Aktuelt 16. des 2020

6 millionar kroner til strategiske partnarskap på kulturfeltet

Like etter sommaren lyste EU-kommisjonen ut 200 millionar euro i ei ekstrautlysing som skulle gå til organisasjonar i Europa med prosjektidear som kunne gje løysningar på utfordringar som oppstod i kjølvatnet av Covid-19. Halvparten av desse midla skulle gå til prosjekt som hadde fokus på kreativitet, og kor organisasjonar innan kulturfeltet kunne være relevante søkarar.

No er det klart kven som får støtte frå den delen av potten som det nasjonale kontoret for ungdomsdelen av Erasmus+ var ansvarleg for. Vi fekk inn ti søknader fra ti organisasjonar. Desse søkte om totalt 17 millionar kroner til samen. 8 av søkarane held til i Oslo, ein i Vestland og ein i Viken.

4 av søknadane vart innvilga, og får til samen € 570 268, noko om utgjer om lag 6 millionar kroner.

Ein million til interaktiv førestilling for ungdomar

Ein av dei som har fått støtte, er Kompani13 frå Bergen. Kompani13 driv med nyskapande figurteater, og brukar figurteater til å formidle filosofiske og politiske samfunnstema. Dei får no 100 350 euro til prosjektet «Participate in your life». I dette prosjektet skal 5 teaterkompani frå Noreg, Ungarn, Sverige, Island og Litauen produsere ei interaktiv førestilling.

For å forberede førestillinga skal dei intervjue ungdommar om håp, frykt og tankar om klimaendring, politikk, nasjonalisme, demokrati og internasjonalt samarbeid. Den interaktive førestillinga, som skal ha premiere i Litauen i 2022, skal forhåpentlegvis gje ungdomane ei kjensle av at dei kan ha innflytelse på både førestillinga og verda. Deretter skal førestillinga visast i dei landa som er med i prosjektet.

Får ei tidlegare førestilling av Kompani13. Bilde: Janneche Strønen

 

Oversikt over dei som fekk støtte

PRAKSIS (Oslo)
Teen Advisory Board – In Character
€ 127 684,00

Kompani13 DA (Vestland)
Participate in your life
€ 100 350,00

Byverkstedet (Oslo)
The Studio
€ 124 515,00

Norsk Klimanettverk (Oslo)
Creativity, Culture and Collaboration to Combat Climate Change
€ 217 719,00

Neste søknadsfrist

Dette var ei ekstraordinær utlysing.

Neste ordinære utlysing i ungdomsdelen av Erasmus+ blir våren 2021.