Aktuelt 20. jun 2019

20 nye ungdomsprosjekt har fått støtte

Årets andre søknadsrunde er ferdig og det er no klart kven som får støtte frå EU-programmet Erasmus+: Aktiv Ungdom. Vi fekk inn 54 søknadar frå 37 organisasjonar, og av desse er 20 prosjekt (omlag 40 prosent) innvilga.

Sjå heile lista over innvilga prosjekt her. 

Det vert delt ut til saman 5,56 millionar kroner til søkjarar frå 11 fylke. Ein femtedel av støtta går til Nordland, fylket som har fått mest pengar.

Tema for prosjekta er inkludering, mangfald, ungdoms deltaking, sosialt entreprenørskap, interkulturell dialog, psykisk helse, miljø og berekraft.

Døme på prosjekt som har fått støtte

  • Narviksenteret får 1,22 millionar kroner til eit strategisk partnarskap, og er dermed dei som mottek mest i støtte denne runden. Partnarane frå Noreg, Spania og Portugal skal utvikle ny teknologi og e-læringsverktøy for å tilpassa seg ungdom sine behov. Dei skal blant anna lage ein manual, forske og tilby opplæring.
  • Norsensus mediaforum har fått i underkant av 22.000 kroner til ei gjensidig jobbhospitering med ein partnar i Romania. Ein ungdomsarbeidar frå Norsensus mediaforum reiser til Romania i 10 dagar, og seinare kjem ein ungdomsarbeidar frå partnarorganisasjonen til Oslo i 10 dagar. I løpet av desse opphalda skal dei lære av kvarandre, tileigne seg nye metodar, dele digitale reiskap og utvikle nye aktivitetar for ungdom. I tillegg til den faglege utviklinga, kan denne utvekslinga også bidra til at organisasjonane får betre tenester og gjere ungdommane betre rusta til å møte endringar i samfunnet.
  • Sør-Trøndelag Røde Kors får ca 180.000 kroner til ei gruppeutveksling med Røde Kors i Georgia. 15 ungdommar frå Noreg skal til Georgia, kor dei skal vere med 15 georgiske ungdommar i ei veke. Målet med prosjektet er eit økt fokus på sosial inkludering, i ei verd der vi til trass for digitale plattformar, sosiale media og teknologiske nyvinningar, likevel føler oss einsame. Utvekslinga vil forhåpentlegvis også gje deltakarane, som er aktive som frivillige i Røde Kors, motivasjon til å fortsetje å bidra positivt i nærmiljøet og gjere dei meir bevisste på samfunnsrolla deira.
  • Ungdommens fylkesting i Buskerud skal gjennomføre eit tre-dagars ungdomspolitisk møte i Brussel for ungdom frå det kommande Viken fylke og den belgiske regionen Flandern. Møtet skal skje under European Mobility Week i september 2019, kor fokus er på berekraftig transportsystem og utvikling av byar i Europa. Det ungdomspolitiske møtet består av eit arbeidsseminar over to dagar kor rundt 40 ungdomar skal få fram konkrete forslag til politiske tiltak på regionalt nivå for å bidra til å verkeleggjere berekraftsmåla og EUs klimamål. Høgdepunktet i prosjektet er eit dialogmøte med vedtakstakarar frå Viken, Flandern og representantar frå EU. Dei mottek ca 170.000 kroner til dette prosjektet.

Tal for dei ulike støtteordningane

  • Gruppeutveksling: Av 28 søknader blei 10 innvilga (36 %)
    Opplæring for ungdomsarbeidarar: Av 14 søknader blei 7 innvilga(50%)
    Strategiske partnarskap: Av 6 søknader blei 1 innvilga (17%)
    Ungdomspolitisk møte: Av 4 søknader blei 2 innvilga (50 %)
  • I gjennomsnitt har gruppeutvekslingar fått tildelt 270.000 kroner og opplæring for ungdomsarbeidarar har fått 240.000 kroner.

Mykje pengar att i siste runde

Erasmus+: Aktiv Ungdom har 26,5 millionar kroner å dele ut i 2019. Til saman er 60% av prosjektmidla brukt etter årets to søknadsrundar. Det betyr at det står att nesten 11 millionar kroner til siste søknadsrunde.

Rundt ein fjerdedel av dei totale midla kan brukas på prosjektsamarbeid med partnarland i EUs naboregionar (til dømes Georgia, Armenia og Albania. Sjå heile lista her.). Til no er omtrent 85% av denne potten brukt.

Få søknader frå sør og nord

Det kom flest søknadar frå Buskerud og Oslo, med 13 kvar. Tre prosjekt har blitt innvilga i kvart av desse to fylka, samt i Vestfold.

36 organisasjonar frå 12 av 18 fylke sende inn søknadar. Det kom ingen søknader frå Agder-fylka, Østfold, Finnmark, Troms og Telemark i denne runden.

Innvilga prosjekt per fylke:

  • Buskerud: 3 av 13
  • Hedmark: 1 av 3
  • Hordaland: 2 av 4
  • Møre og Romsdal: 0 av 1
  • Nordland: 2 av 5
  • Oppland: 1 av 1
  • Oslo: 3 av 13
  • Rogaland: 1 av 2
  • Sogn og Fjordane: 1 av 2
  • Trøndelag: 2 av 2
  • Vestfold: 3 av 3

Så langt i år er det ingen innvilga prosjekt frå Aust-Agder, Vest-Agder, Finnmark, Troms og Telemark.

Innvilga midlar per fylke

Her er hele lista sortert frå mest i støtte til minst.

  • Nordland: € 155.182
  • Oslo: € 100.495
  • Vestfold: € 76.100
  • Buskerud: € 58.099
  • Hordaland: € 55.261
  • Trøndelag: € 49.135
  • Akershus: € 38.015
  • Sogn og Fjordane: € 33.076
  • Oppland: € 29.186
  • Hedmark: € 22.004
  • Rogaland: € 12.294

Neste søknadsfrist er 1. oktober klokka 12 (på dagtid). Ta kontakt med oss dersom du har ein prosjektidé du ynskjer å få tilbakemelding på, eller treng rettleiing.