Aktuelt 08. mai 2020

Takk for alle søknadane som har kome inn i runde to

Vi fekk inn 60 søknadar frå 41 organisasjonar i runde to i 2020. Søknadane kjem frå 9 av 11 fylke. Det er færre søknadar enn i første søknadsrunde i 2020, men viss vi samanliknar med same runde i fjor, er det ei auke på 8 søknadar.

Auking i strategiske partnarskap

Vi har aldri motteke så mange søknadar til strategiske partnarskap. 14 søknadar i ein runde er ny rekord. Denne utviklinga har fleire av våre kollegaer i Europa også rapportert om.

Nyttig informasjon

  • Søkarane får svar på søknaden innan slutten av juni.
  • Merk i kalenderen allereie no at neste søknadsfrist er 1. oktober 2020.

Søknadane fordeler seg slik

  • Gruppeutveksling: 28
  • Opplæring for ungdomsarbeidarar:12
  • Gruppeutveksling og opplæring for ungdomsarbeidarar i same søknad: 1
  • Strategiske partnarskap: 14
  • Ungdomspolitiske møte: 5