap med store jorde og djupe, smaragdgrøne eleveleie og gjennom vakre små landsbyar med mangefarga steinhus før me kom til det som skulle vere min heim i seks månadar framover: Frühstück Pension Joschi i den nydelege vesle bygda Molln. Ei dame i 60-åra, Frau Illecker, tok oss imot og lot meg få velge mellom to rom. Eg bestemte meg for det med ettermiddagssol og eige bad. Etter eit kort besøk på min nye ”arbeidsplass” og eit par telefonar heim, sovna eg i den nye senga mi, utsliten etter den lange, søvnlause reisa, men med ei god kjensle i kroppen.

Heime i munnharpeland
Denne kjensla av å vere tilfreds har fylgd meg heile tida her i Molln, kjensla av å vere velkommen og til og med føle seg heime. Kanskje fordi mange mollnerar seier ”I’ geh’ heim” når dei går heim, eller kanskje nettop fordi heimbygda mi Rauland og Molln har noko særeigent til felles: I fjor haust vart ein internasjonal munnharpefestival/kongress arrangert i Rauland. Denne festivalen har tidlegare vorte arrangert 3 andre stader i heile verda: i Iowa i USA (1984), Yakutia i Sibur (1991) og i mi noverande ”heimbygd” Molln (1998). Difor har eg og møtt fleire mollnerar som har vore i Noreg ein gong: I Oslo og i Rauland. Som kjend: Verda er lita.

Mitt eiga Østerrike
Alt som var rart i byrjinga har blitt til noko godt fordi det alltid kjem til å karakterisere ”mitt Østerrike”. Det kompakte, mørke brødet med den særeigne ettersmaken til dømes, eller den østerrikske dialekten med dei forvridde og forkorta tyske orda, som til tider ligg milevis frå den tysken me har lært på skulen, dei dubba Hollywoodfilmane på ORF 1, Østerrike sitt TV2 og den populære folkedrakta ”Lederhosen”, ein skinnikkers med selar. Flåtten, det svarte insektet som finst i tusental i skogane her, er kanskje det einaste typiske for Østerrike som eg ikkje har blitt glad i. Ein stad går grensa.

Volontørtjeneste
Det som har gjeve meg sjansen til å ta del i dagleglivet her i landet eit halvt års tid, er det overraskande ukjende EU-Programmet Ung i Europa, den delen som heiter volontørtjeneste. Det gjer det mogleg for ungdom mellom 18 og 25 år å arbeide 6-12 mnd i eit europeisk land. Prosjekta varierer frå arbeid med barn og unge til arbeid innan kultur og miljø, foreksempel Greenpeace eller som i mitt tilfelle, på eit nasjonalparksenter. Tre partar gjer eit slikt utanlandsopphald mogleg: Volontøren (eg), sendarorganisasjonen (Rauland Turist) og vertsorganisasjonen (Nationalpark Kalkalpen). Det ein må gjere sjølv, er å finne ein ikkje-profit orientert organisasjon som sendar, til dømes 4H, kommunen eller idrettslaget, eit prosjekt i eit av programlanda som vil ta ein i mot og fylle ut eindel søknader. Dette kan ta si tid, men når ein er vel gjennom papirmølla og har fått plass i eit prosjekt, ventar eit gunstig utanlandsopphald.

Møte med andre volontører
Som volontør får ein nemleg dekt både reisa tur-retur til vertslandet, forsikring, kost, losji, lommepengar, dagleg transport til prosjektet og språkkurs.I tillegg vert det arrangert to seminar i vertslandet der ein møter andre europeiske ungdommar som gjennomfører volontørtjenesten sin i same landet.

Vannprøver og souvenirer
Mitt volontørprosjekt har vore i Nationalpark Zentrum Molln. Senteret fungerer som turistinformasjon og nasjonalparksenter og er hovudsete for Nationalpark OÖ Kalkalpen. Oppgåvene mine her har vore allsidige, alt ifrå å svare på spørsmål om Nationalpark Kalkalpen og Molln på tysk, betjene souvenirbutikken, skrive rekningar, hjelpe til i nasjonalpark-kafeen ved arrangement og vanleg kontorarbeid som kopiering. Eg har også fått bli med nokre turar ut i naturen for å ta vannprøver eller planlegge temavegar i nasjonalparken.

Verdifull arbeidserfaring
Eit av måla til volontørtjenesten er å gje ikkje-formell utdanning til unge menneske. Alt i alt føler eg at eg har lært mykje meir her enn eg nokon gong kunne lært eit halvt år på ein skule, både språkleg, personleg og yrkesmessig sett. Sjølv om livet i eit anna land ikkje alltid er ein dans på roser, veks ein på erfaringane, både dei gode og vonde. Ein har sjansen til å skape eit utruleg nettverk av venner og kjende frå heile Europa og i mange tilfelle også ein ny heim som ein alltid kan kome tilbake til.


Sommar i Tyrol


Tekst og bilde: Guro Lien


Vakker natur rundt landsbyen Molln





Les også om
Fire volontører om EVS
Ellinor jobber som frivillig på et senter for barn i Latvia
Fra Frankrike til Nordpolen
Volontøropphold på Voss: Eventyr, oppdagelse og lykke
Astrid reiste til Sardinia som volontør
Hva gjør du egentlig i Norge?
Elise var volontør i England
Maren dro til Frankrike som frivillig arbeider
Ajla jobber som volontør i Frankrike
En volontørs bekjennelser
Fra Grua til Stuttgart
Astrid reiste til Sardinia som volontør
Ønsket å hjelpe andre
Film: Du kan forandre deg selv, og livet ditt!
Film: Møt Boldizsar, volontør i Nordfjordeid


Aktiv Ungdom 20 år

Den Europeiske Ungdomsportalen
Eurodesk-logo

Følg Aktiv Ungdom på #aktivungdom




RSS Hold deg oppdatert
med RSS