Aktuelt 02. okt 2020

Takk for alle søknadane som kom inn i runde tre

Vi fekk inn 46 søknadar frå 35 organisasjonar i runde tre i 2020. Søknadane kjem frå 9 av 11 fylke. Flest søknader kom frå Viken og Oslo. Vi fekk ingen søknadar får det nordlegaste fylket eller frå Rogaland. Søkarane får svar på søknaden innan slutten av november.

Fleire søknadar enn i fjor

I fjor på same tidspunkt fekk vi 66 søknader, så det er ei reduksjon samanlikna med same runde i år. Men dersom ein slår saman søknadane for alle rundane er det ein oppgang frå i fjor. Det er vi godt nøgde med, særleg i desse koronatider.

Søknadane fordeler seg slik

  • Gruppeutveksling: 28
  • Opplæring for ungdomsarbeidarar: 5
  • Gruppeutveksling og opplæring for ungdomsarbeidarar i same søknad: 4
  • Strategiske partnarskap: 8
  • Ungdomspolitiske møte: 1

Fordeling på fylke

  • Viken: 14
  • Oslo: 11
  • Vestfold og Telemark: 5
  • Trøndelag: 4
  • Møre og Romsdal: 3
  • Vestland: 3
  • Innlandet: 3
  • Agder: 1
  • Nordland: 1
  • Rogaland: 0
  • Troms og Finnmark: 0

Neste søknadsfrist

Neste søknadsfrist er den ekstraordinære utlysinga for kreative strategiske partnarskap. Fristen for denne er 29. oktober.

Dette var den siste ordinære søknadsrunden i denne programperioden av Erasmus+ (2014-2020). Vi lanserer ein ny programperiode på nyåret. Vi veit framleis ikkje dato for første søknadsfrist i 2021.