Aktuelt 25. jun 2020

9,9 millionar i støtte til prosjekt for ungdommar og ungdomsarbeidarar

Andre søknadsrunde i 2020 er ferdig og det er klart kven som får støtte frå EU-programmet Erasmus+: Aktiv Ungdom. Vi fekk inn 60 søknader frå 41 organisasjonar, og av desse er 18 prosjekt (omlag 30% prosent) innvilga.

Det er godt å sjå at trass i koronanedstenging av landet, tenkjer mange fortsatt på internasjonalt samarbeid!

 

ungdomsgruppe på tur i skogen

Metodar for godt ungdomsarbeid i friluft og prosjekt med fokus på helse er særleg relevant i etterkant av covid-19

Sjå heile lista over innvilga prosjekt her.

Alle tal i kroner er omtrentlege. Støtta vert utbetalt i euro, og eksakt eurobeløp vert fastsett i kontrakten.

Det vert delt ut om lag 9,9 millionar kroner til søkjarar frå 9 fylke. Vestland og Viken får mest pengar i støtte, med 3,3 og 2,3 millionar kroner kvar. Flest søknadar vart innvilga i Viken og Oslo.

Ikkje uventa er det ein del av søknadane som tar opp problemstillingar knytt til pandemien. Det kan være helse og velvære, ungdomsarbeid i friluft eller styrking av sjansane på arbeidsmarknaden for marginalisert ungdom. Som vanleg står også tema som ungdomsdeltaking, klima, kultur og kreativitet sterkt.

Vi veit lite om når vi igjen kan reise fritt i Europa, og det er vanskeleg å planleggje mobilitet no. I mellomtida gir vi på Erasmus+-kontoret stor fleksibilitet til søkjarane. Vi tillet endringar som at aktivitetar blir utsett, eller at nokre av dei fysiske møta blir gjort virtuelt.

Døme på prosjekt som har fått støtte

  • Organisasjonen Intermezzo frå Drammen har fått om lag 489 000 kroner i støtte til ungdomsutvekslinga «Provide, Notice and Fight» der deltakarar frå 6 land skal bli meir medvitne om smittsame sjukdommar og korleis ein kan beskytte seg mot slike. Ungdommane skal sjå korleis  fysisk aktivitet, sunt kosthald og søvn gjer dei meir motstandsdyktige mot sjukdommar, diskutere helse og seksualitet, og sjå på samanhengar mellom migrasjon og sjukdom.
  • Alumni RE:ACT Volda har fått om lag 338 000 kroner i støtte til eit seminar for ungdomsarbeidarar. Deltakarane frå 8 ulike land skal møtast for å lære om bruk av friluftsliv og utomhusaktivitetar i arbeidet med integrering av marginaliserte ungdommar. Slike aktivitetar krev ikkje spektakulær natur eller villmark, men kan være like aktuelle for ungdomsarbeid i storbyar.
  • Vestland fylkeskommune har fått om lag 2, 5 millionar kroner til eit strategisk partnarskap kalt Youth Entrepreneurial Spirit Specialists. Prosjektet skal motverke fråflytting frå rurale område ved å styrkje opplæringa i entreprenørskap for ungdom. Utdanningssektoren og ungdomsfeltet vil samarbeide i tverrsektorielle aktivitetar for å utvikle, samle, bruke og dele metodar for dei som jobbar med ungdom og entreprenørskap. Aktivitetane skal være forankra lokalt og regionalt, og vil nytte mellom anna ikkje-formelle metodar.
  • Rollag kommune har fått om lag 65 000 kroner til eit ungdomspolitisk møte. Med prosjektet Ung i Numedal skal ungdomsråda i 3 kommunar i dalen samarbeide for at ungdom som bur i området skal få eit likt tilbod. Representantane i ungdomsråda skal få opplæring i lokalpolitikk og medverknad og være med på det lokale arbeidet med bærekraftsmåla til FN.

Tal for dei ulike støtteordningane

  • Gruppeutveksling: Av 29 søknader blei 10 innvilga (34,5%)
  • Opplæring for ungdomsarbeidarar: Av 12 søknader blei 3 innvilga (25%)
  • Strategiske partnarskap: Av 14 søknader blei 2 innvilga (14%)
  • Ungdomspolitisk møte: Av 5 søknader blei 3 innvilga (60%)

Grovt rekna gjekk 3,9 millionar kroner til gruppeutvekslingar og 0,8 millionar til opplæring for ungdomsarbeidarar. 4,2 millionar gjekk til strategiske partnarskap og om lag 0,9 millionar kroner gjekk til ungdomspolitiske møter, den minste støtteordninga i Erasmus+: Aktiv Ungdom.

I gjennomsnitt har gruppeutvekslingar fått tildelt 389 000 kroner kvar og opplæring for ungdomsarbeidarar har fått 279 000 kroner kvar. Dei strategiske partnarskapa får i gjennomsnitt 2,1 millionar kroner kvar, medan dei ungdomspolitiske møta i snitt får om lag 317 000 kroner.

Flest søknadar frå Oslo og Viken – ingen i nord og sør

41 organisasjonar frå 9 av 11 fylke sendte inn søknadar. Det kom flest søknadar frå Oslo (18) og Viken (16). Vi fekk ingen søknadar frå Troms og Finnmark. Ingen organisasjonar på Agder søkte om støtte, så heller ikkje det sørlegaste fylket er med på statistikken denne gongen. Etter tildelinga står også Rogaland og Trøndelag utan tildelte midlar denne runda.

Innvilga søknadar per fylke:

  • Viken: 6
  • Oslo: 4
  • Vestland: 3
  • Møre og Romsdal: 2
  • Innlandet: 1
  • Vestfold og Telemark: 1
  • Nordland: 1
  • Trøndelag: 0
  • Rogaland: 0
  • Agder: 0
  • Troms og Finnmark: 0

Innvilga midlar per fylke:

  • Vestland: 3,3 millionar kroner
  • Viken: 2,3 millionar kroner
  • Vestfold og Telemark: 1,8 millionar kroner
  • Oslo: 1, 5 millionar kroner
  • Møre og Romsdal: 0,6 millionar kroner
  • Nordland: 0,3 millionar kroner
  • Innlandet: 0,3 millionar kroner
  • Rogaland: 0
  • Agder: 0
  • Troms og Finnmark: 0
  • Trøndelag: 0

Neste søknadsfrist er 1. oktober 2020 klokka 12 (på dagtid). Ta kontakt med oss dersom du har ein prosjektidé du ynskjer å få tilbakemelding på, eller treng rettleiing.