Aktuelt 18. mai 2021

Vi treng tilbakemeldinga di

Har du motteke støtte frå Erasmus+ til eit ungdomsprosjekt? La oss høyre kor fornøgd du var med finansieringa.

Vi vil veldig gjerne ha tilbakemeldingar frå støttemottakarar på kor godt tilskotsnivået har passa for prosjektet dykkar. Dekka støtten frå Erasmus+ det meste av utgifter de hadde, eller måtte de finansiere mykje sjølv? Passa nivået på reisestøtta? Er det nok til å dekke reise i Norge?

Vi ber alle tidlegare støttemottakarar om å fylle ut denne spørjeundersøkinga frå EU-kommisjonen (ekstern lenke) innan 28. mai.

Undersøkinga tar ikkje meir enn 14 minutt å fylle ut.

Tusen takk for hjelpa!