På grunn av Brexit kjem ikkje Storbritannia til å delta i den nye Erasmus+-programperioden, som byrjar i år og som varer ut 2027. Dette gjeld også Det europeiske solidaritetskorpset.
Prosjekt som vart godkjende i perioden 2014 til 2020 er ikkje påverka av dette, og kan gjennomførast som planlagt. Det betyr at ungdommar og ungdomsarbeidarar frå Noreg kan delta på prosjekt i Storbritannia, og omvendt.
Deltek du i eit prosjekt i lag med partnar frå Storbritannia? Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.