Aktuelt 25. mai 2021

Takk for alle søknadane som har kome inn i runde ein

Fem ungdommer som ligger på gresset, tatt fra høy vinkel

 

I den første søknadsrunden i 2021 har vi fått inn 49 søknadar frå 34 organisasjonar. Det er fleire enn i førre runde (hausten 2020), men færre enn same runde i fjor (våren 2020). Dette er venta, ettersom første runde i fjor var før koronapandemien slo innover oss for fullt. Søknadane kjem frå ni ulike fylke.

Søknadane fordeler seg slik:

  • Gruppeutveksling: 20 stk
  • Opplæring for ungdomsarbeidarar: 10 stk
  • Ungdomsstyrte prosjekt: 4 stk
  • Store samarbeidsprosjekt: 12 stk
  • Små samarbeidsprosjekt: 3 stk

Fordeling på fylke:

  • Viken: 14 stk
  • Oslo: 10 stk
  • Vestland: 6 stk
  • Rogaland: 5 stk
  • Nordland: 3 stk
  • Vestfold og Telemark: 3 stk
  • Møre og Romsdal: 3 stk
  • Innlandet: 3 stk
  • Trøndelag: 2 stk

Nyttig info

  • Søkarane får svar på søknaden i midten av juli – også dei som har oppstart allereie i august.
  • Vil du søke i neste runde? Merk i kalendaren allereie no at neste søknadsfrist er 5. oktober 2021 for gruppeutveksling, opplæring for ungdomsarbeidarar og ungdomsstyrte prosjekt, og 3. november 2021 for små og store samarbeidsprosjekt.

Takk til alle som har søkt, og ein ekstra takk for tolmodet til dei som hadde problem med søknadsportalen i år. Vi gler oss til å sjå alle dei gode ideane!