Aktuelt 28. nov 2019

12,3 millionar i støtte til prosjekt for ungdommar og ungdomsarbeidarar

Siste søknadsrunde i 2019 er ferdig og det er no klart kven som får støtte frå EU-programmet Erasmus+: Aktiv Ungdom. Vi fekk inn 66 søknadar frå 53 organisasjonar, og av desse er 26 prosjekt (omlag 40 prosent) innvilga.

Sjå heile lista over innvilga prosjekt her. 

Det vert delt ut til saman 12,3 millionar kroner til søkjarar frå 12 fylke. Akershus, Troms og Hordaland får mest pengar i støtte. Flest søknadar vart innvilga i Vestfold, Oslo og Akershus (4 prosjekt frå kvart fylke).

Tema for dei innvilga prosjekta er mellom anna digitalt ungdomsarbeid, mangfald, ungdomsdeltaking, inkludering, entreprenørskap, framandfrykt, hatefulle ytringar, klima og psykisk helse.

Døme på prosjekt som har fått støtte

  • Creative Connections i Sogn og Fjordane har fått ca. 626 000 kroner til «Rehearsals for Life». 28 ungdomsarbeidarar skal få 2 kurs i korleis dei kan bruka forumteater  i ungdomsarbeidet. Som del av opplæringa skal deltakarane også førebu og gjennomføre framsyningar i lokalsamfunna sine.
  • Norsk forening for Williams syndrom har fått ca. 530.000 kroner til ei gruppeutveksling for 56 ungdomar frå 13 land. Alle ungdommane som deltek i prosjektet har Williams syndrom, ein medfødd og sjeldan tilstand. I løpet av utvekslinga skal dei verte kjend med kvarandre, køyre hundespann, lære å lage film og ikkje minst dele erfaringar om korleis det er å leve med Williams syndrom.
  • Senter for arbeidslivsforberedelse frå Hordaland har fått i overkant av 1, 2 millionar kroner til eit strategisk partnarskap. Dei skal lage ein «verktøykasse» som skal innehalde videomateriale, brettspel og rollespel. Desse verktøya skal vera tilgjengelege  for alle ungdomsarbeidarar, og bidra til meir kompetanse om korleis dei kan gjere ungdomar betre rusta til å møte arbeidslivet.
  • Vestfold fylkeskommune har fått ca 250.000 kr til eit ungdomspolitisk møte. Dei ynskjer å utvikle ein ny struktur for medverking i den nye regionen (Vestfold og Telemark) for å sikre reell medverking og sørge for at ungdommane vert høyrt både på lokalt og regionalt nivå.

Tal for dei ulike støtteordningane

  • Gruppeutveksling: Av 36 søknader blei 13 innvilga (36%)
  • Opplæring for ungdomsarbeidarar: Av 14 søknader blei 6 innvilga (43%)
  • Strategiske partnarskap: Av 9 søknader blei 3 innvilga (33%)
  • Ungdomspolitisk møte: Av 7 søknader blei 4 innvilga (57 %)

Grovt rekna gjekk 5 millionar kroner til gruppeutvekslingar og 2 millionar til opplæring for ungdomsarbeidarar. 4 millionar gjekk til tre strategiske partnarskap og i underkant av ein million kroner gjekk til ungdomspolitiske møter, den minste støtteordninga i Erasmus+: Aktiv Ungdom.

I gjennomsnitt har gruppeutvekslingar fått tildelt 400.000 kroner kvar og opplæring for ungdomsarbeidarar har fått 340.000 kroner kvar. Dei strategiske partnarskapa får i gjennomsnitt 1,39 millionar kroner kvar.

Flest søknadar frå Oslo, Buskerud og Akershus  

55 organisasjonar frå 13 av 18 fylke sende inn søknadar. Det kom flest søknadar frå Oslo (19), Buskerud (9) og Akershus (7). Det kom ingen søknader frå Agder-fylka, Østfold, Finnmark og Telemark i denne runden.

Innvilga prosjekt per fylke:

  • Akershus: 4
  • Buskerud: 2
  • Hedmark: 2
  • Hordaland: 2
  • Nordland: 2
  • Oppland: 1
  • Oslo: 4
  • Rogaland: 1
  • Sogn og Fjordane: 2
  • Troms: 1
  • Trøndelag: 1
  • Vestfold: 4

Innvilga midlar per fylke

Her er hele lista sortert frå mest i støtte til minst.

  • Akershus: € 176.000
  • Troms: € 152.705
  • Hordaland: € 152.484
  • Oslo: € 141.841
  • Rogaland: € 136.152
  • Vestfold: € 121.625
  • Sogn og Fjordane 97.740
  • Buskerud: € 78.480
  • Nordland: € 60.850
  • Hedmark: € 49.431
  • Oppland: € 27.844
  • Trøndelag: € 24.160

Neste søknadsfrist er 5. februar 2020 klokka 12 (på dagtid). Ta kontakt med oss dersom du har ein prosjektidé du ynskjer å få tilbakemelding på, eller treng rettleiing.