Ungdomsdialogen er ein serie dialogaktivitetar for unge og avgjerdstakarar, og han blir gjennomført innanfor ramma av ungdomsstrategien til EU (2019–2027) (ekstern lenkje).
Dialogen skal sikre at synspunkta og behova til unge menneske og ungdomsorganisasjonar blir høyrde i utforminga av ungdomspolitikken til EU.
Ungdomsstrategien har som mål å gjere EU relevant for unge menneske, engasjere dei og styrkje dei. Strategien oppfordrar EU-land til å samarbeide om alle spørsmål som gjeld unge menneske. Dialogen med avgjerdstakarar og andre dialogaktivitetar skjer i arbeidssyklusar på eitt og eit halvt år. Kvar syklus fokuserer på eit eige tema. Det er Rådet (EU-ministrar for unge menneske) som avgjer kva tema syklusen skal ha.
Ungdomsdialogen er retta mot alle unge menneske, også dei med færre moglegheiter og dei som ikkje er aktive og engasjerte her og no. I kvart EU-land er prosessen organisert av nasjonale arbeidsgrupper (ekstern lenkje) som er ansvarlege for å gjennomføre konsultasjonar og aktivitetar med unge menneske, ungdomsorganisasjonar og avgjerdstakarar.
Noreg tar ikkje del i ungdomsdialogen, men gjennom prosjekttypen Ungdomspolitiske møte i Erasmus+: Aktiv Ungdom kan norske organisasjonar også vere med på utforminga av politikken.
Les meir om ungdomsdialogen og korleis denne medverknadsordninga fungerer, på Den europeiske ungdomsportalen (ekstern lenkje).
Vil du engasjere deg på andre måtar? På nettsidene til Eurodesk (ekstern lenkje) finn du eit vell av moglegheiter til å ta del i prosjekt, konferansar, kurs, konkurransar og andre arrangement retta mot ungdom i Europa.