Tredje søknadsrunde i 2020 er ferdig og det er klart kven som får støtte frå EU-programmet Erasmus+: Aktiv Ungdom. Vi fekk inn 46 søknader frå 35 organisasjonar, og av desse er 22 prosjekt (nesten halvparten) innvilga.
På same tid i fjor fekk vi inn 66 søknader. Dette er ein nedgang, men vi er glade for å sjå at så mange likevel ønsker å sette i gang med planlegginga av internasjonale prosjekt i desse koronatider.
Døme på prosjekt som har fått støtte
- KFUM-KFUK Noreg har fått i underkant av 800.000 kroner i støtte til eit strategisk partnarskap i lag med deira svenske partnar Stiftelsen Fryshuset. Dei skal utvikle ein “Powerhouse-metodikk” for å gje rettleiing til ungdommar ein-til-ein. Denne metoden skal nyttast i Forandringshuset, som er eit nytt konsept i KFUK-KFUM. Forandringshuset er eit kultur- og aktivitetshus for ungdommar.
- Norsk kulturforum har fått i overkant av 350.000 kr i støtte til å gjennomføre eit ungdomspolitisk møte kalt Ung kulturytring i juni 2021. Ung kulturytring er ein del av Kulturytring Drammen, som er ein ny nasjonal arena for kulturpolitikk. Her skal det norske kulturlivet møtast for å debattere kunst- og kulturpolitikk.
- Youth for Diversity i Agder har fått i overkant av 170.000 kr i støtte til ein gruppeutveksling med ungdommar frå Noreg og Ungarn. Ungdommar skal lære korleis dei kan uttrykke seg på en kreativ måte i kampen mot klimaendringar.
Alle tal i kroner er omtrentlege. Støtta vert utbetalt i euro.
Sjå heile lista over innvilga prosjekt her.
Tal for dei ulike støtteordningane
- Gruppeutveksling: Av 28 søknader blei 15 innvilga (53%)
- Opplæring for ungdomsarbeidarar: Av 5 søknader blei 2 innvilga (40%)
- Gruppeutveksling og opplæring for ungdomsarbeidarar i same søknad: Av 4 søknader blei 1 innvilga (25%)
- Strategiske partnarskap: Av 8 søknader blei 3 innvilga (38%)
- Ungdomspolitisk møte: Av 1 søknad blei 1 innvilga (100%)
I gjennomsnitt har gruppeutvekslingar fått tildelt 400.000 kr kvar og opplæring for ungdomsarbeidarar har fått 250.000 kroner kvar. Dei to strategiske partnarskapa får i gjennomsnitt ca. 820.000 kroner kvar.
Flest søknadar frå Oslo og Viken
38 organisasjonar frå 9 av 11 fylke sendte inn søknadar. Det kom flest søknadar frå Oslo (13) og Viken (12). Flest søknadar vart innvilga i Viken.
Vi fekk ingen søknadar frå Troms og Finnmark eller Rogaland. Etter tildelinga står Innlandet, Nordland, Trøndelag, Rogaland, Troms og Finnmark utan tildelte midlar denne runda.
Innvilga søknadar per fylke:
- Viken: 9
- Oslo: 5
- Vestland: 2
- Møre og Romsdal: 2
- Vestfold og Telemark: 3
- Agder: 1
Dette var den siste ordinære søknadsrunden i denne programperioden av Erasmus+ (2014-2020). Dei som venter på svar frå utlysinga til kreative strategiske partnarskap får svar rett før jul.
Vi lanserer ein ny programperiode på nyåret. Vi veit framleis ikkje dato for første søknadsfrist i 2021.
Denne artikkelen blei oppdatert 16. desember fordi eit prosjekt frå reservelista vart tildelt pengar i etterkant grunna ekstra midlar.