Aktuelt 18. feb 2019

Takk for alle søknadane som har kome inn i runde ein

Vi har fått inn 62 søknadar frå 43 organisasjonar i runde ein i 2019. Søknadane kjem frå 16 av 18 fylke. Søkarane får svar på søknaden i midten av april.

Merk i kalenderen allereie no at neste søknadsfrist er 30. april 2019.

Søknadane fordeler seg slik

  • Gruppeutveksling: 35
  • Opplæring for ungdomsarbeidarar: 15
  • Gruppeutveksling og opplæring for ungdomsarbeidarar i same prosjekt: 1
  • Strategiske partnarskap: 5
  • Ungdomsinitiativ: 1
  • Ungdomspolitiske møte: 5