Aktuelt 17. apr 2020

13,7 millionar i støtte til prosjekt for ungdommar og ungdomsarbeidarar

to personer sitter foran monitorer og gamer

Photo by Alex Haney on Unsplash

Første søknadsrunde i 2020 er ferdig og det er no klart kven som får støtte frå EU-programmet Erasmus+: Aktiv Ungdom. Vi fekk inn 85 søknader frå 53 organisasjonar, og av desse er 28 prosjekt (omlag 33% prosent) innvilga.

Alle tal i kroner er omtrentlege. Støtta vert utbetalt i euro, og eksakt eurobeløp vert fastsett i kontrakten.

Sjå heile lista over innvilga prosjekt her.

Det vert delt ut om lag 13,7 millionar kroner til søkjarar frå 8 fylke. Oslo, Trøndelag og Viken får mest pengar i støtte, med mellom 2,3 og 3,4 millionar kroner kvar. Flest søknader vart innvilga i Oslo.

Tema for søknadene denne gongen er mellom anna ungdomsdeltaking, klima, kultur og kreativitet, integrering av flyktningar, inkludering, likestillling mellom kjønna og like mogelegheiter.

Døme på prosjekt som har fått støtte

  • Elverum folkehøgskole har fått ca. 625 000 kroner til si utveksling Nordic Plastic Navigation. 48 ungdommar frå 5 land skal vere saman 16 dagar på eit seglskip. Gjennom ikkje-formelle metodar vil dei lære om berekraft og plastforureining i havet, dei vil lære praktiske ferdigheitar om bord på skipet og få kjennskap til ulike kulturar.
  • Oslo kommune sitt prosjekt for ungdomsarbeidarar, Project Youth Participation – Expert Meeting er tildelt om lag 228 400 kroner. Ungdomsarbeidarar frå 4 andre europeiske land kjem til Noreg for å lære korleis dei kan fremme ungdomsmedverknad ved å oppmode til dialog mellom ungdom, ungdomsarbeidarar, avgjerdstakarar og politikarar.
  • Veksttorget marked AS har fått om lag 2 195 000 kroner til det strategiske partnarskapet Gaming as a social skills learning tool.  Prosjektet vil sette søkjelys på årsaker til ungdomsarbeidsløyse og fråfall i vidaregåande skule, og lage ei verktøykasse med metodar og aktivitetar støtta av digitale opplæringsmodular. Partnerane kjem frå Tyrkia, Spania, Italia og Polen.
  • Europeisk Ungdom har fått om lag 189 300 kroner til eit ungdomspolitisk møte med deltakarar frå Noreg og Danmark. Med utgangspunkt i eit av EU sine «Youth Goals», vil dei lage ein resolusjon som dei skal framme gjennom ein kampanje. Målet er at ungdom skal bli betre til å påverke avgjersler lokalt og i Europa.

Tal for dei ulike støtteordningane

  • Gruppeutveksling: Av 38 søknader blei 16 innvilga (42%)
  • Opplæring for ungdomsarbeidarar: Av 29 søknader blei 7 innvilga (24%)
  • Strategiske partnarskap: Av 9 søknader blei 2 innvilga (22%)
  • Ungdomsinitiativ: Av 1 søknad blei ingen innvilga (0%)
  • Ungdomspolitisk møte: Av 8 søknader blei 3 innvilga (37,5%)

Grovt rekna gjekk 6,8 millionar kroner til gruppeutvekslingar og 2,5 millionar til opplæring for ungdomsarbeidarar. 3,6 millionar gjekk til to strategiske partnarskap og om lag 0,8 millionar kroner gjekk til ungdomspolitiske møter, den minste støtteordninga i Erasmus+: Aktiv Ungdom.

I gjennomsnitt har gruppeutvekslingar fått tildelt 425.000 kroner kvar og opplæring for ungdomsarbeidarar har fått 350.000 kroner kvar. Dei strategiske partnarskapa får i gjennomsnitt 1,78 millionar kroner kvar, medan dei ungdomspolitiske møta i snitt får om lag 270 000 kroner.

Flest søknader frå Oslo, Viken, Vestfold og Telemark  

52 organisasjonar frå 10 av 11 fylke sende inn søknader. Det kom flest søknadar frå Oslo (31), Viken (15) og Vestfold og Telemark (9). I denne runda fekk vi ingen søknader frå organisasjonar i Troms og Finnmark.

Innvilga søknader per fylke:

  • Oslo: 7
  • Viken: 6
  • Trøndelag: 4
  • Innlandet: 3
  • Vestfold og Telemark: 3
  • Vestland: 2
  • Nordland: 2
  • Møre og Romsdal: 1
  • Rogaland: 0
  • Agder: 0
  • Troms og Finnmark: 0

Innvilga midlar per fylke

  • Oslo: 3,45 millionar kroner
  • Trøndelag: 3,03 millionar kroner
  • Viken: 2,34 millionar kroner
  • Innlandet: 1,53 millionar kroner
  • Vestfold og Telemark: 1,4 millionar kroner
  • Vestland: 1,21 millionar kroner
  • Nordland: 0,4 millionar kroner
  • Møre og Romsdal: 0,32 millionar kroner
  • Rogaland: 0
  • Agder: 0
  • Troms og Finnmark: 0

Neste søknadsfrist er 7. mai 2020 klokka 12 (på dagtid). Ta kontakt med oss dersom du har ein prosjektidé du ynskjer å få tilbakemelding på, eller treng rettleiing.