Tegnet illustrasjonsbilde der mennesker går og sykler i naturen, og vi ser en hvit tekst på grønn bakgrunn der det står Erasmus+ goes greener

Erasmus Goes Greener

Frå og med 2021 står miljø og berekraft sentralt i Erasmus+-programmet. Og kva passar vel betre no enn å reflektera rundt korleis de kan gjera prosjekta og ungdomsarbeidet dykkar grønare, samtidig som de får bli kjende med andre som er ute i same ærend? Kanskje vert det neste prosjektet saman med nokre av dei?

Tid

22. august — 27. august 2021

Sted

Brussel og Vallonia, Belgia

Søknadsfrist

07. juni 2021

22. – 27. august arrangerer me ein studietur til den fransktalande delen av Belgia. Her får me erfara korleis ulike ungdomsorganisasjonar har teke grep for å gjera ungdomsaktivitetane meir berekraftige. Det vil vera 3 forskjellige «ruter» som besøker ulike former for ungdomsarbeid, slik at de skal kunne velja den ruta som er mest relevant for dykk.

I tillegg vil de få møta andre ungdomsarbeidarar frå Belgia, Finland, Portugal, Romania, Tyskland og Ungarn. Målet er å leggja til rette for at de kan finna nye partnarar og koma opp med nye idear til grønare Erasmus+-prosjekt, samtidig som de utvekslar grøne erfaringar og utfordringar.

De treng ikkje ha mykje erfaring med miljøval og grøne prosjekt for å kunne vera med, men de må ha eit sterkt ønske om å gjera det neste prosjektet litt grønare enn det siste. De må også ha planar om å søkja om støtte til eit prosjekt innan ungdomsdelen av Erasmus+ i løpet av det neste året. Til sist må de vera opne for finne nye partnarar.

Som sagt er motivasjon viktig, og for at me skal vera førebudde og klare til studietur og partnarskapsbygging vil kurshaldarane organisera nokre nettaktivitetar og praktiske oppgåver før me drar. I tillegg vil dei norske deltakarane møtast med representant(ar) frå det norske kontoret for ungdomsdelen av Erasmus+.

Deltakarane

– må jobba direkte med ungdom (enten som tilsette eller frivillige)
– må vera knytte til ein ungdomsorganisasjon, eit ungdomstiltak eller eit offentleg ungdomstilbod
– må ha planar om å gjennomføra eit Erasmus+-prosjekt i året som kjem
– må vera motiverte for å bli grønare i alt frå prosjektleiing til læringsprossessar, og ha lyst å læra meir om korleis prosjekt kan verta meir berekraftige

Søknad

Les meir og søk om å delta her. (ekstern lenke)

Deltakaravgift

Det vil vera ein eigendel på 500 NOK dersom du vert valt til å delta. Resten av kostnadane til reise, overnatting, mat og kursutgifter vert dekka.