Aktuelt 24. sep 2021

Rekordhøgt beløp i støtte til ungdomsprosjekt

EU-programmet Erasmus+: Aktiv Ungdom gir i haust ut omtrent 18 millionar kroner til prosjekt for ungdom og ungdomsarbeidarar. Dette er ein rekordhøg sum til fordeling på ein søknadsrunde.

Den fullstendige lista over dei som får støtte etter årets første søknadsrunde er endeleg klar. Vi fekk inn 55 søknadar frå 36 ulike organisasjonar, og av desse er 22 prosjekt (40%) innvilga. Dette var den første ordinære søknadsrunden i denne programperioden av Erasmus+-programmet (som varar frå 2021 til 2027), og den rekordstore løyvinga har samanheng med at vi no har fått ein kraftig auke i budsjettet vårt for dei neste sju åra.

 

Sjå heile lista over innvilga prosjekt her.


Denne runden deler vi altså ut litt over 18 millionar kroner til søkarar frå 9 fylke. Nordland og Oslo er dei fylka som stikk av med dei største summane på rett i underkant av 4 millionar kroner kvar. Etter dei kjem Trøndelag fylke med omtrent 3,2 millionar kroner. Alle tal i kroner er omtrentlege. Støtta blir utbetalt i euro, og eksakt eurobeløp blir fastsett i kontrakten med støttemottakar.

Døme på prosjekt som har fått støtte

  • Organisasjonen Medvirkningsagentene får litt over 480 000 kronar til prosjektet «Youth work post covid 19», der dei saman med samarbeidsorganisasjonar frå Latvia, Litauen, Estland og Polen skal arrangere kurs for ungdomsarbeidarar. Målet er å identifisere kva for påverknad koronapandemien har hatt på ungdomsarbeid, kva for styrkar og svakheiter dei ulike verktøya ein har hatt for ungdomsarbeid under pandemien har, og kva for ny kunnskap og kompetanse dei som jobbar med ungdom no kjem til å trenge. Eit viktig fokusområde er mellom anna kva for potensial som ligg i digitalt ungdomsarbeid. Tilskotet kjem gjennom støtteordninga «opplæring for ungdomsarbeidarar».
  • Dei fire Nordlandskommunane Vefsn, Brønnøy, Rana og Hemnes har gått saman med ein svensk kommune, ein serbisk kommune og ein serbisk ungdomsorganisasjon for å forbetre digital dialog og ungdomsmedverknad. Gjennom prosjektet skal dei utvikle appar som gjer kommunale teneste lettare tilgjengeleg for ungdommar og kommunale teneste å kome i kontakt med kvarandre. Partane i prosjektet jobbar med ungdom i distrikta, og appen skal utviklast på bakgrunn av reelle behov for ungdom i dei respektive lokalmiljøa deira. Prosjektet får omtrent 3,16 millionar kroner i støtte. Tilskotet kjem gjennom støtteordninga «store samarbeidsprosjekt».
  • Stiftinga Narviksenteret har fått omtrent 600 000 kroner i støtte til å utvikle spel og læringsverktøy som tar i bruk ikkje-formelle læringsmetoder for å auke medvit og kunnskap om FNs berekraftsmål. Verktøya skal brukast av ungdomsarbeidarar i arbeid med ungdom frå 15 år og oppover. Målet er å inspirere unge menneske til å involvere sine lokalmiljø i arbeidet med å nå berekraftsmåla.

Sistnemnde prosjekt er eit døme på eit prosjekt som har fått støtte gjennom den nye støtteordninga «Små samarbeidsprosjekt». Den liknar på «Store samarbeidsprosjekt», men er langt meir lågterskel. Organisasjonar som søker, treng ikkje meir enn ein samarbeidspartner, prosjektperioden kan vare mellom 6 og 24 månadar og ein søker om eit eingangsbeløp på enten 30.000 eller 60.000 euro. Søknadsprosessen er enklare enn for større samarbeidsprosjekt, og ordninga passar godt for mindre grasrotorganisasjonar og nykommarar i Erasmus+-programmet.

Tal for dei ulike støtteordningane

  • Gruppeutveksling: av 23 søknader vart 9 innvilga (39%)
  • Opplæring for ungdomsarbeidarar: av 10 søknader vart 2 innvilga (20%)
  • Ungdomsstyrte prosjekt: av 4 søknader vart 2 innvilga (50%)
  • Små samarbeidsprosjekt: av 5 søknadar vart 3 innvilga (60%)
  • Store samarbeidsprosjekt: av 13 søknadar vart 6 innvilga (46%)

Grovt rekna gjekk 3,1 millionar kroner til gruppeutvekslingar, 700 000 kroner til opplæring for ungdomsarbeidarar og 224 000 kroner til den minste støtteordninga ungdomsstyrte prosjekt. Dei tre små samarbeidsprosjekta fekk til saman omtrent 1,8 millionar kroner og dei store samarbeidsprosjekta fekk til saman omtrent 12,3 millionar kroner.

 

Flest søknadar frå Oslo og Viken

36 organisasjonar frå 10 av 11 fylke sendte inn søknadar. Det kom flest søknadar frå Viken  (14) og Oslo (13). Flest søknadar vart innvilga i Viken.

Troms og Finnmark er det einaste fylket det ikkje kom søknadar frå denne runden. Etter tildelinga står Innlandet og Troms og Finnmark utan tildelte midlar denne runda.

Innvilga søknadar per fylke:

  • Viken: 6
  • Oslo: 4
  • Vestland: 3
  • Nordland: 3
  • Trøndelag: 2
  • Møre og Romsdal: 1
  • Vestfold og Telemark: 1
  • Rogaland: 1
  • Agder: 1

Innvilga midlar per fylke:

  • Nordland: 3,98 millionar kroner
  • Oslo: 3,97 millionar kroner
  • Trøndelag: 3,2 millionar kroner
  • Viken: 2,58 millionar kroner
  • Rogaland: 1,71 millionar kroner
  • Vestland: 1,27 millionar kroner
  • Vestfold og Telemark: 486 000 kroner
  • Agder: 604 000 kroner
  • Møre og Romsdal: 233 000 kroner
  • Innlandet: 0
  • Troms og Finnmark: 0

 

Bilde med tekst oppå. Såvidt synlig i bakgrunnen ser vi en ung jente som ser på et kompass. Over bildet ligger teksten "Geografisk fordeling" og et omriss av et Norgeskart med røde sirkler 9 steder på kartet. På hver side av kartet står det tall for hvor mye støtte hvert fylke fikk i euro. Følgende tall står på bildet: Nordland, 395337 euro, Møre og Romsdal, 23160 euro, Vestland, 126 968 euro, Rogaland, 317 985 euro, Agder, 60 000 euro, Vestfold og Telemark, 48320 euro, Oslo, 394867 euro, Viken, 256733 euro, Trøndelag, 317985 euro.

Fylkesvis fordeling av midlane delt ut i denne søknadsrunden.

 

Dette var altså resultatet frå den første ordinære søknadsrunden i 2021. Søknadsfristen gjekk ut allereie i mai, og grunnen til at den endelege lista av støttemottakarar ikkje er klar før no, er teknisk trøbbel med søknadshandsamingsverkøyet til EU-kommisjonen. Verktøyet er heilt nytt frå i år av, og skal gjere søknadsprosessen lettare for både oss og søkarane. No som alle dei tekniske utfordringane er fiksa, reknar vi med at neste søknadsrunde går langt raskare.

I den første søknadsrunden i 2020 (som gjekk ut før pandemien slo over oss for fullt) fekk vi inn 85 søknadar. Denne runden har vi altså fått inn færre søknadar enn vanleg, noko som ikkje er spesielt overraskande med tanke på kor vanskeleg det har vore å planlegge noko som helst det siste halvanna året. Likevel er vi glade for å sjå kor mange som er klare til å setje i gang internasjonale samarbeid no som vi forhåpentleg ser slutten av pandemien. Vi er også glade for at vi fekk inn såpass mange gode søknadar, og at vi kan skilte med den største løyvinga til norske ungdomsarbeidarar og ungdommar på ein enkelt søknadsrunde nokosinne.

Og til deg som skal søke ved neste runde: vi har berre brukt opp 40% av prosjektmidlane våre, så det er mykje igjen til fleire gode prosjekt ved årets andre og siste søknadsrunde.

Neste frist er allereie 5. oktober 2021 for støtteordningane Gruppeutveksling, Opplæring for ungdomsarbeidarar og Ungdomsstyrte prosjekt.

Fristen er 3. november 2021 for Små og store samarbeidsprosjekt.

Skal du søke? Ta kontakt med oss dersom du har ein prosjektidé du ønsker å få tilbakemelding på, eller treng rettleiing.