Utlysning 18. nov 2021

Interessert i frivillig arbeid for ungdom i Europa? Utlysinga for 2022 er klar!

Gjennom Det europeiske solidaritetskorpset kan ungdommar mellom 18 og 30 jobbe frivillig i eit anna europeisk land i to til tolv månadar. Som organisasjon kan ein anten sende ut eller ta imot frivillige. For dykk som ønsker å ta imot unge frivillige, betyr det ekstra hjelp i det daglege arbeidet i tillegg til nye innspel og perspektiv – og auka internasjonal kompetanse. Ønsker de å hjelpe ungdommar frå Norge til å jobbe frivillig i utlandet, kan de bli sendarorganisasjon i Solidaritetskorpset.

No er dei offisielle dokumenta for 2022 klare:

Utlysing 2022 (ekstern lenke)
Programguide 2022 (ekstern lenke)

Søknadsskjemaet er enno ikkje opent, men blir publisert her med ein gong det opnar.

Merk: Norge er ikkje deltakarland, men partnerland, i dette programmet. Det betyr at norske organisasjonar ikkje har høve til å søke støtte sjølv. Derfor må ein finne ein partner frå eit deltakarland som sender søknaden i sitt land.

Deltakerlandene er de 28 EU-landene pluss Tyrkia, Island og Nord-Makedonia.

Les mer om frivillig arbeid gjennom Solidaritetskorpset her.

Treng de hjelp eller vil ha meir informasjon? Ta kontakt med oss!