Eurodesk i Europa
- Kan eg halde fram med å ta fiolintimar mens eg skal studere medisin i Polen?
- Kan sambuaren min vere med og i tillegg drive med frivillig arbeid eller få seg ein jobb der?
- Eg vil gjerne vere trainee i eit europeisk land, men kvar finn eg tilbod?
- Kor mykje må eg rekne med å betale for ein hybel i Budapest?
- Finst det internasjonale program eg kan vere med i, der eg kan møte ungdommar som er interesserte i det same som meg?
Eurodesk kan gi deg svaret på mykje! Veit me det ikkje sjølve, formidlar me vidare til kollegaer i andre land, eller til samarbeidspartnarane våre i Noreg! Du kan også kontakte ein lokal Eurodesk-partnar direkte.