Partner Up in Europe

Treng ungdomsarbeidarane på din arbeidsplass kompetanseheving eller kursing? Me har plass til deltakarar frå fem norske kommunar/ fritidsklubbar/ organisasjonar på dette kontaktseminaret i Belgia i november. Her vil de få læra om korleis din organisasjon kan få støtte gjennom Erasmus+ til å laga akkurat den opplæringa de treng. Søknadsfrist er 18. september.

Tid

03. november — 08. november 2019

Sted

Brussel (Belgia)

Søknadsfrist

18. september 2019

I tillegg vil de møta ungdomsarbeidarar frå Finland, Belgia, Portugal og Nederland som er der i same ærend. Kanskje de kan laga eit prosjekt saman?

Dei som får plass på kursa får dekka reise-, opphalds- og kursutgifter mot ein eigendel på 500 kr. Deltakaren må sjølv bestille og betale for reisa og får utlegga sine refundert etter kurset.

Søknadsskjema

Les meir og søk her (ekstern lenke).