Aktuelt 06. okt 2021

 39 innkomne søknadar ved oktober-fristen

Bilde av et auropakart i mange forskjellige farger, der Tyskland, Tsjekkia og Belgia er mest i fokus. Oppå kartet står en liten rød og hvit lekebuss.

Europa er i ferd med å opne att, og denne runden har vi fått inn mange søknadar om midlar til utvekslingsprosjekt.

Årets andre søknadsfrist for støtteordningane gruppeutveksling, ungdomsstyrte prosjekt og opplæring for ungdomsarbeidarar gjekk ut i går 5. oktober. Vi har fått inn 39 søknadar frå 24 organisasjonar. Det er litt fleire enn ved førre søknadsfrist i mai i år. Søknadane kjem frå ni ulike fylke.

Søknadane fordeler seg slik:

  • Gruppeutveksling: 32 søknadar
  • Opplæring for ungdomsarbeidarar: 4 søknadar
  • Ungdomsstyrte prosjekt: 3 søknadar

Fordeling på fylke:

  • Viken: 13 søknadar
  • Oslo: 7 søknadar
  • Trøndelag: 6 søknadar
  • Møre og Romsdal: 3 søknadar
  • Innlandet: 2 søknadar
  • Vestland: 2 søknadar
  • Rogaland: 2 søknadar
  • Nordland: 2 søknadar
  • Vestfold og Telemark: 2 søknadar

 

Nyttig info

  • Søkarane får svar på søknaden i desember
  • Vil du søke midlar til store eller små samarbeidsprosjekt? Merk i kalenderen at søknadsfristen er 3. november 2021 for dei to.
  • Neste søknadsfrist for desse tre støtteordningane er i slutten av februar neste år (eksakt dato er ikkje klar).

Vi takkar for alle innkomne søknadar, og gler oss til å sjå alle dei gode ideane!