Gruppebilde fra forrige utgave av Value Fair

The Value Fair 2020 – Korleis kan ikkje-formell læring bidra til betre sameksistens?

Er du som ungdomsarbeidar bevisst på kva slags verdiar som ligg til grunn for arbeidet ditt? Er dei vanskelege å definera? Eller seier dei seg sjølv? Har du same verdiar som dei organisasjonen din har? Er du sikker på at verdiane dine blir omsett til praksis? Reis på konferanse/forum i Hellas i april der arbeid med verdiar vil stå i sentrum. Søknadsfrist: 31. januar.

Tid

01. april — 05. april 2019

Sted

Athen, Hellas

Søknadsfrist

31. januar 2019

Bakgrunn

På internett, i media og i eigen omgjevnad møter me ofte uttrykt skepsis og mistillit blant ulike innbyggjarar. Dette kan i verste fall resultera i diskriminering og utestenging av «dei andre», og er eit dårleg utgangspunkt for å kunne leva godt saman på tvers av faktorar som alder, interesse, etnisitet, nasjonalitet, religion, legning og funksjonshemming.

Value Fair tilbyd 120 ungdomsarbeidarar ein arena kor me kan identifisera, dela og forstå kva slags endring me vil oppnå med yrket vårt. Verdigheit, respekt, empati, solidaritet og integritet står i fokus, og me vil sjå på korleis desse fem verdiane vert omsett og overført til ungdomsarbeid. I dette forumet vil me ikkje bruka tid på verktøy og metodar, men dykka djupare ned i kva me gjer og korfor.

Målet er å

  • gje verdiar ei sentral rolle i arbeidskvardagen
  • forstå den viktige rolla ikkje-formell læring har i dagens samfunn
  • reflektera rundt korleis ikkje-formell læring kan bidra til høgare toleranse og gjera det lettare å leva saman
  • utveksla forståing og praktisering av verdiar
  • utforska korleis me kan få størst mogeleg verknad av ikkje-formell læring på individuelt, organisatorisk og fellesskapsnivå
  • stimulera til nettverksbygging som igjen kan føra til kvalitative framtidige internasjonale prosjekter, gjerne innanfor Erasmus+: Aktiv Ungdom-programmet

Søknadsskjema

Søk om å delta her.

Deltakaravgift

Dei som får plass på kursa får dekka reise-, opphalds- og kursutgifter mot ein eigendel på 500 kr. Du må sjølv bestille og betale for reisa og får utlegga refundert etter kurset.

 

 

Tilbakemelding frå tidlegare deltakar

Value Fair 2018 ga meg verdifull innsikt i hvordan verdier påvirker alle våre relasjoner, og har gjort meg mer bevisst på hvilke verdier jeg har og hvordan jeg kan bruke dem aktivt i møte med ungdom. Value Fair lærte meg også at vi ofte svikter våre verdier når vi settes under press, og at vi derfor bør snakke mer om verdier og hva de faktisk betyr for oss. På Value Fair møtte jeg mange spennende og flotte mennesker fra hele Europa. Jeg har fått et enda større internasjonalt nettverk, og har etablert et samarbeid med to av de jeg møtte på Value Fair. Vi har nå søkt om, og fått, støtte fra Erasmus+ til et nytt og spennende prosjekt for opplæring av ungdomsarbeidere i Norge og Portugal. Jeg anbefaler på det varmeste å søke om plass på Value Fair 2020!

Trine Grytøyr, Rådgiver ungdom og medvirkning i Nordland fylkeskommune