Aktuelt 19. okt 2021

2022 kan bli europeisk ungdomsår

14. oktober la EU-kommisjonen fram eit forslag om å utrope 2022 til eit europeisk ungdomsår. Tiltaket skal styrke europeisk innsats for å engasjere og samarbeide med unge i eit post-pandemisk perspektiv.

Ung kvinne ser utover en by

 

Fleire undersøkingar har vist at koronapandemien har hatt stor innverknad på barn og unges utdanning, helse, sosiale liv og grad av medverknad. Pandemien har vore eit hardt slag for mange unge som har måtta ofre verdifull ungdomstid for å vise solidaritet med resten av samfunnet. Mange av falt ut av arbeidslivet, og fysiske utvekslingsprosjekt i europeisk regi har i stor grad stoppa opp. No vil EU-kommisjonen setje fokus på unge menneske post pandemien, og hente inspirasjon frå dei til å styrke det felleseuropeiske prosjektet. Kommisjonen framhevar også at den grøne given og det digitale skiftet gir nye moglegheiter for å motverke negative verknadar av koronapandemien for unge, og for samfunnet generelt.

Initiativet vart først omtala av kommisjonspresident Ursula von der Leyen i linetalen om EUs tilstand 15. september. Ei pressemelding om forslaget er å lese her (ekstern lenke).

 

Betre samarbeid med unge
Dersom det europeiske prosjektet skal klare seg i framtida, må ein skape engasjement og inspirasjon blant unge menneske, heiter det i forslaget. For å få til det, må ein legge forholda optimalt til rette for at generasjonane som veks opp skal få vere med på å forme EU i tråd med eigne prioriteringar. Ungdomsåret 2022 skal stimulere unge til å bidra aktivt i utforminga av Europa og lokale samfunn. Samstundes skal det styrke medvitet og kunnskapen om moglegheitene EU kan gi unge menneske.

I tråd med målsettingane i den europeiske ungdomsstrategien 2019 – 2027, (ekstern lenke), skal ungdomsåret styrke innsatsen på europeisk nivå, i land, distrikt og kommunar for å engasjere og samarbeide med unge i eit post-pandemisk perspektiv. Ungdomsåret skal særleg ta sikte på å:

  • Framheve korleis den grøne given og det digitale skiftet gir nye framtidsperspektiv og moglegheiter for å motverke negative verknadar av pandemien for unge og samfunnet generelt.
  • Legge til rette for at unge, og spesielt unge fra vanskelegstilte grupper, kan delta som engasjerte samfunnsborgarar og endringsaktørar, inspirert av felleseuropeisk solidaritet og samhøyr.
  • Fremje moglegheiter til personleg, sosial og yrkesmessig utvikling for unge i et grønare, meir digitalt og inkluderande EU.

Nokre av tiltaka som er foreslått er:

  • Konferansar o.l. for å fremje inkluderande og tilgjengelege diskusjonar om utfordringar unge opplever, samt moglege grep mot dei.
  • Femje ungdomsdeltaking og styrke eksisterande verkemidlar gjennom erfaringsutveksling.
  • Informasjonsformidling om felles verdiar, som likestilling, solidaritet, frivilligheit og samhøyr, for å stimulere til aktiv ungdomsdeltaking for inkluderande, digitale og grøne samfunn.
  • Utnytte europeiske samarbeidsprogram, økonomiske støttemoglegheiter, prosjekt og nettverk for unge.

Ungdomsprogramma blir ein viktig brikke
Det europeiske ungdomsåret skal bygge på eksisterande EU-tiltak som har som formål å betre kvardagen til unge og å gjere det lettare for unge å bidra i samfunnsutviklinga. Ungdomsdelen av Erasmus+-programmet, i tillegg til andre samarbeidsprogram retta mot unge, vil vere viktige for ungdomsåret.  EU, medlemslanda, og EØS-landa investerer mykje pengar i program som Erasmus+, Kreativt Europa og Horisont Europa, som gir moglegheiter for unge til å utvikle seg personleg, sosialt og profesjonelt. Kommisjonen framhevar særleg at ein i 2022 vil markere 35-årsjubileumet for Erasmus+ og at ungdomsåret vil gi moglegheiter til å feire at 10 millionar unge har delteke i utvekslingsaktivitetar innan utdanning, ungdom og idrett sidan starten i 1987.

Samstundes med forslaget om ungdomsåret 2022, la Kommisjonen fram ein rapport om status for gjennomføringa av den europeiske ungdomsstrategien. Den er å finne her (ekstern lenke).

 

Kva skjer no?
No skal forslaget til kommisjonen vurderast og blir eventuelt vedteke av europaparlamentet og medlemslanda i Rådet.

Vi er spente på avgjersla, og gler oss uansett til det vidare arbeidet med Erasmus+ Aktiv Ungdom post pandemi!