Utlysning 04. jan 2022

Bør din kommune bli Europeisk ungdomshovudstad i 2025?

Gruppebilde.

 

Kvart år får ein ny by i Europa mogelegheit til å vise fram sine mest innovative ungdomsvennlege idear, prosjekt og aktivitetar. Er de så heldige at de bor i ein kommune som verkeleg sett pris på unge stemmer og perspektiv på ulike område? Då har kommunen no sjansen til å sende inn ein søknad og fortelje kvifor nettopp de fortener tittelen «European Youth Capital» i 2025.

Tittelen delast no ut for 17. gong av the European Youth Forum. Den aller første ungdomshovudstaden som vart kåra var Rotterdam (Nederland) i 2009, og den siste var Ghent (Belgia), som blir europeisk ungdomshovudstad i 2024.

Trur du at din kommune har det som trengs for å stikke av med tittelen for 2025? Då bør trykke her (ekstern lenke) for å finne ut kva som trengs og korleis ein kan søke!

Søknadsfristen er 21. februar 2022