Jobba frivillig på fransk slott

Ungdommer jobber i hagen. En guppe ungdom sitter rundt et langbord og spiser pizza.

I 2016 droppa Vidar ut av vidaregåande. To månadar som frivillig på eit slott i Frankrike forandra alt.

Støtteordning

Frivillig arbeid

Sted

Montceau-les-Mines i Frankrike

Vidar blei fanga opp av oppfølgingstenesta i fylket sitt då han slutta på skolen, og han fekk reise to månadar som frivillig til franske Montceau-les-Mines. Der jobba han saman med andre frivillige frå blant anna Estland, Italia, Spania, Sør-Korea, Tyskland og Østerrike.

Vidar hadde behov for å ta eit avbrekk frå skole og teori, så det passa han perfekt å ta eit utanlandsopphald med praktiske oppgåver, samarbeid og samhald. Nå sit han igjen med ei oppleving han seint vil gløyme.

Ei oppleving for livet

Dei to månadane som frivillig har hatt stor verdi for Vidar. Han har fått betre sjølvkjensle, blitt meir sosial og fått sterkare meistringskjensle. Tidlegare var han meir tilbakehalden. Dårleg sjøvkjensle og kjensla av å ikkje meistre noko, gjorde at han hadde lett for å gi opp – men ikkje no lenger. No er komfortsona hans større enn før han reiste, han yter meir og gir ikkje opp når han møter på motgang. Å vere frivillig har opna nye dører og gitt resultat på dei fleste områda i livet.

Vidar har verkeleg fått smaken på å utforske, lære og møte nye menneske og kulturar. Det ukjende er ikkje lenger like skremmande! Det er òg ein bonus å ha fått mange nye vennar, som han held kontakten med. Vidar har rett og slett fått ei oppleving for livet, og han vil anbefale alle andre å jobbe frivillig gjennom Erasmus+: Aktiv Ungdom. Sjølv skulle han ønske at opphaldet hadde vara enno lenger enn dei to månadane.

Et kollasje av: en bilde av Vidar der han smiler, bilde av matbordet i hagen, to ungdommer som drikker vin, og Vidar som tar bilde med en gammel rustning.

Sosialt liv og gamle rustningar var ein del av kvardagen. Foto: Vidar Eberg.

Arbeidsdagen

Arbeidsdagen på slottet varte frå 9 til 16, og kvar dag etter frukost hadde dei eit kort møte for å fordele dagens arbeidsoppgåver. Oppgåva var varierte, og dei frivillige gjorde alt frå å rydde, vaske og vere på kjøkkenet til hagearbeid og å pusse opp og renovere utetoalett, utedusjar og nokre små hytter.

Den franske arbeidsdagen hadde mange pausar, og allereie frå 10.45 til 11 var det pause med tid for eit mellommåltid. Lunsjpausa med varm mat starta 12.30. Vidar lærte sjølvsagt mykje både om den franske kulturen og om Frankrike medan han var der.

Sosialt liv

Dei frivillige som jobba saman på prosjektet var òg mykje saman på fritida og fant på mykje gøy, som til dømes brettspill, fotball, badminton og sykkelturer. Nokre gongar reiste dei inn til byen eller drog på stranda.

Ungdommane budde saman i ei lita hytte, som blei kalla volontørhuset. Samhaldet var veldig godt, og nokre av dei beste opplevingane til Vidar kjem frå dagene då alle dei frivillige slappa av i volontørhuset med eit glas raudvin, bagettar og kortspill. Høgdepunktet ved opphaldet var nettopp alle desse sosiale stundene med dei andre, og fritida blei på mange måtar like viktig som det frivillige arbeidet.

Opphaldet blei avslutta med ein biltur til Saint-Tropez saman med ein tyskar og ei venninne. Kan du tenke deg noko så spennande og kjekt som ein biltur gjennom Frankrike?

Frå Hordaland til Frankrike

Då Vidar droppa ut av skolen, blei han kontakta av oppfølgingstenesta i Hordaland og fekk tilbod om å jobbe frivillig i utlandet.

Hordaland fylkeskommune søker støtte fra Erasmus+: Aktiv Ungdom og brukar ordninga med frivillig arbeid til å jobbe målretta for å fange opp ungdommane som ikkje fullfører vidaregåande skole. Med midla dei får kan dei sende ungdommane til andre land for å jobbe frivillig i to til åtte uker. Dette hjelper mange av ungdommane ut av ein fastlåst og håplaus situasjon.

Etter opphaldet i Frankrike har Vidar no lagt planar for vidare utdanning. Han har og valt å fortelje andre ungdom om opplevingane sine gjennom ordninga EuroPeers.

Les meir om korleis Hordaland fylkeskommune jobbar med ordninga.

Andre prosjekter som har fått støtte