Slik søker du om å delta på kurs

Har du som ungdomsarbeidar eit behov for å auka kompetansen din, enten innanfor eit spesifikt tema eller om moglegheitene som fins i Erasmus+? Eller ønsker du å møte potensielle partnarar til framtidige samarbeidsprosjekt?

Søk om å få delta på ein av våre aktivitetar. Det kan vera kurs, seminar, studieturar, konferansar og liknande.

  • 1. Finn kurs du vil søke på

    På nettsida vår finn du relevante kurs som du som ungdomsarbeidar frå Noreg kan delta på. Du finn også ei komplett liste i den europeiske kursdatabasen Salto (ekstern link).

  • 2. Lag profil på Salto

    Første gong du søker må du opprette ein søkarprofil på Salto.

  • 3. Send inn søknad

    Etter at du har oppretta søkarprofilen, kan du fylle inn søknadsskjemaet. Personlege opplysingar er allereie fylt ut.

    Svar på spørsmåla i skjemaet. Denne informasjonen vert brukt når vi vel ut deltakarar og vert også sendt til kursleiarane slik at dei veit litt om bakgrunnen til deltakarane.

Lurt å vite:

  • Dei fleste kursa er for dei som jobbar med ungdom som tilsette ungdomsarbeidarar eller frivillige leiarar i ungdomsorganisasjonar og liknande. Det er som oftast 18 års aldersgrense, men nokre av kursa er også opne for å kunne reisa i lag med ungdom. Meir informasjon om målgruppe finn du i kvar einskild kursutlysing.

  • Deltakarane må kunne bruke engelsk som arbeidsspråk og delta aktivt på heile kurset.

  • Dei som får plass på kursa får dekka reise-, opphalds- og kursutgifter mot ein eigendel på 500 kr. Deltakaren må sjølv bestille og betale for reisa og får utlegga sine refundert etter kurset.

  • Det er i prinsippet ikkje noko i vegen for at fleire frå den same organisasjonen kan søke på same kurs. Det er ofte fleire søkarar enn kursplassar, og vi vil sjeldan prioritere to frå den same organisasjonen dersom det er mange søkarar. Dersom ein organisasjon ønsker å sende fleire deltakarar, kan dei gjerne skrive kven av søkarane dei ønsker skal prioriterast dersom ikkje alle får plass.

Har du spørsmål eller trenger hjelp?

Gry

Gry Nesse

Gry er kontaktperson for opplæring for ungdomsarbeidere. Hun kan hjelpe deg med å komme i gang med søknaden og veilede deg underveis. Gry er også personen å kontakte hvis du vil delta på kurs!