Erasmus+

Eurodesk er ein del av Erasmus+, som er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Programmet er delt inn i ei rekkje støtteordningar på dei ulike felta og rettar seg mot ulike målgrupper.

  • 1. Erasmus+: Aktiv Ungdom – prosjekt av og for ungdom og dei som jobbar med ungdom

    Ungdomsdelen av Erasmus+ støttar prosjekt med ungdom (13–30 år) og dei som jobbar med ungdom. I 2020 er det om lag 32 millionar kroner til fordeling til prosjekt på ungdomsfeltet i Noreg.

    Frivillige organisasjonar, foreiningar, stiftingar, kommunar, fylkeskommunar, uformelle ungdomsgrupper og sosialt ansvarlege verksemder er blant dei som kan søkje om støtte frå Erasmus+: Aktiv Ungdom.

    Ønskjer du å få midlar til ei internasjonal utveksling eller eit debattmøte med ungdom og ekspertar eller avgjerdstakarar, bør du sjå nærare på dette. Jobbar du med ungdom, har du her også høve til å søkje om støtte til å dra på kurs eller å arrangere eigne opplæringsaktivitetar.

    Les om alle støtteordningane på nettsidene til Erasmus+: Aktiv Ungdom.

  • 2. Erasmus+ på utdanningsfeltet

    Det finst ei rekkje støtteordningar i Erasmus+ for barnehage, grunnutdanninga, høgare utdanning og vaksenopplæring.

    Mest kjend er ordninga med studentmobilitet – Erasmus – som har gitt namn til heile programmet.

    DIKU har ansvaret for utdanning og opplæring i Erasmus+.

  • 3. Erasmus+ på idrettsfeltet

    Skal du søkje om støtte innanfor idrettsdelen i Erasmus+, kjem det årlege, tematiske utlysingar. Søknaden sender du til Generaldirektoratet for utdanning og kultur i EU-kommisjonen.

    DIKU har rettleiingsansvar for desse aktivitetane i Noreg, men søknadene blir altså behandla sentralt, i Brussel.