Gruppeutveksling for nybyrjarar

Lei av koronautbrot og heimekontor? Treng de noko å gle dykk til? No kan du søkja om å delta på eit internasjonalt kurs i korleis laga ei gruppeutveksling! Søknadsfristen er 17. januar 2022.

Tid

14. mars — 18. mars 2022

Sted

Oslo, Norge

Søknadsfrist

17. januar 2022

14.-18. mars inviterer me deg og 24 andre ungdomsarbeidarar frå Europa til Oslo for å finna ut kva ei gruppeutveksling er. I løpet tre arbeidsdagar vil du få innblikk i dei ulike prosjektfasane i ei gruppeutveksling og fordelane med å involvera ungdommane i denne prosessen. Pedagogikken som blir brukt i kurset er for det meste simuleringar, workshops, leik, gruppearbeid og andre ikkje-formelle læringsmetodar. Kurset er hovudsakeleg for nybyrjarar i Erasmus+.

Bonus: Det er stor sjanse for å møta representantar for ungdomsgrupper som ser etter ein partnar.

Målet med dette kurset er å gi deg

  • ein introduksjon til Erasmus+: Aktiv Ungdom-programmet
  • den kompetansen du treng for å lage gruppeutvekslingar
  • ein introduksjon i ikkje-formell læring og læringsverktøyet Youthpass

Deltakeravgift

Det kostar ingenting å delta.

Covid og smittevern

Me tek omsyn til smittesituasjon og eventuelle restriksjonar som kjem i samband med dette. Dersom det ikkje skulle kunne gå an å arrangera dette kurs under gjeldande retningsliner, vil ein variant av kurset gjennomførast på nett.

Søknadsskjema

Kurset er utlyst i den europeiske kurskalenderen til Salto.

Les meir og søk om å delta her. (ekstern lenke)

Søknadsfrist: 17. januar 2022