Aktuelt 20. apr 2021

Sjå infowebinar om alle fem støtteordningane

Førre veke arrangerte vi digitale infomøte om kvar og ein av støtteordningane i nye Erasmus+. Fekk du det ikkje med deg? Eller er det noko du lurar på om ordninga du skal søke på? Her finn du opptak av alle infomøtene, og du kan laste ned presentasjonane frå kvart av dei.

Intro til nye Erasmus+
Erik Langbråten og Gry Nesse informerer om kva som er nytt frå i år av, når vi går inn i ein nye 7-årig programperiode med Erasmus+.

Sjå opptak av webinaret måndag 12. april her.

Sjå PowerPoint-presentasjonen her.

 

 

Gruppeutveksling
Gruppeutveksling er den største og mest populære støtteordninga i ungdomsdelen av Erasmus+. Betty Cutolo forteller om ordningen, og om kva som er nytt i det nye programmet.

Sjå opptak av webinaret tysdag 13. april.

Sjå PowerPoint-presentasjonen her.

 

Opplæring for ungdomsarbeidarar
Gry Nesse fortel om støtteordninga opplæring for ungdomsarbeidarar, som ifølge ho er «ein arbeidsgjevars enklaste og billigaste triks for å heve kompetansen i organisasjonen sin».

Sjå opptak av webinaret onsdag 14. april her.

Sjå PowerPoint-presentasjonen her.

 

 

Små samarbeidsprosjekt
Prosjekttypen «små samarbeidsprosjekt» gir mindre organisasjonar ein ypparleg moglegheit til å styrke kvaliteten i arbeidet sitt, og auke kapasiteten til å jobbe transnasjonalt og på tvers av sektorar. Julia Christina Tróchez informerer om prosjekttypen.

Sjå opptak av webinaret onsdag 14. april.

Sjå PowerPoint-presentasjonen her.

 

Ungdomsstyrte prosjekt
Denne prosjekttypen er ein nykommar i programmet, og erstattar den tidlegare prosjekttypen «ungdomspolitiske møte». Det spennande med denne støtteordninga er at ein også kan søke om støtte til lokale, regionale og nasjonale prosjekt, utan ein internasjonal samarbeidspartnar. Erik Langbråten og Ingeborg Lundgaard Kjærstad informerer om ordninga.

Sjå opptak av webinaret torsdag 15. april.

Sjå PowerPoint-presentasjonen her.

 

Store samarbeidsprosjekt
Opptak av webinar fredag 16. april. Støtteordninga store samarbeidsprosjekt passar for organisasjonar som ønsker erfaring innan internasjonalt samarbeid, og som vil utvikle innovative produkt som vil kome ungdom og ungdomsfeltet til gode. Julia Christina Tróchez fortel om ordninga.

Sjå opptak av webinaret fredag 16. april.

Sjå PowerPoint-presentasjonen her.